Sindre og Franks artsturné 2015 – Del 3

Vi er då komne til siste del i eventyret om Sindre og Frank. Det er ikkje alltid at det tek lenger tid å skrive rapport, enn det tek og gjennomføre turen det rapporterast frå. Spesielt ikkje når turen varer i 4 døgn. Vi får håpe at ventetida har gjort at rapporten blir beire. I motsetning til dei fleste andre, så hugsar eg faktisk meir og meir dess lenger tida går, og eg får difor meir å skrive om etter ein månads tid med venting. Ein får vone at det eg hugsar er korrekt. Uansett, her får dykk altså del 3, og det siste vi høyrde i frå karane i Del 2, var at dei sovna i Son…

Når vi vakna om morgonen (les: ettermiddagen), var vi ikkje heilt sikre på kva som skulle bli dagens fyrste destinasjon, men eit kjapp blikk på kartet kunne tyde på at nipigga stingsild i Vestby var næraste. I alle fall i luftlinje. Eg var litt surrete etter lite søvn, men har i halvsvime klart å ta eit bilete av verdas skumlaste leirefigur.

Leirefigur. Verdas skumlaste. Kanskje kalla “Mann utan underkropp og med tomt kranie blir haldt foran augene av slu naselaus angripar bakfrå”. (Foto: Sindre Bøe)

Her var det berre å kome seg ut. Hadde eg sett denne figuren før eg la meg, hadde eg fått mareritt. Vi stilte inn GPS’en, handla inn Red Bull, sette på litt rave-dunk-dunk-musikk og la i veg. Det var like varmt som dagen før, og vi lukta allereie boknasild og sumpfot frå turens strabasar. Dusjing var det ikkje sett av tid til.

Etter det eg kan sjå frå klokkesletta i kameraloggen, tok det oss ein heil time med køyring for å kome fram til Solbergelva, som skulle huse nipigga stingsild. I den trykte 2015-utgåva av “Irvins guide til fotsopp-, brennesle- og flått-turné på østlandet”, står det mellom anna om Solbergelva og nipigga stingsild:

“Vrient å finne frem, men det skal være det”
Fiskeplass: “ca. kulp under foss”
“Den er trolig lettere å få i Kjeppestaddammene halvannen km lenger nord, men det er mer historisk sus å få den i Solbergelva.”

Vegane vart smalare og smalare, og det som var merka som vegar i GPS’en, kunne like gjerne være utmark, plen eller kompost. Når vi var komne så nær vi turte, såg “bilvegen” vidare slik ut:

Like greitt å ikkje køyre lenger. (Foto: Sindre Bøe)

Vi gjekk vidare nedover mot lyden av elva, fortsatt med shorts i brennesleland. Komposthaugar og felte tre skulle ikkje stoppe oss. Den legendariske nipigga stingsilda fekk kjeften til å fløyme over av sikkel, og blodet til å bruse.

Vakker austlandsnatur. Kompost, kratt og brennesler i skjønn foreining. (Foto: Sindre Bøe)
Kva i all verda nokon skulle trenge ein båt til i dette strøket, er uvisst. (Foto: Frank Sande)
Vi fann jo til slutt elva, og fekk baksa oss ned til den, men vatnet var brunt og vannstanden låg. Det skulle likevel være mogleg å spotte småfisk inne langs elvebredda, om dei var der. Men var dei der?
Vi kika…. (Foto: Frank Sande)
Vi leita… (Foto: Frank Sande)

Vi sto på tømmerstokkar og trykte på mobilen… (Foto: Frank Sande)
…. (Foto: Frank Sande)

Vi gjekk nedover langs elva. Vi måtte stadig bytte side pga. tett vegetasjon. Vi møtte på både frosk og sopp, men ikkje ei einaste stingsild. Ikkje eit teikn til fisk. Vi byrja faktisk lure på om vi har funne feil elv, og med våre navigasjonskunnskapar er det jo slett ikkje utenkjeleg. Kanskje nokon kan bekrefte/avkrefte? Etter å ha gått nedover elva i ein halvtime, byrja vi å gå tilbake, og kike oppover. Vi gjekk tilbake til der vi starta, og fortsatte lenger opp. Ingenting å sjå. Eg trakka i elva, og Frank reiv ned eit tre. Det siste har eg faktisk video av, men det får bli til ein annan gong. Etter ein god time i dette hølet, hadde vi ikkje funne noke som helst som kunne minne om stingsild. Med tanke på at køyreturen derifrå kom til å ta like lang tid som når vi kom, fann vi ut at det mest artseffektive (nytt ord folkens, skriv det ned) valet var å gi opp. Vi gjekk attende til bilen, banna og las, med neslebrende, oppskrapa leggar og våte sko. Historisk sus, my ass.

