Intensiv artsjakt i Rogaland-syden

Eg har lenge hatt eit ønske om å besøke Stavanger, gjerne i fiskesamanheng. Faktisk har eg berre vore i Rogaland ein gong før (utanom mellomlandingar på Sola), og dette var i mine glansdagar som fiskarlærling då vi leverte sild(?) i Egersund. Eg huskar eg såg ei stor rotte der, men elles lite. Det var med andre ord på høg tid å lage nye Rogalandsminner, og det passa difor bra at den nye fylkesmannen i Rogaland, Irvin Kilde, inviterte til skreddarsydd artsturnè inkl. kost og losji. Eg og Kilde den yngre (Adrian), takka ja til tilbodet, og det var rett og slett berre å sende inn ei artsønskeliste, og i retur fekk vi full framdriftsplan med kart, klokkeslett og aktuelle artar, med pauser på 3-4 timar skvisa inn ein gong i døgnet. På tapeten sto det både mikromeite, bryggemeite, vading med tungevindu og piggvarsatsing på stranda.


Eg skal forsøke å presantere heile opphaldet kronologisk, men skjølv med ei hendig loggbok som referanse til fangstar og liknande, skal eg ikkje utelukke at eg stokkar om på døgna.

  • OBS: Det bør også nevnast at Adrian på dag 2 klarte å klomse på sjø fotografiapparaturet, og at vi difor manglar bilete på ein del av fangstane. Som ein kompensasjon for dette, har eg bytta ut desse forsvunne bileta med bilete frå mi glade ungdomstid på Bø, heime på Sunnmøre. Håpar dette til ein viss grad kompanserar bilete av fisk, og at dykk, kjære lesarar, tilgir oss. Om dykk er i tvil på kva for nokre bilete det er snakk om, så er det altså i hovudsak dei utan fisk.

For framtida vil eg forresten føreslå at vi i NKML innfører ein fangstfotografiparagraf, som kan lyde omtrent slik:

I de tilfeller hvor fangstmann står ovenfor en fangst som er av en slik natur at den oppfyller ett eller flere av de under listede krav, oppfordres det til å fotografere fangsten med minimum to eller flere separate enheter. Slike tilfeller kan være, (men er ikke begrenset til): 
i. Personlig rekord for fangstmann.
ii. Ny art for fangstmann.
iii. Klubbrekord i NKML.
iv. Poengfisk eller potensiell poengfisk i NM i Sportsfiske.
v. Potensiell norgesrekord i hht. Villmarkslivs reglement.
vi. Potensiell verdensrekord i hht. IGFAs reglement.
vii. Om fangstmann er i tvil om det kan være snakk om makrellgjedde.
viii. Om fangst er av såkalt rapportverdig størrelse eller karakter, som gjør at et bilde av fangsten vil vie blogg og evt. fisker positiv oppmerksomhet og/eller omtale.

Nok kvasijuridisk babbel, over på rapport:

Dag 1 – 28.04.14

Eg passa på å ta flybussen i god nok tid til å ta ei overprisa øl på flyplassen. Ikkje det at eg er spesielt glad i dei høge prisane, men den høyrer liksom med. Eg merkar at om eg finn meg sjølv i ein situasjon der eg ikkje skal køyre bil i overskueleg framtid, har eg ein tendens til å drikke nettopp øl omtrent kontinuerleg, noko som kanskje kjem best til syne i syden. Og det var jo nettopp dit eg skulle, til syden. Og eg var for anledninga kledd i shorts og t-skjorte.
Etter endå ei pils på flyet, landa eg trygt på Sola, og vart umiddelbart shanghaia inn i ein velkjent Toyota stasjonsvogn med stram lukt. Her var det ikkje snakk om ein svipptur i leiligheita for å droppe av bagasje, ete, kvile eller planlegge. Her var alt allereie planlagt ned til den minste detalj, og det bar rett av stad til fyrste stopp, der det skulle fiskast kloskate. Dette var same plassen der Irvo, JOFL og BJØFL hadde kikkfiska “kloskater som danset inne på 3 meters dyp”, så sjansane burde så absolutt være til stade.

Det fyrste Irvin gjorde, var sjølvsagt å få ei kloskate. Han var sjølvsagt den einaste av oss som hadde kloskate frå før, og dermed den med minst “bruk” for den.

Kloskate, 560 gram. (Foto: Irvin Kilde)

Vidare, flekka Adrian opp ei gapeflyndre, som også var ein art eg manglar (men ikkje han), og eg kjende at eg byrja bli smått rastlaus.

