Gjensyn med barte-congen!

Lauva fell til bakken, hauststormane rasar og julekakene er komne i butikken. Vi snakkar sjølvsagt om den tida på året då Bjørn tek med unge aspirantar (eller eldre herremenn) ut å fiske havål. Eg kunne sjølvsagt ikkje takke nei til slikt, og det kunne heller ikkje Sven, tydelegvis.

Dette med artsfiske går jo som tidlegare forklart ut på å fiske flest moglege artar (i Noreg). Nokre av desse artane, som f.eks. sypike, er ikkje akkurat eit sjarmtroll. Ikkje er den sjeldan, og ikkje er den vrien å få has på. Den er korkje kul eller vakker, og ikkje er den stor. Havålen derimot, er ein av dei artane som har alle kvalitetane ein artsfiskar set høgt. Den er ikkje lett å finne, og ikkje lett å få (sjølv om enkelte får det til å verke slik). Den er (i mine (og sikkert fleire) auge) ein råstilig muskelbunt av ein fisk, som er både sterk, stor og mystisk. At folk flest omtalar den som om det skulle være ein mannevond, baby-spisande utyskje frå det underjordiske, gjer det berre endå artigare!
Sjølv om vèrmeldingane tilsa at vi kom til å bli fuktige+, og mest truleg både nedkjølt og nedbrutt i løpet av kvelden, var vi muntre til sinns når vi putra mot conger-land i Toyota’n til moi. Eg hadde funne årets fyrste boks med juleøl på Rimi, og stemninga var stigande. Eg hadde misforstått når Bjørn prata bjørnsk til meg på telefonen, og hadde difor ikkje teke med agn, slik som eg skulle. Eg trudde lenge eg kunne stavangersk, men dette viser seg å ikkje stemme. Etter litt sukk og stønn, vart det likevel lagt i skuffen for “kulturforskjellar”, og heldigvis hadde vi nok agn for kvelden sjølv utan mitt bidrag. Men eg bidrog med havreflarn, det skal eg ha for. Det var ingen som ville ha, men slikt kan ikkje eg vite på førehand.
Vi tuffa utover i nattemyrkret, og ankra opp i umiddelbar nærleik til den heite plassen. (Eg refererar då til det dei engelsktalande kallar “hot spot”, og ikkje til helvete). 
(Foto: Sindre Bøe)
Nedbøren dei siste dagane hadde gjort sitt, og fjorden var brun og guffen, med store mengder lauv og skit som dreiv forbi i ei skremande fart. Vi trudde ei stund at Bjørn hadde lurt oss ut på eit fjellvatn. Eller Nilen.
Kort fortalt låg vi på og rundt den plassen frå klokka var 19 til ho var nesten midnatt, utan å få kontakt med anna enn krabbe. Sidan ingen av oss røykjer tobakk, slo vi ihjel tida med salmesong og historiefortelling. Vi rakk å høyre heile sagaen om Bjørn si utruleg fartsfylte og begivenheitsrike tid i kongens klær (inkl. sandalar og caps), før det omsider var teikn til liv. Etter  litt smatting og napping på agnet, gir Bjørn eit tilslag som ser ut til å oppnå kontakt med rette sorten! Eit sekund eller to seinare vil den ikkje meir, og antiklimakset er til å ta å føle på… 
…i 20 sekund…
For brått blir det plutseleg liknande tendesar hjå meg! Tilslaget sit, og stanga som peikar delvis under båten, står som ein boge! Ein vakker, levande boge! Oppførselen til fisken kan best beskrivast som om det er ein mann i andre enden som dreg i snøret på eit gyngande vis, nett som om ein dykkar driv gjøn med deg. Det er ganske uvant for meg å site med ei havfiskestong i 20-30lb-klassen å fiske på 10-15 meters djup, og det går ikkje meir enn kanskje 20 sekund før fisken ligg i vassflata. 5 sekund seinare ligg den i håven.

