Ishavspionerane i NKML på tur igjen

Då var tida inne for mitt fyrste blogginnlegg ever.
Den er lang. Den er proppa i bilete. Den er nynorsk.
Men eg tykkjer turen fortente såpass.
Håpar det smakar! 

Tirsdag 19. februar hadde eg i utgangspunktet ein relativt bedriten dag. Eg hadde vore ein tur på Meny på Lade for å bedrive ein så lystig aktivitet som å handle øl, då eg oppdaga at eg hadde låst meg ute av bilen. Det verste var at det ikkje var fyrste gongen heller, så det var eigentleg flaut. Ein viss rappkjefta rørleggar skulle kome med nyklar, men fyrst skulle han stake opp rør i halvanna time.

Men då eg sat der, og alt var som mørkast, tikka det inn ei lita melding om ein kort utflukt til Lygnin/Løgnin/Lugnin/Gokk. Eller, kort og kort. Turen var eigentleg lang. På meir enn ein måte. Frå tirsdag kveld til onsdag kveld/natt til torsdag. Ny plass var det òg. Ytre Gokk. Ytre Lygnin. Pigg, spiss og kveit i 10+. Eg kunne jo ikkje sei nei.

Etter å ha venta ei god stund til, var vi på vei, og etter å ha køyrt ei endå lengre stund, gjennom ein trolsk, kronglete “vei”, var vi endeleg framme i eit hyttefelt der ein aldri skulle tru at nokon kunne bu.
Det fyrste som møtte oss var ei skarp hovudlykt, som viste seg å være Vilhelm. Vilhelm gjorde det han sikkert har gjort samanhengande sidan måndag: Stå rett opp og ned og glise (og med god grunn). Han spann nokre sirklar, forsvann ut i nattemyrkret, og vi var overlatt til oss skjølve.

Ekte mannfolk legg att lapp. (Foto: Irvin Kilde)

Klokka var vel omtrent alt for seint, midt på natt, eller der omkring, når vi tok beina fatt og slepte pulkar fulle i både 10+, tåpp nåtsj og kjempeopplegg usakleg langt ut på ein mørklagd, frosen fjord. Bjørn og Irvin satte opp telt, mens eg og Vegar sto og såg på, og lata som vi hjalp til. Kjempeopplegg.

“Stå still i 15 sekund. Æ hoill på å ta bilde.” (Foto: Vegar Seljestokken)
Aurora borealis (Foto: Vegar Seljestokken)
Eg og Vegar borra oss kvar sitt “natthøl”, men Bjørn og Irvin prioriterte å bruke all resterande energi på teltkos. Natthøla vart flopp, Vegar fekk ein hågjel og eg fekk ein dobbel båtmannsknop med mudderklyse attåt.
Etter 2-3 (kalde) timar på auge, lenge før lyset tok oss, var Irvin klar, og vi andre kvikna omtrent like fort til live som frosne froskar i ein islagt dam. Vi starta nær teltet og fiska oss i kvar vår retning utover. Ny plass, alt kunne skje (eller ikkje skje). Allereie kl. 8 starta det bra, og Irvin bretta opp fyrste piggskate. 4800 blank, og fin motivasjon på morgonkvisten.
Raja clavata i soloppgong. Flink med foto, denne Vegar. (Foto: Vegar Seljestokken)
På heklefronten vart det plutseleg sildebonanza, samt tidvis knurrbonanza, og agn vart sikra opp i mente. Bjørn, som ikkje hadde oppført pers frå tidligare, kunne endeleg føre opp vekt på arten.
Clupea harengus, 226 gram. (Foto: Sindre Bøe)
Vegar har som kjent ikkje sove sidan 9. februar, då han fekk den store kveiteskjelven i Verrafjorden.
No skulle han på nytt få panikkstemme og makspuls, då hestetunga igjen røska i staget i halv 10-tida. Etter fem besøk i holet, beviste NKML at 6 hender er beire enn 2 kleppar, og for fyrste gong smiler Vegar til kamera (og ikkje til fisken) på poseringsbilete! 
Hippoglossus hippoglossus, 8560 gram, og pers med god margin. (Foto: Bjørn Florø-Larsen)
I timane rundt 12-tida, var bettet godt jamnt over, og her misser eg litt kontrollen over tid og stad på alle fangstane. Men det gjekk slag i slag, med bøygde stag, og her kjem ei ca. kronologisk presentert serie med bilete. Sann ungdomen likar.
5660 gram. Vegar er skuffa… (Foto: Sindre Bøe)
Dau som ei sild. 222 og 234 gram. (Foto: Bjørn Florø-Larsen)

Bjørn glimta til med ny pers på pigghå, 6560 gram. (Foto: Sindre Bøe)

Deretter glimta han til igjen, med endå ein ny pers, 6780 gram. (Foto: Bjørn Florø-Larsen)
Magetaske = tøft. Pumping av ca. 5,9-ish. Snudde i holet, men likar å tru det var den same fisken eg skulle få i same hol seinare på dagen. Iskanten kan skimtast i bakgrunnen. (Foto: Vegar Seljestokken)

Når ein fyrst er i pers-flyten, kan ein like gjerne vrengje opp ny strømsildpers, 61 gram. (Foto: Bjørn Florø-Larsen)
Etterkvart får eg også fisk, og eg fekk min fyrste pigghå på isen. I det pigghåen kom opp av holet, og eg kunne konstatere pers, merkar eg run på nabostanga, og har ikkje tid til korkje vektseanse eller posering. Dette ordnar Bjørn på kjent vis.
Eg slo på stortromma, og 3,656-dobla pigghåpersen, 6180 gram. (Foto: Vegar Seljestokken)
I hol to var det flatare, og eg kunne skryte på meg ny nesten-nestenpers på piggskate, 5900 gram og 100 cm blank. (Foto: Vegar Seljestokken)
Nam nam. (Foto: Vegar Seljestokken)

