Eg veit ikkje om eg blei nemnd i førre helgs raudhaisaga. Eg kunne like gjerne blitt utelatt, for eg var ingen viktig karakter i den sagaen. Inga hovudrolle akkurat. Det hjalp ikkje at 6 av 7 stenger fiska målretta etter småflekka raudhai, når gudane ville ha det slik at Bjørn skulle hale opp ein i timen frå eit hòl to meter unna. Og resepten? Ei ussel torskehekle. Gammalt rask han hadde liggande. Og for dei som måtte tenke det; Nei, det hjalp ikkje å ta over korkje hòlet eller hekla. Raudhaien var ikkje på mi side den helga. Og den er det vel for så vidt ikkje enno heller, med det eg veit.
Etter ein slik tur var eg ganske bedrøva. Ei heil helg rota vekk i dritvêr på ein sjøis etter gråhai utan resultat, kan eg tole. Dette er ikkje anna enn å forvente, sann eigentleg. Dette var Lotto. Men for å vinne i Lotto, må ein spele Lotto, slik er det. Men det at alle… ALLE.. skulle få raudhai til det taut ut av øyrene, berre ikkje meg… Slikt gjer vondt. For alle dei som ikkje er artsfiskarar, (og som tenkjer at “herregud, mannen er gal”), kan eg samanlikne kjensla med det å være den siste som blir plukka ut på laget når ein skal spele fotball på barneskulen. Eller for å sei det slik; Den som ikkje blir plukka ut i det heile tatt.
(No skal det seiast at Adrian heller ikkje fekk raudhai, men han fekk i det minste klubbrekord på øyepål og strømsild neste dag. Likevel… Av det som verka som 1000 mann, var det vi to som ikkje fekk den fordømte haien.)
Eg gjekk (som rygene seier) i teinå. Fullstendigt i teinå.
Spesielt avslutninga med pulketrekking og pakking av bil i tett snødrev sende meg inn i ein apatisk spiral mot… ja… teinå. Dette var lenge etter at siste joule med energi var forbrent, og siste gnist av liv var slokna i dei elles så livlege augene mine.
Men… Eg hadde heldigvis noko å glede meg til! For etter ein kjapp visitt heimatt på kontoret, bar det rett av garde til Oslo på kurs. Og alle veit kva det betyr… Joda, sjølvsagt fisking. Eller rettare sagt, artsfiske etter dei eksotiske Oslo-og-omegn-artane. I lengre tid, lenge før raudhaifadesen… Lenge før Facebook-bilder av gråhai tvinga Bjørn over på ein diett av seirogn og raudvin. Lenge før alt dette, hadde eg bestilt ein guida tur etter krøkle. Dette er jo blitt markedsført som hentefisk i internasjonale medier sidan tidenes morgon. Eller kanskje berre i særs smale medier sidan i fjor. Uansett: Hentefisk. Lett! Dette meiner i alle fall guiden sjølv, Vetle Westli. Han er lommekjent i området, og er sett på som ein guru i krøklefiskarmiljøet. Ja, nærast ein halvgud. No er kanskje krøklefiskarmiljøet snevert, ja kanskje berre ein mann, men likevel; Ein halvgud. Eller gud. Ja, vi seier gud. Vetle er ein gud når det kjem til krøkle. Han hadde ikkje berre garantert arten på førehand, men også vore og prøvefiska, funne den eksakte kvadratmeteren, og kanskje meir imponerande; klokkeslettet.
«Klokka 17:30 bjyner’em å bite. Klokka 19:00 erre slutt.»
Vetles ord er lov i desse traktene. Krøklene tør ikkje anna enn å adlyde. Slik har det vore i alle dei år (i alle fall i fjor). Krøklene har byrja å bite på slaget når Vetle har gitt dei beskjed, og samtlige som har blitt guida hadde fått arten i løpet av 5-10 minutt, anten det var på isen om vinteren, eller i båt på sumaren.
Er det rart eg var optimistisk?
Eller, eg var jo ikkje optimist, eg var jo apatisk. I teinå. No hadde eg inga tru på noko som helst, anna enn å få meg litt friskluft og få sett litt folk. Eg burde jo ha trua, sånn reint statistisk. Vetle har jo aldri feila før, kvifor no? Eg tenkjer då attende til det Bjørn sa i bilen på vei sørover til gråhai-satsing ei knapp veke tidlegare. Eg stilte spørsmål ved at han, som vitenskapsmann, kunne synke dithen å bruke triks som «bank-i-bordet», lykke-caps og andre overnaturlege ritual. Han svarte at «Neeei… Eg ekje overtruisk te vanlé… men fisking tell ikkje.» Og akkurat slik var det no. Statistikk kunne være statistikk. Dette handla om tru. Og eg hadde ikkje trua.
Thore var elskverdig nok til å hente meg når kurset var ferdig kl. 16:00. Togrutene spela ikkje på lag med kursprogrammet. Han var ikkje vond å be heller, og spanderte like godt kebab. Når ein skal ut på krøkletur å ikkje få fisk, kan ein jo like gjerne være mett og god. Makan til service skal ein leite lenge etter. Vel framme møtte Vetle opp med stenger, borr og maggot. Gliset var like breidt som skjegget. Dette var lett. No problem. Henteart. Barneskirenn! I tillegg til mine eigne to stenger, fiska eg med hans to. Eg fekk sjølvsagt eksakte instruksjonar om antal sveiv over botn, kva for ein ende av maggoten som skulle festast i kroken, vinkel på stonga osv. Det var jo greitt det. Eg gjorde som han sa. Apatisk og pessimistisk som eg var, visste eg at dette ikkje hadde noko å seie; Eg kom ikkje til å få arten uansett.


