
Etter at eg oppdaga molofiskets gleder og sorger, har eg blitt slukt inn i ei magisk verd full av stein, rur, Red Bull, mistenkelege innfødte, krabbar, slitne takkel og sist men ikkje minst; nye artar. Desse molofiskane er jo nattaktive, og det er jo ikkje skikkeleg mørkt før lenge etter leggetid. Dette har gått ut over nattesøvnen dei siste to-tre-fire(?) vekene, så det er bra det lir mot haust. Dette er ei lita oppsummering frå den siste tida som molotulling med hovudlykt.
5 dagar etter suksessen med Sven, skulle eg atter prøve ein ny molo. Om min fyrste molotur skulle gi meg nordleg tangbrosme, var eg bråsikker på at min andre molotur skulle gi meg omtrent ingenting. Men eg måtte jo prøve, og ein ny molo vart utvalgt. Om eg skal rekke å teste alle dei 7895 moloane i kommunen, kan eg ikkje fiske på same plassen kvar gong. Denne gongen valde eg ein molo som ligg rett heime i bygda mi, så det tok ikkje meir enn 2 minutt frå eg drog heimifrå til eg var på plass. Når eg fyrst var heime på bygda, mått eg jo ta med meg ein ekte bygdis, Mats Voldsund Djupvik.
 |
Mats – Eit prakteksemplar av ein bygdis, med matrosdress og svenskeøl. (Foto: Sindre Bøe) |
Plassen er i grunnen ganske grei, med både lyktestolpe, snuplass og rastebenk. Det var her vi stod å testskaut med ein katapult vi bygde for mange herrens år sidan, men det er ei anna historie, evt. fleire historier. Skjølv om det var vindstille, var det mykje drag i sjøen, noko som gjorde fisket vanskeleg. fann likevel ei litt skjerma hòle som det gjekk an å fiske i, og vart sitande der å kjenne etter napp. Det fyrste eg fekk var ei sypike. Så då er jo det konstatert. Sypiker finnast (i tillegg til alle andre plassar i verda) òg to meter inne i steinete molohòler. Det neste nappet var derimot ein anna krabat, om enn ingen sensasjon. Det er likevel ein art eg har hatt på lista i ca. 17 år utan å ha korkje bilete, vekt eller dato, så det blei eit lite gledesbrøl når eg endeleg fekk tetta hòlet i lista med fisken frå hòlet.
 |
Tangkvabbe (Lipophrys pholis) 39,52 gram, 15,2cm. (Foto: Mats Voldsund Djupvik) |
 |
Bluefin tanga? (Foto: Mats Voldsund Djupvik) |
 |
Eg måtte. (Foto: Mats Voldsund Djupvik) |
Mats fekk ingenting, og resten av turen var prega av at eg knakk ei stong. Lite å berette om. Denne turen var jo for ein rein kosetur å rekne. I alle fall samanlikna med den neste moloturen i slutten av månaden. Denne gongen fekk eg storfint besøk av han sjøl; Dr. Sverre Magnus Selbach. Etter å ha køyrt 570.000 lysår heiman ifrå, utbraut han: “Er du klaaar over hvor langt ute i gokk du bor?” Ja, det er eg. Vi rigga oss opp og byrja å fiske. Eller det vil sei; eg byrja å fiske. Sverre rigga fortsatt opp. Fire vidt forskjellige stenger, parra med til dels totalt upassande sneller av ymse størrelse og kvalitet skulle riggast med karpebly av finaste kvalitet og #10-krok. Her stod berre ein ting på menyen: Nordleg tangbrosme.
 |
Eg sa jo til Sverre at det skulle være BOLT-rig, men han berre lo av meg. (Foto: Sindre Bøe) |
 |
Den som ler sist, ler best. Fersk bergnebb tatt på True BOLT-rig ® . (Foto: Sverre Magnus Selbach) |
 |
Sverre entrar hòlet… (Foto: Sindre Bøe) |
 |
…og ut kom ein paddetorsk (Raniceps raninus) (Foto: Sindre Bøe) |
Mens Sverre fiska paddetorsk, fekk han òg ein hårvar. Dette er forøvrig ny art for plassen, og ein art eg manglar, men i farta gløymde vi å ta bilete av den. Eg hadde endeleg fått lav nok vannstand til å krype under ei sjøbud som er på same moloen, der eg fora inn store mengder sypike på ein plass der eg hadde sett ei diger tangbrosme på fyrste turen eg var der. Den store tangbrosma såg eg ikkje igjen, men det eg derimot såg, var ein liten rakkar eg ikkje fekk til å bite i Stavanger i mai 2014, nemleg raudflekka kutling! Det var ikkje tvil i arten, sidan dei blå finnekantane avslører den når du veit kva du skal sjå etter. For nokre år sidan hadde eg tenkt “blæ.. svartkutling”, men no var eg heilt vill! Krokrygga sprang eg attende til bilen og henta mikroutstyret. “Raudflekkah!” rakk eg å bræke til Sverre før eg hoppa og kroka meg attende under sjøbuda som ein haugvette frå Ringdrotten. Så lenge eg ikkje lyste direkte på fisken, var den ikkje vond å be, og brått, var eg ein art rikare.