4880 gram. (Foto: Vegar Seljestokken)
Fine plassen. (Foto: Sindre Bøe)
Fine campen. (Foto: Sindre Bøe)
Øyepål 44 gram. (Foto: Irvin Kilde)
Føflekkskate, 5400 gram. (Foto: Vegar Seljestokken)
4800 gram. (Foto: Sindre Bøe)
Akkurat då alle var mest opptatt på kvar sin kant, fekk eg verkeleg spent opp Rauma’en i full flex. Dette var skate. Tung skate. Skate med utras. Eg gaular nokre strofer om matte og kamera både hit og dit, men det er ingen synleg reaksjon blant publikum. Når den kjem opp i holet, får eg endeleg kontakt, og Vegar kjem labbande. Med avkrokingstong i hylsteret, vert den avkroka i holet, men fingrane fekk gjennomgå i isvatnet før matta endeleg kjem på plass.
Vegar: “E ‘o fiin?”
Sindre: “Nja ekje so verst..”
Vegar: “‘O e fiiin!”
(fritt etter skral hukommelse)
Flott dyr, 6820 gram, 101 cm. Poengfisk, ka-ching! (Foto: Vegar Seljestokken)

Ny nesten-pers, som slår 5,9-skata frå tidlegare på dag ned frå nesten-nestenpers til nesten-nesten-nestenpers (Foto: Vegar Seljestokken)
Etter kvart vert det så mykje skater og pigghå at vi liksom ikkje gidd å ta bilder av alt, og ikkje huskar vi alle vektene heller. Men når mørket kjem, avtek bettet, stikk i strid med etablert viten om at skumring = brusk. Vi fekk faktisk desidert mest fisk i timane før og etter 12. Etterkvart som kvelden seig over oss, byrja vi så smått å rydde ihop litt saker og ting, pakke pulkar og førebu oss på den lange polferda attende til bilane. Når eg, Vegar og Bjørn sit og samlar boss og preikar piss ved teltet, kjem plutseleg Irvin i stiv kappgang, med ei stong i eine handa og ein DINOSAURUS i den andre.
Vi står og vekselvis måpar, bannar og gratulerer… Han gut skjølv er teken av skjelven, og seier ikkje så mykje. Men vekta seier 7800 gram, og lengda er 119 cm. Etter ein kjapp tur i næraste hol for å få att pusten følgjer ein kjapp og særs vellukka fotoseanse. Vi let bileta tale for seg skjølv her…
Titt-tei.. (Foto: Vegar Seljestokken)
Opp og helse! (Foto: Vegar Seljestokken)
Endå lenger opp og Dipturus oxyrinchus blir skikkeleg kjent med Homo sapiens… (Foto: Vegar Seljestokken)
Smiiile til fotografen… (Foto: Vegar Seljestokken)
..og takke for seg.. (Foto: Vegar Seljestokken)
Ein aldeles rå fisk, som bekrefter Irvins spisskompetanse atter ein gong. Ein ellers fantastisk tur hadde no fått rosina som pølsa trengde, og alle stod attende med gelèknær og fåreglis. Etter dette tok vi fatt på den endå tyngre turen inn til land, og eg var så trøytt på veg heim at eg måtte stoppe å sove på ein bensinstasjon for å ikkje køyre av vegen. Leggane var graut, låra var bankekjøt og korsryggen var føøøk’d. Leppene er frostskada, og det ser i skrivande stund ut som eg har sugd ei krølltong. Ein kan spørre seg skjølv kva det er som driv oss til denne galskapen, men galskap er i mine auge beire enn “normalskap”. Og når vi sette oss i bilane var vi saktens einige om at det var bra vi hadde damer som venta heime, slik vi ikkje melder oss fullstendig ut av samfunnet.
Litt oppsummering til slutt:
Totalt vart det 14 artar:
øyepål, strømsild, makrell, sild, torsk, piggskate, pigghå, spisskate, svarthå, sypike, hågjel, kveite, hvitting og knurr

(I ei bisetning har eg fått beskjed om å påpeike at Irvin prikka inn heile 13 av totalt 14 artar, og dermed var ein suveren vinnar i artskonken denne dagen.)
13 piggskater, mellom ca. 3,5kg og 6,82kg (+ 1 feilkroka på 5+)
1 spisskate på 7,8 kg
20+ pigghå mellom 5,56kg og 7,1kg
Kveeeit!
Plenty sild
Plenty hvitting
..og ellers standard all over good shit og 10+!
Ikkje verst på 4 mann på eit døgn!
“I’ll see you soon manbeast…” (Foto: Vegar Seljestokken)

7 Comments

  1. Thomas says:

    Flott innlegg, tommel opp 🙂

    Like

  2. Nydelig, jenter!!! Nydelig!

    Like

  3. Jon Eirik says:

    Meget bra første innlegg på NKML bloggen!
    Kjenner jeg er skikkelig misunnelig på fiske dere har der oppe nå, men trøster meg me at vi ikke har det så verst her heller 😛

    Like

  4. obbien says:

    Det var isfiske det! Godt jobba.

    Like

  5. Fisk og rask says:

    Hihihi… Sugd ei krølltong… Hihihi… Nei, dette var bra saker!

    Like

  6. Haze says:

    Haha grym rapport 😉 enastående fiske!!!

    Like

Comments are closed.