Variert bobilturisme i Sør-Aust-Noreg

Vi har vel alle drøymt om å feriere med bobil, og eg er inget unntak. Å fritt reise rundt med huset på ryggen, nett som snigelen, må jo være den desidert beste måten å feriere på? For ein artsjeger som har lyst å ta nokre avstikkarar og alternative ruter for å fiske teit tullefisk, er det ekstra praktisk. No skulle jo dette eigentleg bli ein slik “vanlig” ferie, med dame og grilling og soling, men eg klarte å smyge inn nokre turar likevel.

Den ihuga NKML-blodfan har kanskje merka at det er gjort eit lite hopp i antal artar mellom tredje del av artsturnéen, og den nordlige tangbrosma. Dette kjem rett og slett av at eg har vore så på potta med rapportskrivinga, at eg rett å slett måtte sette bobil-rapporten på vent. Dei som er ekstra flinke i matematikk har då kanskje allereie avslørt at eg fekk tre nye artar på denne turen. Lat oss starte med ein liten intro.

Draumen var oppfylt.

Vi hadde fått låne bobilen til svigers, draumen var endeleg blitt oppfylt, og berre ei knapp veke etter min fyrste artsturné på austlandet, var eg på veg nedover igjen. Fyrste stopp var Oslo, det norske artsfiskets navle, i alle fall i ferskvatn. Eg hadde jo plenty av artar i dei traktene, som eg hadde bomma på på forrige tur, og som kunne være aktuelle. Men uansett kor mykje eg planla og re-planla at eg skulle få tid til å stikke av å fiske litt innimellom alt det andre som sto på programmet, vart det aldri fiska i Oslo. Men eg fekk jo i det minste handla øl og fiskeutstyr på ein dagstur til Sverige.

Når vi tura vidare sørover på jakt etter finare vér, la eg ruta litt inn i landet for å prøve på grundlingen i Numedalslågen. Dette forsøket kan godt oppsummerast med nokre få bilete:

Campingplassen eg skulle finne fram til, var nedlagt. Veldig “The Hills Have Eyes”… (Foto: Sindre Bøe)
Ein forlatt bupæl av det heller tarvelege slaget møtte meg i skogholtet. (Foto: Sindre Bøe)
Stien eg skulle finne fram til viste seg å være ein “sti”. Her sett nedanfrå og opp. (Foto: Sindre Bøe)
Hyttene frå campingplassen var rivne, og kasta ned i “stien”.
“Stien” hadde ein (ned)stigningsvinkel på ca. 60 grader, men var likevel overraskande blaut.
“Stien” var gjengrodd og istrødd antikke bilvrak og knuste båtar. (Foto: Sindre Bøe)
I enden av “stien” låg elva, og der var ikkje ein grundling å sjå, eller få. (Foto: Sindre Bøe)
Eg øydela òg skoa mine.

 

To timar var rota vekk, sjølv om det føltest som berre ein halvtime. For ho som venta i bobilen vart det vel oppfatta som rundt fire timar. Men i motsetning til meg, hadde ho både svenskeøl og potetgull, så det var strengt tatt ingenting å klage på sann sett.
Turen vidare gjekk til Risør, der eg ikkje fiska, men åt fiskesuppe, drakk øl, og sprada rundt i shorts. Dette kan eg anbefale på det sterkaste. Var jo reine syden-stemninga der.
Risyden. (Foto: Sindre Bøe)
Eg fekk likevel handla endå litt meir fiskeutstyr, og fekk att på til eit glimt av Sørlandets store son!
AA er stor i Noreg, men enorm i Aust-Agder. Han er avbilda overalt. (Foto: Sindre Bøe)
Han skulle bli avgjerande for resten av fisket denne turen.
Etter å ha feita oss opp i Risør tok vi turen vidare mot det sydligare sørland, også denne gongen via ein liten avstikkar, nemlig Tvedestrand. Eller, ikkje akkurat i sjølve Tvedestrand, men eit lite tjern litt lenger sørover via E18. Her bor regnlaua. Det er uvisst kven som har klart å sette ut denne arten her i landet, men det er mest truleg sportsfiskarar frå sørover i europa som har brukt dei som (levande) agn. Dei få innbyggarane som bur i nærområdet, har sikkert merka auka i besøkande etter at artsfiske for alvor tok seg opp, og plassen blei kjent for artsfiskemiljøet. For dette er ikkje ein plass du passerer med mindre du skal fiske regnlaue.
Åstaden. (Foto: Sindre Bøe)

Å fiske regnlaue er latterleg enkelt. Bruk ein liten nok krok (i mitt tilfelle tanago smallest), og eit lite nok agn (i mitt tilfelle eit markfragment). Dette frilinast i den få cm. djupe bekken like ved vegen, og vips, voilá…

