Molo Madness – The Appearance of Ciliata mustela

Med denne tittelen, skulle ein kanskje tru at denne artikkelen er ein anmeldelse av ein gløymd plateskatt i Irvins prog-rock-samling. Det er det ikkje. Dette er ei historie om ein type tangbrosme som sat ekstra langt inne, i meir enn éin forstand… Artsfiske igjen altså.

Skjermbilde
Dersom dette var ein plateanmeldelse, ville nok omslaget sett slik ut. (Foto og heilproff redigering: Sindre Bøe)

Fisking er vel kanskje ein av dei vanlegaste hobbyane vi har i Noreg. Likevel er det jo nokon av oss som må tøye strikken vel langt inn i kategorien “tull”. Resultatet er artsfiske. Nokon samanliknar oss med frimerkesamlarar, men dette er langt frå smalt nok. Det kan kanskje best samanliknast med fuglekikking, flyspotting eller samling av Pokemón-kort med fabrikasjonsfeil. Vi snakkar med andre ord sylsmalt.

Men det er jo det som gjer det så gøy! Og ikkje minst underhaldande å skrive om. Om eg var ein gjennomsnittleg fiskar kunne eg kanskje skrive ein slik rapport:

“Var ute å pilka ved pilkeskjæret i dag. Ble fem koketorsk og mye småsei. Svenskepilk er eit sikkert stikk i mars. Frisk tur! God påske til mine fiskevenner!”

Heldigvis slepp eg å skrive ein slik rapport. Eg skal nemlig skrive om femtråda tangbrosme (Ciliata mustela). Og ikkje nok med det, eg skal òg kome med ei oppskrift på korleis fiske den og dens slektningar. Vi startar med rapporten…

Ryssholmen 16.03.16

Eg var eigentleg ikkje sikker på kvar eg skulle fiske denne kvelden, men eg var gira på molo. Vi var på besøk med svigers i Ulsteinvik, så eg var lite lysten på å køyre heilt til mine vandte moloar i ytre Herøy. Dama foreslo Ryssholmen. Hmm… Ryssholmen? Eg har eit slags instinkt som alltid vil fnyse av fiskeplassforslaga til dama, men akkurat no var ikkje forslaget så dumt. Det er ei klassisk småbåthamn, krinsa inn av to moloar. Det er 5 minutt dit, og det går an å køyre ut på moloen. Satelittfoto såg innbydande ut, her var det berre å kome seg avgarde.

Ryssholmen
Ryssholmen – Typisk molo. (Foto: Gule Sider)

Hittil i mi molokarriere har eg funne både nordleg tangbrosme (Ciliata septentrionalis) og strandtangbrosmer (Gaidropsarus mediterraneus) på dei fleste av moloane eg har testa. Men det er éin av dei “vanlege” tangbrosmeartane eg enno ikkje hadde funne på Sunnmøre; femtråda tangbrosme (Ciliata mustela). Eg har forsøkt etter denne på kjende plassar både i Drøbak og i Trondheim utan hell, og dette er mykje av grunnen til at eg har holdt tangbrosmeprosjektet gåande. Eg må jo finne femtråda til slutt vel? Den er jo (på nasjonal basis) kjent som den “lette” av dei tre.

Det eg la merke til når eg kom fram, som eg burde ha sett på flyfoto, var jo at moloen var fyllt ut på ein holme (Ryssholmen, duuh…). Dette er ikkje heilt å foretrekke, sidan reine steinfyllingar utan berg under, gir djupare holer å fiske i. Eg kunne jo sjølvsagt ha fiska på nordre moloen, men då ville eg miste snuplassen. Jaja, who cares, får sikkert ingenting uansett.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Reker, pils og pillemeite – Kan ein be om meir? (Uklart foto: Sindre Bøe)

Eg rigga sakte men sikkert opp 6 stenger. Ingen grunn til å stresse, det var fortsatt lyst. Når det vart mørkt merka eg at hovudlykta var tom for batteri. Den hadde ikkje godt av å ligge kaldt i bilen. Ein kjapp telefon seinare var svigermor på besøk med ny hovudlykt, og alt var fryd og stas.

Det starta ganske treigt. Eg sleit vekk mykje lodd. Ein lokal helt var ute på ein “tilfeldig” biltur ut på moloen og tilbake. Etter to timar hadde eg spist meir reker enn eg hadde brukt som agn, og fortsatt ikkje eit napp. Eg bestemte meg for å flytte utstyret heilt til enden av moloen, altså frå sørsida til  nordsida av skjæret. Å flytte 6 små stenger tek litt tid. Spesielt når over halvparten av lodda sit fast, og eg må knyte på nytt, egne på nytt og sleppe ut på nytt. Når eg kjem til den siste stonga ser eg at den står og gyngar! Eg sveivar den kjapt opp, den sit litt fast, men  til slutt sprett ei lita tangbrosme ut av hòlet og opp i handa. Eg såg så vidt på den, før eg starta å kravle opp ura igjen. Eg tør ikkje opne handa å sjå før eg er oppe på trygg grunn. Eg har mista fisk slik før, og desse er ekstra sleipe og sprelske. Eg var ikkje heeeeilt sikker, men eg hadde eit lite håp… kunne det være? Var det ikkje litt fleire bartar på den tangbrosma enn det eg er vandt til?…

OH YES, SIR!