Adrian med gapeflyndre. Ein kan òg skimte ræva mi i bakgrunnen. (Foto: Irvin Kilde)

Inne på grunna observerte vi ein stim uinteresserte (og alt for små) krystallkutling (eller glasskutling, who knows), og Adrian rakk å irritere seg over ein trassig tangstikling. Nokre svartkutlingar og dvergulker av beskjeden størrelse kom opp, men Irvin tok dagens beste mikrofisk med ein specimen-sandkutling, som også var ny klubbrekord. Den vart pakka med i den vesle agnboksa med mark, strandreker og andre “hemmelige våpen”, men om han fekk bruk for den, veit eg ikkje.

Sandkutling, 6,43 gram. (Foto: Adrian Kilde)

Det var mykje småskrubber inne på grunna, og sidan dette var ein art eg mangla oppført vekt og bilete av, tenkte eg at dette var ei god anledning til å få ein pers ned på papiret. Dette gjekk rimelig greitt, sidan skrubbene jaga pelagisk og hoppa i overflata. Fyrste fisken var på berre 150 gram, men det var deilig å endeleg ha vekt og bilete på denne arten.

Endelg pers på skrubbe, 150 gram og 21,5cm. (Foto: Sindre Bøe)
Kort etter persa eg på nytt, med denne fisken på 420 gram og 31cm. (Foto: Sindre Bøe)

Irvin tok seg ei runde med vindu og vadebukser, og spotta eit drøss med skrubber og ei gapeflyndre, men når mørket for alvor seig inn over oss, var det på tide å flytte seg til nye territorium. Irvin, som er nyfrelst vindusfiskar, hadde ein ny plass som måtte testast ut. Vi køyrde langt om litt, og bortanfor blåne, og steig ut i ei slags mudderfjære og vada oss utover. Dette var fyrste gongen eg prøvde eit slikt vindu, eller vading for den del. Vadebuksene var i størrelse hulebjørn, og hadde sikkert romma ein mann på godt over tre meter, men det gjekk no på eit vis. Lenge før eg i det heile tatt hadde sett snurten av fisk, høyrde eg det plaska i rutene til Irvin og Adrian lenger ute.

Irvin med go-spette 1490 gram. (Foto: Irvin Kilde)
Adrian med fin raudspette på 870 gram. (Foto: Irvin Kilde)

Skjølv såg eg til slutt ei spette som ved fyrste anslag kunne sjå ut som ca. 1 meter lang og 28kg. Sjølvsagt var det vinduet, mangelen på søvn og vinkelen på vatnet som narra meg. Når den endeleg tok, og vart vippa opp i ruta, såg eg likevel at det var ein grei fisk. Det er lenge mellom kvar gong eg ser slike spetter, så augemålet er ikkje på topp, og eg trudde ei stund min gamle pers på 1700 gram kunne ryke. Men fisken vog “berre” 1150 gram, og før eg fekk tenkt meg meir om, vippa eg den ut att. Det slo meg fyrst seinare at dette var poengfisk, og at eit bilete kanskje hadde vore ein idè.

Fin raudspette på 1150 gram. (Foto: Sindre Bøe)

Det vart vidare spotta ein del skrubber, mindre spetter, småtorsk og ein steinbit, men ingen tunger eller andre ekstraordinære observasjonar. Irvin trudde han hadde spotta ein ny skrubbepers til meg, men det viste seg å være ei raudspette. Når vi endelg gav oss ein gong ut på natta, vart vi køyrde til Casa Kilde for å sove nokre timar. Dette hugsar eg omtrent ingenting av, men det gjer vel heller ikkje så mykje.