Neste stopp: Spydeberg og regnbogeaure

Eller nei, Det stemmer ikkje heilt. I fylgje statistisk analyse utført av Martin Solem, var abbor den arten eg mangla, som var den lettaste å få i Noreg. Irritert over å ha starta med bomtur spurte eg mine lokale kjelder på nett om ein kjapp og bankers plass for abbor. Ein slik plass ein tek med seg ungar som må få fisk kvart femte minutt for å forbli underholdt. Det tipset som var geografisk nærast oss, faktisk på veg til Spydeberg, var Årungen. Det vart eit kort stopp, og eg tok med meg markboksa og sprang ned i sivkanten. Sivkanten var ikkje særleg solid forresten, og eg seig sakte ned i vatnet. Rett utanfor låg det ein masse blåser i fine rekkjer, nett som blåskjeloppdrett. Det var sikkert ikkje det. Med ein liten dupp og mark, tok det kanskje 3 minutt før fisken var i boks. Ingen storkar, men det var då heller ikkje målet.

Art #79 – Abbor (Perca fluviatilis) 49,1 gram, 17,7cm (Foto: Frank Sande)

Frank hadde allereie abbor, så det var berre å måke på vidare. Og i staden for å fiske i blinde som vi hadde gjort hittil denne dagen, var det på tide å ordne ein skikkeleg guide til regnbogefiske, Vetle Westli. Eller, eg ringde vel berre for å få ein presis kartlink til parkering og slikt, men han hadde tid og anledning til å guide oss, og fiskestengene låg allereie i bilen. Vi treftest på ein bensinstasjon, og køyrde foran oss heilt til destinasjonen, der vi parkerte klin inntil elva. Når vi var framme, informerte oss om at det var lett å plukke ørekyte der, og som sagt så gjort…

Art #80 – Ørekyte (Phoxinus phoxinus) 3,1 gram, 7,6cm (Selfie: Sindre Bøe)

Tanago med markbit fungerte bra, og det gjekk ikkje lange stunda før Frank òg kunne vippe opp ein.

Art #62, og som med alt anna med Frank, var den eit hakk større, 8,66 gram (Foto: who knows?)

Vi fiska oss sakte og forsiktig opp elva i søk etter neste art, regnbogeaure. Eg fiska vidare med same duppen og marken eg har brukt på nesten alt av nye artar hittil på turen, og lot duppen drive sakte nedover elva.

Spydebergsk landbruksidyll. (Foto: Frank Sande)

Vetle fiska med frilina mark, og det gjorde vel kanskje Frank òg. Det var tidleg napping, men ingenting som ville site, og vi brukte ein liten halvtime opp gjennom elvebredda (for øvrig ein REINSPIKKA brenneslejungel det òg) før eg endeleg kunne notere ny art!

Art #81 – Regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss) 270 gram, 29cm (Foto: Vetle Westli)

Mens eg balla med vekt, målingar og selfies, var Frank lenger oppe i elva og prøvde vidare. Han fekk sjølvsagt ein litt større, men vekta hugsar eg ikkje.

Frank med art #63 (Foto: Vetle Westli, trur eg)

Regnbogeaure er jo, for å sitere ein kjend biolog: “en fremmed drittart som går i oppløsning bare du tar i den”. Men her lever den altså vilt, og formeirer seg tydelegvis òg, så den har ikkje same skrekkfilm-looken som me er vande med frå media. Vi kakka uansett begge to og tok dei med til mat, som eg forresten aldri kan huske å ha spist. For alt eg veit kan det være dei ligg i Yarisen endå. Vi hadde ikkje kjent forskjel på lukta uansett.

Sidan Vetle hadde tid, og elles er kjekk og grei, tok han oss med til ein plass der dei brukte å fiske steinsmett. Eg hugsar rett og slett ikkje navnet på plassen, og i loggboka har eg skrive “Vetlefoss”. Tvilar på det stemmer, men eg trur ikkje det var langt unna. Eg tok berre eitt einaste bilete på denne plassen, og for folk som er kjende der, ser ein kanskje kvifor vi ikkje fekk steinsmett. Det var fleire meter høgare vannstand enn normalt. rett og slett full flo.

Idylliske Vetlefoss i full flo. (Foto: Sindre Bøe)

Endå ein bomtur, men vi lot oss ikkje stoppe av den grunn. Vetle måtte på jobb, men vi tura vidare mot tjukkaste Oslo for å begi oss på den hottaste trenden i vinden, nemleg street fishing, eller gatefisking. Frank skulle til Hovinbekken og “plukke” bekkerøye. Alle som har fortalt oss om denne plassen seier at det tek omlag ni sekund å få arten, og vi fann det vi meinte var det minst krevande terrenget å fiske i.

Frank som gatefiskar etter bekkerøye. (Foto: Sindre Bøe)

Vi såg mange bekkerøyer der vi stod. Dei fleste såg ut til å være ca. 300 gram, men andre var ein del større. Dei var tydelegvis like redd for meitemark som dei var for basketball, for å bite på kroken var dei ikkje interessert i. Dei sto der i stimar på 4-5 fisk rett foran oss, på 20-30cm djupt vatn, og viste null interesse for agnet uansett korleis vi presenterte det. I det vesle tjernet nedanfor (som luktar bæsj), var det mykje vaking, men heller ikkje her var det napp. Vi gav opp heile streetfisken (dritfisken), og tura vidare mot neste destinasjon.