20160316_211916
Art #92 – Femtrådet tangbrosme (Ciliata mustela) – 31,5 gram og 17 cm. (Foto: Sindre Bøe)

Bartane blafra mot meg som ei fyrrig anemone. Det var ikkje tvil, den femtråda var i boks!

5ttb
Heile fisken, i all si prakt. (Crappy foto: Sindre Bøe)
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Ikkje like fin ute av vatnet. (Crappy foto: Sindre Bøe)

I tillegg til disse dårlege bileta, tok eg 28 selfies, både med dårleg kamera og med dårleg mobiltelefon. Eg tenkte at det då måtte være minimum eitt brukbart bilete, men så feil kan ein ta. Jaja, ny art er ny art, uansett om selfien er dårleg.

Eg hadde brukt to timar på å sjå ut som ein idiot i det kalde nattemørket, og fått ein fisk på 31,5 gram. Med andre ord ein knakande suksess!

Resten av turen var for sjarmøretappe å rekne. Det viste seg at den “nye plassen” nokre meter lenger nord, var bolet til dei nordlege tangbrosmene. Eg fekk 2 stk. før eg tok kveld. Desse er lettast å kjenne igjen på kjeven som går mykje lenger bak auget. Bartane ser òg annleis ut.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Nordlig tangbrosme nr. 1 (Foto: Sindre Bøe)
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Nordlig tangbrosme nr. 2, tjukk og god. (Foto: Sindre Bøe)
NTB closeup
Nærbilete av trådane til nordlig tangbrosme. Her ser du at mange av trådane er som ei slags vorteremse rundt overleppa, i tillegg til dei to som stikk ut på nasen. Den har i tillegg ein lang tråd og nokre småvorter på haka. (Foto: Sindre Bøe)

Då er vi komne til den metodetekniske delen av artikkelen, der eg skal prøve å gå igjennom dette fisket steg for steg. Ikkje at det er vanskeleg, eller dyrt. Det er eigentleg ganske lett. Eg må vel også presisere at eg ikkje er nokon slags pionér på dette ganske unge tilskuddet til norsk artsfisketeknikk, men  eg tenkte berre at ei grundig innføring ville freiste fleire til å prøve. Då eg fyrst prøvde dette hadde eg ikkje heilt trua. Eg trudde ikkje at ein så banal teknikk plutseleg skulle trylle fram underlege artar eg tidlegare berre hadde lest om i bøker. Kjedelege moloar eg hadde stått og kasta frå i 20 år viste seg å å være små gullgruver fulle av spanande kryp. Eg måtte berre sjå i ei anna retning. Eg måtte rette blikket nedover. Og ikkje minst, innover.

Molomeite – steg for steg:

  1. Tør å bli stempla som idiot: Det vanskelegaste med heile opplegget er heilt klart det å tørre å bli sett på som ein tulling når du kryp langs småtbåthavnene på natta med hovudlykt og pirkar i steinane med pittesmå stenger. For du blir sett på som ein tulling. Du blir tatt for å være kriminell. Lokale heltar vil alltids kome på “tilfeldige” bilturar langs moloane og stirre stygt på deg. Nokre vil spør rett ut kva i all verda du driv med, og av og til dukkar politiet opp. Det er ikkje så mykje å gjere med dette, anna enn å forklare kva du driv med så godt som råd, dersom nokon spør. Du står då sjølvsagt i fare for å bli sett på som ein endå større idiot, men dei fleste lokale heltar vil i det minste slå seg til ro med at du er til større fare for ditt eige gode ry, enn for påhengsmotorane deira.

    3
    Typisk molo-idiot, denne gongen med paddetorsk. (Foto: Sverre Magnus Selbach)
  2. Finn ein god molo: Vi har mange gode karttenester på nett, dei fleste av desse har satelitt- og/eller flyfoto. Dei beste moloane er dei du kan køyre bilen ut på, gjerne med ein rastebenk til å sette pils på. Eg prøvar sjølv å unngå moloar som er fylt ut på skjær og fast berggrunn. Det vi vil ha er mykje fyllmasse/stein som kan lage gangar og hòler og tunnelar nedover, utan å treffe fast berg som ligg tørt ved lavvatn. Av same grunn har eg best erfaring med å fiske på endane av moloane. Så lenge det er vatn, er det håp. Det er avgjerande at steinen er grov nok til å lage gode hòler. Finare stein vil ligge tettare, og hòlene og grottesystema vi er avhengige av, vil ikkje oppstå. Dette er òg mogleg å bedømme på gode flyfoto. Så lenge det er fiskbare hòler, har eg stort sett alltid fått noko spanande, så eg trur eigentleg at desse tangbrosmene ligg og lurkar i det meste av molomasse langs kysten. I alle fall nord til Trøndelag.