Dag 2 – 29.04.14

Etterkvart som dag to sendte sine solstrålar gjennom persiennene (eller var det lamellar? Eller gardiner?), fekk vi servert frukostblanding før vi vart køyrt og dumpa på ei småbåthavn i Lysefjorden der det i følgje mytene skal finnast nordlig knurrulke. Irvin stakk av på ein slags feltjobb der han skulle finne elvemusling. Vading på jobb òg, med andre ord. Sjølv om både eg og Adrian hadde ute 3 til 4 stenger kvar, med 3 til 5 krok pr. stong, fekk vi berre bifangst. Blant bifangsten var det veldig mykje fløyfisk, og det vart vel ulkepers på både meg og Adrian med hhv. 210 og 250 gram.
Ny ulkepers på meg, 210 gram og 25cm. (Foto: Ukjent)
Adrian med ulkepers på 250 gram. (Foto: Ukjent)
Etter litt graving i nokre blåskjellklaser fann eg to børstemark, som skulle vise seg å gi ny art på fyrste nedslepp! Opp kom nemleg ei gapeflyndre, ein ufatteleg stilig flatfisk! Turens fyrste nye art, og art nr. 62 var i boks!
120 gram og 27cm med gapeflyndre! Sjå kor glad eg er! (Foto: Ukjent)
På ei av knurrulketackla var det også lurt seg på ei lita lomre. Ny art for min del det også, og eg var dermed oppe i ein total på 63!
Eg med lomre på berre 150 gram og 25cm, men ny art likefullt. (Foto: Ukjent)
Inn i mellom tre DIGRE sjøpølser (som faktisk var korrekt kroka), fekk òg ein liten steinbit, nokre fleire ulker, og fekk anledning til å fiske på ein hallkilos ball av ein rognkjeks, men denne ville ikkje leike.

To korrekt kroka sjøpølser. (Foto: Vegard Bøe)
Ein søt liten steinbit. (Foto: Ukjent)

Adrian fekk testa tolmodet på ein stim med tangkutlingar, utan at det førte noko godt med seg. Etter at Irvin kom tilbake frå jobb, fiska vi resultatlaust vidare etter NKU, men utan hell. 12 timar var tydelegvis ikkje nok, og etter at Adrian mista kamera på sjøen, gjekk lufta litt ut av heile satsinga. Eg hadde uansett fått to nye artar, og dagen var ein suksess i mi bok. (Eg har faktisk ei lita bok eg noterar i). 

Turen vidare gjekk sjølvsagt til nye vademarker, og vi tok ein kort tur til ei lovande vik, der det skulle være ein sjanse for slettvar. Slettvar fann vi slettes ikkje, men ein liten steinbit, eit par ål, og nokre skrubber vart observert. I tillegg såg vi nærare ein googol sjøaure. Både Irvin og Adrian vippa opp nokre skrubber, men amatøyr-Sindre som lunta etter, fekk ingenting.

Vi hasta vidare til neste vadeområde, som òg var uprøvd, og som vi faktisk brukte ei stund på å finne. Det er dårleg med GPS-dekning ute i bygde-Rogaland, så vi køyrde oss faktisk vill opp til fleire gongar. Til slutt kom vi ned til vatnet i ei lovande vik, dog ikkje på den plassen vi i utgangspunktet skulle finne (trur eg). På kort tid fann vi veldig mykje skrubber, og eg fekk vippa opp ein ny pers, som eigentleg var tangering av persen frå dagen før, men no fekk eg i alle fall eit bilete av stasen. Adrian persa også, med ein hakket penare fisk.

Tangering av pers frå dagen før, med 420 gram. Forøvrig eit supert fotografi. (Foto: Irvin Kilde) 
Adrian med skrubbepers på 670 gram. (Foto: Irvin Kilde)

Vi gjekk lenger og lenger bortover strendene, og spotta fleire skrubber, småulker, sand-, svart-, krystallkutlingar og faktisk to gapeflyndrer. Begge dei sistnevnte var lite interesserte i mat, og seig sakte utover på djupare vatn, før dei forsvann. Eg flekte opp endå ein ny skrubbepers, som eg TRUDDE eg tok bilete av…

Endå ein ny pers på skrubbe, 500 gram (Foto: Ukjent)

På vei attende til bilen fekk vi oss ein god støkk. Adrian heldt på å gå rett på det vi andre to fyrst trudde var tang og stein. Det skulle derimot vise seg å være Gammal-Erik sjølv av ei ulke som låg der, og den var ikkje vanskeleg å be! Og vips, der var ny pers og klubbrekord trygt oppe i tungevindauget!

590 gram med vanleg ulke! Ein edel gris! (Foto: Irvin Kilde)

Med ei slik avslutning for dagen, tappa det dei siste av kreftene våre, og det var så vidt eg klarte å gå på do på ferga på veg heim. Tilbake i kåken vart det ein liten shot med brennevin, før vi kolva i kvar vår køy og sovna vekk.

Dag 3 – 30.04.14

Dag 3 var satt av til fiske av stor lomre på ei sentrumsnær småbåthavn. Mangelen på søvn var etterkvart prekær, og hovudverken var akkurat kraftig nok til å ta merksemda vekk i frå smertene i korsryggen. Som dagen før, svippa Irvin oss på plass, heiv av oss og utstyret, før han pilte vidare på jobb. Vi fekk etterkvart installert oss på det som, om ein skal tru dei lokale, var den mest lovande plassen. Det at det var den mest lovande plassen for stor lomre, er ikkje nødvendigvis einsbetydande med at den samtidig er den minst vindutsatte plassen, og skjølv om det var heilt ok vindforhold når vi kom, tok den seg fort opp.