HAVÅL – WOHOO!!!
Conger conger! (Foto: Sven Jørund Kolstø)
Når vi no kjem til den delen av rappoorten der eg skal posere med ein havål for fyrste gong, ber eg dei av lesarane som har tilgong til lyd, om å sette på “Dance Little Bird (The Birdie Song)” av The Tweets (Spotify, YouTube). Dette for å nyte dei komande bileta til det fulle. 
Here we go:
Vi startar med eit flott bilete av ålens midtre parti i bevegelse. (Foto: Sven Jørund Kolstø)
Eg går deretter over i det såkalla “shock-grepet”, som er mykje brukt på elektrisk ål. (Foto: Sven Jørund Kolstø)
I eit forsøk på det klassiske “støvsuge”-grepet, går det gale… (Foto: Sven Jørund Kolstø)
…og ålen går nesten over bord. (Foto: Sven Jørund Kolstø)
Eg får omsider has på den, og får dagens fyrste klare bilde med grepet “hageslangen”… (Foto: Sven Jørund Kolstø)
Eg avsluttar med ein sitjande variant av det ikkje ukjende grepet “avsagd hagle”, også kalla “gitaren”.
(Foto: Sven Jørund Kolstø)
5900 gram, og min art nr. 67. No var alt berre fryd og gammen heilt framme i baugen, og dei fem våte og livlause timane var gløymt. Sidan eg skulle køyre, feira eg roleg med Red Bull og havreflarn, og lot Sven fiske med to stenger vidare. Etterkvart som klokka gjekk, snakka Bjørn om at “beste tida” var over, og at all hylinga, blitsinga og dansinga med 1000 lumen på hovudet nok hadde skremt vekk det siste som var der av havål for i kveld. 
Sven sat med ei stong i kvar hand, og planla ein bitter retur neste kveld i det vi (ikkje han) legg merke til at det faktisk nappar i den eine av dei.
“Hæ? Har eg fisk? Kor då?!”
Bang, sit tilslaget, og nøyaktig klokka 01:00 bryt havål nummer to overflata på “Nilen”! Sven har feira ny art sidan før tilslaget, og Bjørn rekk akkurat å sei “Den e stoor!”, før han elegant smett håven under….
*snip!* (krokfestet losnar…)
Sidan stonga står som ein boge, sprett både tackle, krok, agn og bly rett til værs og skyt som ein gummistrikk ned i vatnet på motsatt side av båten. Bjørn blir mållaus… Sven blir mållaus… alt blir stille. Eg tenkjer det verste, og går nesten ut i frå at ålen var over alle haugar…
Men.. den er jo ikkje det? 
Den ligg jo perfekt sammankrølla i håven! Det er fortsatt stille i det som føltes som 29 sekund (men som sikkert var 7), før folk pustar igjen, og jubelen går i ekko mellom fjellsidene! Når Sven no skal posere med havål for fyrste gong, kan du på nytt sette på musikken som er nevnt over.
Sven startar elegant med det klassiske grepet “kvelartaket”. (Foto: Sindre Bøe)
Vidare går han over i ein “opp-ned Heimlich” (Foto: Sindre Bøe)
Han vippar deretter ålen opp eit frekt “judokast”. (Foto: Sindre Bøe)
Men så får ålen på nytt overtaket! (Foto: Sindre Bøe)
Han får til slutt ålen over i ein hypnotisk tilstand ved hjelp av sitt bedøvande blikk. (Foto: Sindre Bøe)
Ålen er no på sitt rolegaste, og Sven benyttar anledninga til å vise den fulle lengda til publikum. (Foto: Sindre Bøe)
…før han endeleg set inn nådestøtet, og blinkskuddet er spikra! (Foto: Sindre Bøe)
Like etter går ålen ut av hypnosa og slår tilbake med ein vill, speilvendt S-manøver.  (Foto: Sindre Bøe)
Sann, no kan du slå av musikken. 
Sven sin ål var større enn min. Den var faktisk ny klubbrekord, med sine 8100 gram! Etter ein elegant release, symde den ei runde rundt båten, før den sprella seg ned i steinura igjen. Vi hadde begge mangla arten før vi drog, og vi hadde begge fått den. Det var nesten for bra til å være sant. Det er ikkje slik det brukar å være. Lett altså. Det vart stille konstatert (i hovudet mitt) at Bjørn var ein mykje beire havål-guide, enn Sven var skolest-guide, og eg trur faktisk at guiden sjølv var godt fornøgd med å være ein god guide. Han kunne også notere nye bevis for sin teori om at folk med navn som startar på bokstaven S får størst uttelling på den plassen. Etter ein time med ekstra bitring på tampen, ga vi oss klokka 02:00, når det var perfekt flod til å drage opp båten. Ikkje måte på kor det skulle klaffe.
Det gjer godt i skrotten å få ein ny art. Eg hadde nesten gløymd av korleis det var. No kan eg endeleg senke skuldrane ei stund framover mot jul, og fokusere på koselege ting som snømåking og julegåvehandel. Når eg kom heim, rota eg meg eit stykke inn i ølskapet og fann fram ei flaske med Mohawk Cuvée Grand Cru, som viste seg å være eit utmerka øl, med ein pondus som var ein havål verdig. Og med den i magen, sluttar dagen. God natt!

2 Comments

  1. Haze says:

    Congeligt! Grattis

    Like

  2. Sindre Bøe says:

    Takk for det! 🙂

    Like

Comments are closed.