    godmolo
    Typisk god molo. (Foto: Gule Sider)
  3. Finn gode hòler: (Her kan du tenke så koffert du berre vil, eg er dønn seriøs) Ei god hòle er etter mi meining ei djup kronglete og mørk hole. Ikkje la deg lure av at den er trang, dette er heller ein fordel. Så lenge hòlet er breidt nok til å få utstyret inn, og ein potensiell fangst ut, er det berre å køyre på. Det må vel òg nemnast at det i ein del tilfeller heller ikkje er naudsynt å fiske i hòler inne i moloen. Ein kan òg lobbe takkelet utfor den ytre kanten på steinar, og legge det på botnen. Spesielt femtråda tangbrosme kan (etter det eg har lest og høyrt) like gjerne fiskast slik. Vær dog obs på at faren for å slite vekk ikkje blir noko mindre, då det gjerne er mykje meir straumutsatt på utsida av steinane. I tillegg kjem den hersens taren. Straum og sukkertare er ein ufin kombinasjon. I tillegg til å site fast, er faren for å slipe over sena mot rurgrodde kantar òg til stades. På dagar med grov sjø kan det være nytteslaust utan veldig (latterleg) tungt lodd.

    1
    Typisk godhòle. (Foto: Sindre Bøe)
  4. Takkelet: Dette bør helst være enkelt i si utforming. Mange (også eg), har god erfaring med å bruke eit så tungt lodd/søkke/bly/stein at fisken krokar seg sjølv. Eg brukar stort sett ein variant av eit 1-kroks paternoster av ca. 0,45mm mono. Eg knyt takkela slik dei er ein del av hovudlina, utan nokon svivel og ekstra knutar som kan ryke. Sene-biten til kroken er frå 8-15cm, og biten ned til søkket noko kortare. Då er det mogleg å stramme opp forsiktig å sjå etter napp, utan å flytte søkket. Ein vil gjerne flytte søkket så lite som mogleg, for å unngå å site fast. Eg brukar òg bruddline (tynnare sene) til søkket på ca. 0,25mm. Dermed vil du ha betre sjanse til å berge ein evt. fisk om søkket sit fast.
    Skjermbilde
    Eksempel på min type molotakkel med bruddline til søkket. Bruk gjerne eit billegare søkke enn i eksempelet. (Foto: Sindre Bøe)

     

  5. Søkket: Dette bør være av billegaste sort. Eg har brukt nokre billege søkker som er meint å tynge ned tau med, gamle sikringar, og til slutt stein med pålimt svivel som billegaste variant. Eg brukar å slite vekk 5-10 søkker på ei 3-timersøkt, så det er greit at det ikkje kostar skjorta med slips. Vekt mellom 50 og 100 gram brukar å være passeleg. Tanken er at fisken skal kroke seg sjølv når den prøvar å rygge inn i moloen med agnet. 
  6. Kroken: Eg har omtrent berre brukt #12 eller #10 Mustad Ultrapoint Baitholder i ein frekk raudfarge. Eg har brukt ei enkel, lita sjølvlysande gummiperle av og til, men veit ikkje om dette har effekt. Om du berre er ute etter strandtangbrosme kan du nok køyre på med mykje større krok, men dette torde ikkje eg før eg hadde fått den femtråda. Som artsfiskar køyrer eg generelt med litt små krok i starten, til arten er sikra. Dei krokane eg har nemnt ovanfor er likevel meir enn kraftige nok til å hamle opp med strandtangbrosmer. Det er jo også mykje anna snop i moloar, slik som tangkvabbe, paddetorsk, tangsprell, hårvar og kutlingar, så ein kan jo alltids heilgardere seg med krok i litt forskjellige storleikar. 

    20160329_193110
    Eit utvalg krokar eg brukar til molofiske. (Foto: Sindre Bøe)
  7. Agnet: Eg har berre brukt rekebitar, stort sette surra på med finfin tråd av den tynnaste gummitrådtypen du finn i sybutikkar. Den er eigentleg meint til å sy inn i ermane på strikk, men fungerer betre på rekeagn enn noko anna eg har testa. Eg har ikkje prøvd anna agn enn reker på molofiske, men reknar med at t.d. strandsnegl og små fiskebitar kan være like bra. 

    Bestesurretråd
    Den beste surretråden på markedet. (Foto: Sindre Bøe)
  8. Stengene: Ja for eg brukar fleire, frå 3 til 6 stk. Stort sett isfiskestenger, sidan dei er korte å greie å posisjonere i ei steinrøys. Det går òg bra med lengre stenger, men desse kan være litt verre å manøvrere.
     

    20160329_192241
    Eit knippe stenger. Det meste går. (Foto: Sindre Bøe)
  9. Fisk når det er mørkt: Det må ikkje være svarte natta, men alt frå skumring til grålysning er innafor. Årstid ser hittil ut til å være irrelevant.

Sånn. Det  var det! Ut og fisk!