Adrian opna ballet, med ei fin lomre på 510 gram. Dette ga meg noko tryggheit på at eg kom til å slå persen frå gårsdagen, og dermed få ein ny sjanse til å avbilde arten. Eg skulle få rett, og inn i mellom nokre mindre sandflyndrer dukka det opp ei lomre på godt over den dagsgamle persen.

Lomre, 510 gram. (Foto: Adrian Kilde)

440 gram og 36cm. (Foto: Adrian Kilde)

Eg flekka rimeleg kjapt etter dette opp endå ein pers, som jo er vanleg når ein berre har fått ein handfull av arten.

640 gram, 42cm. (Foto: Adrian Kilde)

Adrian var likevel den som skulle gå sigrande ut av denne økta, og flekka like godt opp ei lomre over kiloet! Etter litt plasking og angst for å få slept den opp på brygga, låg flaket trygt i karet.

Muligens akkurat for stor. (Foto: Adrian Kilde)
1100 gram, 46cm. (Foto: Sindre Bøe)
Klassisk Adrian-pose. (Foto: Sindre Bøe)

Vinden tok seg etterkvart ein god del opp, og når vi berre fekk sandflyndrer var det vanskeleg å halde oppe motivasjonen for ein søvnhungrig, øydelagt skrott med hovudverk og kramper i korsryggen. Akkurat når sjokoladen var oppspist, økte vinden til det som då føltes som polar styrke, og vi byrja å slepe pikkpakket inn mot ein betongvegg som kunne gi litt le for vinden. Der var det etterkvart så komfortabelt, at vi vart sitande å ete, drikke, og “sove” på grov stein. Når vi etterpå flytta oss lenger bort til ein grasflekk, dovna eg vekk som ein full uteliggar i grøfta. Dei forbipasserande såg nok litt rart på meg der eg låg og svima med ein caps foran trynet, men eg lata som eg ikkje såg dei, og sovna til slutt. Eg vakna solbrend og svimmel når Irvin dukka opp i 16-tida, og det bar då tilbake til Casa Kilde for nytt påfyll med pils, søvn og tidenes Irvolini-saltkjøtgryte-grisesuppe-ting.

Etter å ha fordøya måltidet og døyva ryggen med litt øl, kvilte vi vel og lenge før vi tok laust på neste turnè i 23-tida på kvelden. Fyrste stopp var ein kjend plass for raudflekka kutling, men dei få vi såg, var veldig treige og lite lystne på å bli med opp. Ein diger krabbe herja også i det mest lovande området, og vi stakk etter ein liten time, og bestemte oss for å kome attende seinare på natta å prøve igjen.

Neste stopp var ei runde å kike etter hårvar, men denne var heller ikkje å sjå, så vi pilte vidare til neste stopp, som var ålekvabbe. Dette er ein av dei “pisslette” artane som eg mangla, men etter litt kiking, lysing, og fisk som hoppa via handa, brygga og ned att i vatnet, fekk eg endeleg buksert ein av desse sleipe beista opp på graset. Art nr. 64 var eit faktum!

Etter veldig mange forsøk, blei dette det beste biletet. Skrotten vog berre 34 gram, men art er art! (Foto: Irvin Kilde)
Adrian hadde arten frå før, men flekka opp ny pers på 76 gram. (Foto: Irvin Kilde)

Etter at eg hadde sikra den nye arten vi kom for, så bar det rett avstad tilbake til bryggene der vi hadde fiska lomre tidlegare på dagen. No i nattemyrkret skulle vi kike etter rognkjeks og, om vi var heldige, ringbuk.
Nokon ringbuk fann vi aldri, men eg spotta tidleg ein liten rognkjeks. Gleda var stor då den såg ut til å interessere seg for agnet, og sette kurs mot kroken. Gleda vart diverre kortvarig, for den vesle ballen vart teken av straumen når han forlot den trygge tarepalmen sin, og vekk var den.

