Sunnmørsk Nordlig Tangbrosme!

Dei siste åra har det blitt tatt ein del fisk som aldri tidlegare har blitt fanga på sportsfiskeutstyr. Nokre av dei har seinare blitt allemannseige i artsfiskemiljøet, der alle plutseleg får dei overalt når koda fyrst er knekt. Andre igjen forblir ganske smale, anten fordi dei er reine lottofangstar, eller fordi dei er svært vanskelege å finne. Eg veit ikkje heilt kva for ein av desse kategoriane denne arten kjem under, men eg hugsa kva eg tenkte når eg såg den dukka opp i media: Ein slik ein, får eg aldri.

Eg har lenge tenkt å starte med å lyse i moloar og steinurer, slik som alle dei andre kule folka gjer. Eg har derimot ikkje sett planane ut i livet, sjølv om det er like mange moloar som det er folk i Herøy kommune. Eg trur faktisk det var eit skrytemagasin herifrå som heitte Molo. Noko av det kulaste dei kule folka finn i desse moloane og steinurene, er tangbrosmer. Og dei burde vel kunne fiskast her òg, i det molotettaste området eg veit om?

Det finnast mange tangbrosmer i Noreg. Heile seks artar faktisk. Men inntil nyleg var det berre to av desse, tretråda tangbrosme (Gaidropsarus vulgaris) og firtråda tangbrosme (Enchelyopos cimbrius) som var registrert tatt på sportsfiskeutstyr. Begge desse er vel omtrent ikkje blitt fiska sidan rekordane vart registrtert (i hhv. 2004 og 2001). Sidan den gong har artsfiskemafiaen byrja å fiske innover i undersjøiske krikar, krokar og hòler på nattestid, og no har plutseleg femtråda tangbrosme (Ciliata mustela), nordlig tangbrosme (Ciliata septentrionalis) og strandtangbrosme (Gaidropsarus mediterraneus) dukka opp på artslistene til folk. Den femtråda blir tatt litt rundtomkring, mens dei to andre hittil ikkje har blitt funne utanom nokre verdifulle sweet-spots i Bergens-området (korriger meg gjerne om det finnast fleire plassar). Den einaste tangbrosma det ikkje er registrert norsk sportsfiskerekord på (hittil), er sølvtangbrosme (Gaidropsarus argentinus), men denne oppheld seg på ein god del djupare vatn enn det ein vanlegvis når i ein molo-sprekk.

(For dei som ikkje er innvidde i det norske artsfiskemiljøet må det nevnast at fem av seks tangbrosmeartar allereie har fått godt innarbeidde akronym: 3ttb, 4ttb, 5ttb, NTB og STB)

Når Sven meldte at han kom på ein Sunnmørsvisitt, var han i utgangspunktet sugen på å satse etter spisskater i Rovdefjorden, men eg fekk han gira på mitt forslag om å gå å fiske i molosprekker fyrste kvelden/natta. Eg har i fleire år visst om ein plass der min gode ven (og slektning (alle her ute er i slekt)) Asgeir Kvalsund hadde fått tangbrosme i teine for eit ukjent antal år sidan. Kva slags tangbrosmeart det var, visste eg ikkje, men sidan vi begge mangla alle tangbrosmene på artslista, kunne det ikkje spele noka rolle.

Det var ein klar og fin kveld. (Foto: Sindre Bøe)

Å fiske i ein steinsprekk på ein molo ein aldri har fiska før, basert på ein fisk i ei teine frå årevis attende i tid, gav oss ikkje ståltrua på suksess. Men ein må jo starte ein plass, og då var denne moloen ein smule meir lovande enn å ta ein på måfå. Både Bjørn, JOFL og Irvin har allereie lurt opp både strand- og nordlig tangbrosme i Bergens-traktene, og gått i lære hos tangbrosmefolket der. Dei har utvikla ein type bergenstakkel-boltrig-variant, som John Olav forklarer i sitt innlegg. Det var eit slikt takkel eg laga meg denne kvelden, med eit flatt rundt surfbly som låg godt i ro langt nede i ura.