 |
Art #87 – Raudflekka kutling (Thorogobius ephippiatus) 10,75 gram og 11cm (Foto: Sverre Magnus Selbach) |
 |
I mørket er den svart med blå finnekantar, men i lyset blir den gradvis lys med raude flekkar. (Foto: Sindre Bøe) |
Vi fekk vel ein paddetorsk kvar etter dette, og eg fekk ein ny raudflekka kutling. Paddetorsken trudde eg lenge var pers, berre sjå kor glad eg var her:
 |
Alltid like blid på tur. (Foto: Sverre Magnus Selbach) |
Sverre sine stenger vart kontinuerlig sjekka, og det tok som regel ikkje lenger enn 10 minutt før dei agna var tekne av krabbe, eller at takkelet var knytt blegg fast rundt mantelen i jordas indre. Ein gong rakk det likevel å kome fisk på før krabben tok agnet… Men er det ikkje?…
 |
Joda! Krabbespist nordlig tangbrosme, og art nummer 117 (eller deromkring) på Sverre! (Foto: Sindre Bøe) |
Den var fortsatt levande når den kom opp, men fekk ein barmhjertigheitskakk av doktor dyregod. Krabbeskader av denne sorten let seg ikkje lækje i naturen. Men art er art, sjølv om den er spist litt på.
 |
Den kjeven er ikkje å ta feil av; nordleg tangbrosme (Ciliata septentrionalis) (Foto: Sverre Magnus Selbach) |
 |
Ein letta mann etter å ha køyrt Noreg rundt for ein krabbespist tangrunker. (Foto: Sindre Bøe) |
Resten av natta var det lite å rapportere, bortsett frå ein rognkjeks på eit kilo+, som klarte og rote seg fast i taren og starta å plaske å lage eit forferdeleg leven i vill panikk, før den kom seg laus og sette avgarde symjande sidelengs ut i fjorden og nattemyrkret.
Den neste turen (det er sjølvsagt ein til), drog eg attende til same moloen igjen. Eg ville prøve å få den store tangbrosma eg såg under buda, men det var for høg sjø til å teste det denne kvelden/natta. Eg hadde faktisk vore cocky nok til å spør Atlanterhavsparken i Ålesund om dei var interesserte i tangbrosmer, paddetorsk, rødflekka kutling og slikt, og det var dei. Eg hadde difor med meg eit av ølkara til Frank, som sto fullt av forventning og sjøvatn og venta på at fyrste fisken skulle sjå lyset frå hovudlykta mi. Og kva blei fyrste fisken?…
 |
Strandtangbrosme! (Foto: Sindre Bøe) |
Eg fekk heilt den store sjelven… Eg ytra eit høgt, men kort “ÆH!”, slik at ekkoet dansa frå fjellet bak og utover fjorden. Det var då voldsomt til flyt på ein molo!
 |
Art #88 – Strandtangbrosme (Gaidropsarus mediterraneus) 170 gram og 26,7cm. (Foto: Sindre Bøe) |
Sidan eg var åleine, måtte eg ringe kamerat Ørjan for å bistå med fotograferinga. Deretter var det berre å gjere det ein vanlegvis gjer når ein får ny art; plage andre med det på Facebook med teite ordspel og dårleg video. Eg sendte ein SMS til Atlanterhavsparken og varsla om deira nye innbyggar. Trur kanskje eg ringde Bjørn. Eg plar gjere det òg.
Når Ørjan endeleg kom, var det på tide med litt posering:
 |
Sjå Bjørn! Eg fekk nesten med logoen på bilete! (Foto: Ørjan Gjelseth) |
 |
Litt meir alvorleg. Og litt forelska. (Foto: Ørjan Gjelseth) |
Denne krabaten var direkte vill i karet. Og det var bra den var sprek, for turen vidare gjekk til ein plass der få strandtangbrosmer har reist før, nemleg heim i kjøleskapet på Bø.
 |
Øl, ketchup og levande strandtangbrosme. Heilt innafor. (Foto: Sindre Bøe) |
Om morgonen når eg opna døra, kom lyset i kjøleskapet på, og tangbrosma Vilde (jepp, den heiter det, sjølv om eg ikkje er heilt sikker på kjønn) kvikna til med ein gong og tok nokre heftige sprell i karet. Turen gjekk deretter frå Bø, og vidare i bil til Ulsteinvik, der den vart plassert i ei garasje. VIdare tok den turen til Flø for å sjå på utsikta (og skifte vatn), før den vart avlevert på hurtigbåten frå hareid til Ålesund. For den som måtte lure, så er det faktisk dyrare for strandtangbrosmer å reise med hurtigbåt, enn det er for oss menneske. Vilde er dermed kanskje den einaste strandtangbrosma i verda som har løyst billett på hurtigbåt.
Når den var vel framme i akvariet fekk eg beskjed om at den skulle være ei stund i karantene før den skulle få ein ny heim der. Eg veit ikkje om Vilde er utstilt enno, men om du skal besøke Atlanterhavsparken i Ålesund i framtida, kan du jo spør etter strandtangbrosma Vilde. Målet er at den skal bli like populær som apekatten Julius, og få eigen song, helst spelt på rikskringkastinga sine kanalar.
Det var det siste eg hadde å rapportere frå Sunnmøre inntil vidare, men nye moloar må utforskast, og fleire andre prosjekt står i kø utover hausten. På gjensyn!
Like this:
Like Loading...
One Comment
Comments are closed.