Møre goes East – Austlandsturné 2016

Forord Årets artsturné til Austlandet har vore meir eller mindre planlagt sidan turen i fjor. Det var ei heil rekke artar som vi “bomma” på den gongen, samt nokre vi ikkje prøvde på i det heile tatt. Årets tur var noko utvida, på meir enn ein måte. I fjor var det berre meg, Frank og…

Molo Madness – The Appearance of Ciliata mustela

Med denne tittelen, skulle ein kanskje tru at denne artikkelen er ein anmeldelse av ein gløymd plateskatt i Irvins prog-rock-samling. Det er det ikkje. Dette er ei historie om ein type tangbrosme som sat ekstra langt inne, i meir enn éin forstand… Artsfiske igjen altså.

Tru, teine og krøkle

Eg veit ikkje om eg blei nemnd i førre helgs raudhaisaga. Eg kunne like gjerne blitt utelatt, for eg var ingen viktig karakter i den sagaen. Inga hovudrolle akkurat. Det hjalp ikkje at 6 av 7 stenger fiska målretta etter småflekka raudhai, når gudane ville ha det slik at Bjørn skulle hale opp ein i…

NKML does Oslo Internasjonale Fiskefestival

Vi i NKML er alltid villige til å fiske, flashe logoer og formidle obskure fakta om fisk. Spesielt når selveste Bernt Nor ringer og ønsker oss å gjøre værtfall to av disse tre tingene, men vi er en package deal. Det la ikke en demper på stemninga innad at verken logoadmiral Florø-Larsen, storebror Florø-Larsen, nettrollet…

Molomania – Tull, tøys og tangbrosmer

Etter at eg oppdaga molofiskets gleder og sorger, har eg blitt slukt inn i ei magisk verd full av stein, rur, Red Bull, mistenkelege innfødte, krabbar, slitne takkel og sist men ikkje minst; nye artar. Desse molofiskane er jo nattaktive, og det er jo ikkje skikkeleg mørkt før lenge etter leggetid. Dette har gått ut…

Variert bobilturisme i Sør-Aust-Noreg

Vi har vel alle drøymt om å feriere med bobil, og eg er inget unntak. Å fritt reise rundt med huset på ryggen, nett som snigelen, må jo være den desidert beste måten å feriere på? For ein artsjeger som har lyst å ta nokre avstikkarar og alternative ruter for å fiske teit tullefisk, er…

Sunnmørsk Nordlig Tangbrosme!

Dei siste åra har det blitt tatt ein del fisk som aldri tidlegare har blitt fanga på sportsfiskeutstyr. Nokre av dei har seinare blitt allemannseige i artsfiskemiljøet, der alle plutseleg får dei overalt når koda fyrst er knekt. Andre igjen forblir ganske smale, anten fordi dei er reine lottofangstar, eller fordi dei er svært vanskelege…

Sindre og Franks artsturné 2015 – Del 3

Vi er då komne til siste del i eventyret om Sindre og Frank. Det er ikkje alltid at det tek lenger tid å skrive rapport, enn det tek og gjennomføre turen det rapporterast frå. Spesielt ikkje når turen varer i 4 døgn. Vi får håpe at ventetida har gjort at rapporten blir beire. I motsetning…

Sindre og Franks artsturné 2015 – Del 2

Som ein kunne lese i avslutninga av Del 1, bar ferda vidare for dei to karane. Etter ein kort omvei via Einedammen, var den sagnomsuste Dynovika neste stoppet i det ganske tettpakka programmet. Aldri hadde dei fiska i slike artsrike farvatn tidlegare (i alle fall ikkje i ferskvatn), og sjølv om ikkje nattesomnen hadde vore…

Sindre og Franks artsturné 2015 – Del 1

Begrepet «artsturné» er etterkvart blitt eit etablert uttrykk i artsfiske-Noreg. For alle som måtte lure, kan det «kort» forklarast slik: Ein artsfiskar samlar på artar, og på austlandet (spesielt i Oslo/Akershus-traktene) finnast det ein god del fiskeartar som anten finnast berre der, eller som er ein god del enklare å få der. Det at mange…

Pissregn og piggskater – Return to Terminalen

Då har eg omsider landa trygt heime på Sunnmøre, og planane til NKML avdeling Ytre Søre Sunnmøre aldri vore så omfattande som i år. Det er lagt ville planar om både tangbrosmer, piggvar, tungevindu, havål og skjellbrosme, men aller fyrst måtte vi ha eit lite gjensyn med ein gammal travar av ein plass – Herøyterminalen…

Heilt på kanten

Det norske artsfisket er inne i spanande tider. Nye transparante dukkar opp nærmast dagleg, og sandhala klokvabbe, femhorna skoskate og tolvarma fjerdeklassing ser ut til å være rett rundt hjørnet. All ære til dei som driv med slikt, men det kan fort bli mykje å holde styr på for ein enkel stakar frå bygda. Eg skal…