Tida gjekk. Vi nærma oss 17:30. Vetle har trua. «Nå biter’em». Klokka passerar 17:30. Den blir 18:00. Vi har registrert eit napp. Klokka blir 18:30. Vi har registrert to napp. Klokka nærmar seg 19:00. Det mørknar. Vetle blir desperat. Han gir meg instruks om å justere antal sveiv over botn med eitt sveiv i kvar retning på annankvar stong. Han borrar nytt hòl to meter unna. Han er crazy. Tenkjer nytt! Det er ikkje vits. Klokka er 19:15. Det er mørkt. Det er slutt.
Eg er gjennomvåt på beina. Det er sjølvsagt mykje overvatn. Då spelar det ingen rolle kor nye skoreimane er. Då blir du våt. Eg bryr meg ikkje. Kjenner at eg slutta å bry meg om å være våt når eg pakka bilen til Bjørn nokre dagar før. Eg fekk jo rett, det burde kjennast godt. Eg burde ta ein «told you so», og godte meg i Vetles fyrste nedtur som krøkleguide. Men det kjennast ikkje godt. Det kjennast ikkje i det heile. Eg er kjenslelaus. Eg har blitt historisk. Fyrste nordmann til å ikkje bli Vetle-guida til krøkle på fyrste forsøk. Vetle er i sjokk. Alt han har tatt for sanning, viser seg å være bygga på lause tilfeldigheiter. Oppskrifta som var så presis for to dagar sidan, var ikkje verdt noko lenger. Har han teke feil heile tida? Har han aldri «knekt koden» likevel? Har krøklene endra mønster? Han revurderer heile sitt livssyn. Fundamenta som held oppe hans gudestatus har byrja å slå sprekker. Dette er ein trugsel mot livet slik han kjenner det. Heile hans eksistens er truga.
Han køyrer meg til togstasjonen, og eg reiser attende til pensjonatet med våte føter. Vetle sov ikkje denne natta…

Siste dag på kurs. Eg sjekkar ut med koffert og det heile. Plan to er iverksatt. Den pågår allereie i det stille. Thore har avtala å hente meg klokka 15:00, og vi vil då få ein time meir fiske enn det vi fekk dagen før. Hòla frå gårsdagen er der fortsatt. Vetle har hatt boksen med maggot mellom beina heile natt (sjå illustrasjon over), og dei er sjølvsagt fyrrige og viltre. Og det er berre å sleppe ut. Ei god stund før 17:30. Thore har med øl. Eg seier det igjen. Makan til service.
Plutseleg skjer det ting. Stengene byrjar å gynge med jamne mellomrom. Lenge før dei har fått beskjed. Fyrst på Thore si stong, deretter på mine. Krøklene er på plass! Etter nokre mislykka oppsveivingar, kjem det plutseleg ein liten blank fisk til syne på nederste kroken…

No var alt berre hivens! Art 91 var eit faktum. Borte var apatien. Borte var bekymringane. Føtene var fortsatt våte, men eg hadde øl. Og eg hadde KRØKLE!
Sidan vi no hadde så god tid, fiska eg like godt til eg hadde drukke opp øla, og fått klubbrekord. Det vart til slutt 8 stykker. Ikkje 20 som Vetle fekk med ein fjerdedel av utstyrsmengda to dagar før, men likevel 8 fleire enn eg hadde frå før. Strålande.


Vi hadde ein plan om å posere med ein «tanngard» av 8 krøkler som hang ut av overleppa. Dette gjekk ikkje heilt etter planen, sidan 5 av desse berre glei inn i truten.

Neste forsøk var ein klassisk «småfisk-i-nasen-posering», og dette gjekk mykje betre.

Dette kan muligens ha framprovosert ei spontan naseblødning i bilen til Thore på veg til flyplassen. Ja, for han køyrde meg rett til flyet. Eg seier det igjen; Makan til service!

Med blod i fjeset og stram agurklukt vart eg sjølsagt vinka inn til «tilfeldig» kontroll på Gardermoen. Men då eg trudde eg skulle bli befølt, tok vakta på seg hanskar og tok kjemikalieprøver av hendene, fjeset og skona mine. Krøklesaft og naseblod er tydeligvis heilt innafor, så eg fekk passere. Kanskje berre så vidt?
Vil avlutte med å sende ei stor takk til Vetle og Thore, som er lommekjente både langs vassdrag og vegar. Eg kan samstundes åtvare dykk:
Eg er ikkje ferdig på Austlandet – Eg kjem i sommar. 😉