Eg lot meg ikkje stoppe av dette, og lyste meg kvilelaust vidare bort etter bryggene. Den neste golfballen eg fann, var totalt uinteressert, der eg låg på magen og stønna med nasen utfor kanten. Nokon som ikkje var uinteressert, var to uniformerte karar som sto og lyste på meg. Eg røyste meg, gjekk mot lyset, og høyrer då på klassisk Stavanger-dialekt: “Var det det der som skulle ver eit våpen?“. Det vist seg altså at skjølvaste onkel blå hadde fått telefon om menn som gjekk og snoka med lommelykter i havna, og som bar på det som kunne være våpen. Det måtte jo skje før eller seinare, det er sikkert mykje tullingar som lyser rundt her nattestid etterkvart. Etter ei kort forklaring på at vi fiska etter rognkjeks, at vi dreiv med artsfiske osv. vart dei veldig interesserte. Spesielt det at vi deltok i NM i sportsfiske var veldig stas, og vi vart deretter behandla som andre idrettsheltar. Når Adrian kom med ein rognkjeks på 32 gram, vart dei blide som lerker, og eg kunne til og med vitse litt om hasjvekta vi brukte til å vege den. Alle var samde om at dette var ein gild sportsleg aktivitet, og vi ynskte kvarandre ein fin kveld vidare, før dei tok laust på nye oppdrag.

Adrian med sin art nr. 50, rognkjeks på 32 gram! (Foto: Irvin Kilde)

No var plutseleg golfballane overalt, og vi fann heile 5 stk på ei strekning på 3-4 meter. Med litt prøving og feiling klarte eg til slutt å spore opp ein som var villig til å ta, og vips, der låg den, art nr. 65!

51 gram, 10cm. (Foto: Irvin Kilde)
Ein etterlegta art for min del! (Foto: Irvin Kilde)

Til slutt tok vi turen tilbake til den raudflekka-plassen vi prøvde tidlegare, men dei var like vrange. Etterkvart som natta seig på, og den siste kutlingen stakk til skogs, ga vi opp og drog heim. Ingen raudflekka kutling i denne omgang, men to nye artar og politibesøk på ei og same natt er ikkje kvardagskost for meg, så eg la meg til å sove med eit smil om munnen.

Dag 4 – 01.05.14

Siste dagen vart satt av i si heilheit til piggvarsatsing. Det var i klassisk piggvarområde, og sola steikte heile dagen. Irvin var den einaste som fekk ein piggvar, i tillegg til to SØ, men eg fann eigentleg liten grunn til å klage der eg låg å sola meg. Eg let bileta tale for seg skjølv.

(Foto: Sindre Bøe)
(Foto: Sindre Bøe)
Dagens einaste piggvar, vekta hugsar eg ikkje. (Foto: Irvin Kilde)
Adrian med improvisert solbeskyttelse. (Foto: Irvin Kilde)
Daud SØ. Flugepiskaren nokre meter bortanfor fekk ingenting. (Foto: Irvin Kilde)
(Foto: Sindre Bøe)

I halv fem-tida, pakka vi sysakene, og brødrene Kilde dumpa meg på flyplassen nokre timar tidlegare enn planlagt, slik at dei kunne rekke femtråda tangbrosme-bonanza på motsatt kant av landet same kveld. dette var eigentleg heilt greitt, sidan eg hadde behov for tre timar og summe meg på før avreise. Eg rakk både å pakke om bagasje, skifte kle, ete pizza, og bøtte inn 3 pils. Nett som i syden.

Ein siste skål med meg sjølv før avreise. (Foto: Sindre Bøe)

Med 4 nye hakk i beltet, og eit par nye persar kunne eg lykkeleg og utslitt sette meg på flyet tilbake til Trondheim. For å sette Rogaland i eit endå beire syden-lys, sludda det i Trondheim. Eit kvitt, vått teppe låg svøpt over landskapet, og temperaturen var nærare null på 1. mai.

Stor takk til Irvin og Adrian for selskap, guiding, mat, pils, sofa, fotografering, lån av utstyr, vadebukser, vindu, agn og generelt eit 10+ opplegg! Nordlig knurrulke og raudflekka kutling får eg ta ved ei seinare anledning, for dette blir ikkje siste gongen eg ferierer i Rogaland-syden!

6 Comments

  1. Måtte holde meg fast da jeg så “ein søt liten steinbit”.

    Shut up and take my kudos!

    Like

  2. Eg sprakk på rødspettå.. Dønn likt!

    Like

  3. Haze says:

    Gött med nya arter även om en del såg skumma ut??

    Like

  4. Hahahahaha! Du er en rar mann SIndre, og ting tyder på at du var enda rarere i oppveksten. Knallbra 🙂

    Like

  5. Det steinbitbildet er det ikke lett å slå 😉

    Like

  6. Sindre Bøe says:

    Challenge… considered…

    Like

Comments are closed.