Det ser idiot ut, men det fungerer. (Foto: Sindre Bøe)

Det starta ganske slapt, og vi rigga ei stong kvar. Eller, det var vel berre eg som rigga ei stong. Sven spiste potetgull og drakk Red Bull Fanta Exotic Edition. Det tok ikkje lange stunda før vi fann ut at krabbar er noke drit, men eg fekk òg ei lita ulke. Jaja, då fungerte metoden i alle fall. Då spørs det berre om rette sorten dukka opp.

Like etter midnatt skjedde det som ikkje brukar å skje. Slike ting ein berre les om på internett, men som ein ikkje er førebudd på sjølv. Ein slik hendelse der du ikkje heilt veit kva du skal sei, så du berre skrik høgt! Vanlige dødelige (og meir røynde artsfiskarar) vil sikkert meine at eg smører tjukt på her, men dette hadde eg verkeleg ikkje forventa skulle gå så lett…

Snipp-salabim, og hokus pokus – TANGBROSME!
 
Sindre: “…der e den faen mej, der e den faen mej, DER E DEN FAEN MEJ!”
Sven: “Hø, ja sær.. kødde..?
Sindre: “ÆÆÆÆÆÆÆÆÆ!!!”
Sven: “du køddakje HÆ!? NEI!? Eddemuuulikt?!”
(Foto: Sindre Bøe)
“Det e faen mej NORDLIIIIG! (Her må bygda ovanfor ha våkna)
“ÆHÆHÆHÆHÆHÆHÆHRRRERREREEE!!”
Tangbrosmetranse. (Foto: Sven Jørund Kolstø)
(Foto: Sindre Bøe)

Eg har ikkje kjent på slik pur fiskelykke sidan Panzerdagen i april i fjor. Så då låg eg der og rulla og skreik ei stund, sjølvsagt. Eg fekk eit lite tilfelle av akutte ryggsmerter når eg skulle røyse meg. Eg trur kanskje kombinasjonen av å spenne heile kroppen i glede, mens ein ligg på magen og glanar i eit fotoakvarium vart for mykje for meg. Eg måtte rett og slett ha hjelp opp att.

Fisken derimot, svømte rundt i fotoakvariet og kosa seg gløgg ihjel med ein 8-krok med reke laaaangt bak i svelget. Bokstaveleg talt. Denne vesle fisken med den store kjeften var så djupt kroka at det var uråd å få ut att kroken uten å skade den, og 10 sekund etter avkroking, flaut den med buken opp. Dette var jo sjølvsagt tristare enn om den hadde fått leve vidare, men den var i det minste enkel å posere med etterpå.

Art #86 – Nordlig tangbrosme (Ciliata septentrionalis) 28,75 gram, 15,2cm (Foto: Sven Jørund Kolstø)
(Foto: Sindre Bøe)
Ufatteleg stor kjeft på denne vesle igla, liknar mest på ein tynn, raudbrun paddetorsk. (Foto: Sindre Bøe)
Vakre blå auge! (Foto: Sindre Bøe)

Eg fiska sjølvsagt vidare, men det blei ikkje meir. Eller, ikkje anna enn grønkrabbe i alle fall. Sven sovna i bilen, og vi ga oss vel rundt halv tre. Utover hauten skal det prøvast meir her. Det er vel ikkje urimeleg at det skulle dukke opp andre tangbrosmeartar på same plass. Frank og Asgeir har allereie prøvd, og dei fekk kvar sin paddetorsk. Det har absolutt gått opp for meg at moloar er ein ressurs vi må utnytte, og moloane i kommuna skal saumfarast med lykt og Bergen-bolt-rig i åra framover.

Ja, og forresten: Det vart ikkje spisskatesatsing i Rovdefjorden, då både nøklar, startsnor og bensintankane til båten var rota vekk. Sånn kan det gå… kanskje neste gong, Sven?

One Comment

Comments are closed.