Art #83 – Regnlaue (Leucaspius delineatus) 1,52 gram og 5,8 cm. (Foto: Sindre Bøe)
Herregud for eit hot skjegg eg hadde. (Foto: Sindre Bøe)
Arten var i boks, og at på til klubbrekord, utan at dette vart feira med bobler og trompetar. Utan vidare dikkedaring køyrde vi vidare mot kveldens destinasjon: Lillesand. Ok, eg skal innrømme det, det var ikkje heeeilt tilfeldig at det vart Lillesand. Eg hadde nemleg vore så heldig å få avtalt ein målretta fjesing. og vartur med lokal kjentmann og guru Asgeir Alvestad. Når ein i tillegg til å drikke øl og ete reker, også kan bruke heile natta på å lyse etter fisk med hovudlykt, ja då er ferien komplett meiner eg.
Turen med Asgeir er i og for seg allereie rapportert om på hans blogg. Eg tek likevel med nokre snasne bilete frå turen, og så får dei som vil, lese resten der. Eg vil spesielt oppmode alle om å kike på videoane frå turen, som på ein god måte viser kvifor dette fisket er ekstremt spanande. Eg har nesten ikkje snakka med mannen sidan han svarte meg på eit lesarbrev då eg som tenåring sendte inn eit spørsmål om piggskate i Alt om Fiske. Likevel vart eg behandla som kongelig besøk av sværaste sort. Asgeir ordna i tillegg til guidinga, også med båt, utstyr, agn, pils, fotografering og videokamera på kjepp. Stas! Akkurat som med austlandsturnéen tidlegare same månad, viser artsfiske-Noregs representantar seg å være venlegsinna, behjelpelige og imøtekomande. Kan ein sei det same om det norske filatelist-miljøet? Eg tvilar.
Kort fortalt: Fjesingen uteblei, men varane derimot, var i siget!
Art #84 – Slettvar (Scophthalmus rhombus) 805 gram (Foto: Asgeir Alvestad)
Art #85 – Piggvar (Psetta maxima) 665 gram. (Foto: Asgeir Alvestad)
Etter denne turen fekk eg fiskeskjelven når eg kom snikande inn i campingbilen. Den gav seg etter ei flaske med det som må være årets øl. Eg bestilte like gjerne seks stykk, til komande feiringar.

Det siste sprellet eg fekk føre meg på bobilturen, var å prøve gullfisk i Kristiansand. Dei som er flinke i matematikk har kanskje allereie funne ut at det forsøket gjekk rett åt skogen. Kanskje ikkje så rart, eg fiska berre ein god time før vi skulle køyre heilt til Oslo igjen same dag. Eg såg både orm og fisk, men dette fann eg seinare ut mest sannsynleg var gullvederbuk, då gullfisken held til litt djupare.

Uklart bilete av gullvederbuk. (Foto: Sindre Bøe)
Uklart bilete av orm. (Foto: Sindre Bøe)

Turen oppover igjen foregjekk heilt utan sprell, sann utanom at eg køyrde på ein parkert varebil i Oslo. Men dette er visst ikkje til å unngå, seier folk.

Det har vore ein meget artsrik sumar for meg å være, med totalt 17 nye sidan juni. I august skal eg igjen til Oslo-traktene, og håpar å få has på fleire ferskvassfisk. Eg manglar berre brasme, gjørs, asp, stam, steinsmett, hvitfinnet ferskvannsulke, gullfisk, sik, harr, karpe, grundling, krøkle, canadarøye, gullbust, lagesild, gresskarpe, keta- og pukkellaks. Ja, og så vanleg laks då sjølvsagt.

7 Comments

  1. Gresskarpe e ingenting å bruke tid på, den reproduserer jo ikke i Norge.
    Ellers..
    Topp nåtsj rapport, i klassisk Bøe-stil

    Like

  2. Sindre Bøe says:

    Ja nei den var vel mest spøk. 😉 Blir ikkje lagt ned allverda med tid på ketalaks heller. 😉

    Like

  3. Eirik K. says:

    Sykt underholdende lesning! Men hvorfor er ikke regnlaue på norgesrekordlista?

    Like

  4. Arter som har blitt introdusert og etablert til landet i nyere tid, er ikke med på norgesrekordlistene. Dette gjelder per idag solabbor, grundling og regnlaue + en håndfull andre arter som er ulovlig introdusert, men ikke har påvist reproduksjon.

    Like

  5. Eirik K. says:

    Ahaa, har lest noe om det ja. De må ha reprodusert i Norge i minst 5 år.

    Like

  6. Regnlaue og grundling ble oppdaget I Norge på starten av 90-tallet, og solabbor for drøye 10 år siden. Alle disse tre artene har reprodusert seg siden den gang (mer enn 5 år), men Villmarksliv har valgt å holde dem utenfor rekordlistene. Antagelig grunnet at de er svartelistet og nylig introdusert sammenliknet med andre arter vi har i landet.

    Like

  7. Eirik K. says:

    Okei, takk for info 🙂

    Like

Comments are closed.