Eg mangla fortsatt brasme, Frank mangla vederbuk, og begge mangla stam. Ein elvebank ved Slattum skulle huse alle desse, så vi vart einige om å legge ned nokre timar der. Her blei det fiska høgt og lågt, med både mais og mark. Eg fekk fyrste fisken rimeleg kjapt. Eg må vedgå at eg trudde det var stam eg hadde fått. Ukjend med karpefisk som eg er, trudde eg dette i dagevis etterpå, før eg kom heim og fekk biologane på huset til å gå over bileta. Eg kunne alltids ha skylda på søvnmangel og/eller nattemørket, men sanninga er den at eg ikkje har peiling. Det viste seg altså å være ein vederbuk.

Ikkje ny art, men ny pers på vederbuk, 720 gram og 37cm. (Foto: Frank Sande)

Utover natta  nappa vi opp forskjellig rask, men vi fekk ingen av target-artane. Det gjekk for det meste i laue, mort og flire, og vi kunne sikkert med fordel gått opp i krokstorleik. Litt persing vart det dog.

Ny (patetisk, er eg blitt fortalt) pers på mort, 83,6 gram. (Foto: Frank Sande)
Pers (og klubbrekord) på hork, 27,3 gram, 14cm. (Foto: Frank Sande)
Ein frosk eg nesten ramla i elva for å ta bilete av. (Foto: Sindre Bøe)

 Som eit siste sprell før vi la oss, dro vi til Rotnes for å “plukke” steinsmett der. Vi hadde kartlink, og hadde lest at vi skulle “rote i gress”, eller noko slikt.

Sjølv om vi på dette tidspunktet var både trøytte og lei, kunne vi lett sjå at vi tydelegvis var blitt lurt. Her fanns ikkje ein einaste steinsmett, berre ørekyte og hork så langt auge kunne sjå. Ja, vi fiska faktisk opp diffuse hork i tilfelle det var vi som såg feil, men det var desverre hork. ETter å ha gått att og fram på desse 50 metrane i tre kvarter, var det nok. Føtene mine hadde sikkert byrja å seigrotne allereie då eg trakka i elva 12 timar tidlegare, og fjellskoa hadde våre som eit lukka anlegg for oksygenfattig nedbrytning sidan den gong. Resultatet var sumpfot – level 14 – myrlik…

Eg eldast tydelegvis nedanfrå og opp. Og ja, det lukta så ille som det såg ut. (Foto: Frank Sande)

Då var vel eigentleg heile artsturnéen over, og vi køyrde atter ein gong til Son for å sove i seng. Morgonen etterpå køyrde vi nordover, men vi var lure nok til å legge inn ein liten avstikkar til Gjøvik for å ta nipigga stingsild. Same mann som leda oss ut i bomtur i den fisketome krattskogen ved Solbergelva av nostalgiske årsaker, visste om ein plass som tydelegvis var meir bankers. 100% bankers skulle det vise seg. Staden var Småbåthavna på/ved/i (?) Rambekkmoen i Gjøvik. Temperaturen låg på behagelige 24 grader.

To fine gjedder som kosa i småbåthavna. (Foto: Sindre Bøe)

Det tok oss ti sekund å finne stimen, og ti sekund å få kvar si nipigga stingsild. Eller, den fyrste eg fekk var rykt i rævholet, så eg brukte sikkert 25 sekund før eg fekk ein som var korrekt kroka. Kan trygt anbefale denne plassen foran den fyrste vi prøvde!

Art #82 – Nipigga stingsild (Pungitius pungitius) 0,69 gram, 4.1cm (Foto: Frank Sande)
#64 på Frank, ukjent vekt. (Foto: Sindre Bøe)
Vi sette bilen i gir og kom oss vekk derifrå. No gjekk vegen rakt heim att til Sunnmøre for å sove, pleie føter og skrive rapport.
Og snipp, snapp snute, så var eventyret ute!
Eg vil avlutte med ei lita takkeliste:
Irvin Kilde
Bjørn Florø-Larsen
David Volent Lindberg
Vetle Westli
Albin Dal
Andreas Næristorp
Peter Stenhjem Lie
Jan Andren
Vegar Seljestokken
(og alle andre som føler seg støytt for å ikkje bli huska)
Utan dykkar hjelp, guiding, tips, triks, kartlinkar, artsbestemmelsar og tolmod, ville ikkje ein slik kjapp på-sparket-tur ikkje bli korkje effektiv eller like artig. Tusen takk! 🙂
(Om du ikkje har lest dei tidlegare delane, kan du trykke på lenkene under)

4 Comments

  1. Irvin says:

    Frosken er en padde.

    Like

  2. Irvin says:

    … og det var alt jeg hadde å si. Neida. Magisk lesning, og veldig fornøyd her jeg sitter med at jeg fikk lurt dere inn i litt historisk sus aka krattskau med innlagt brennesleplantasje.

    Like

  3. Sindre Bøe says:

    Men… er det klubbrek på sumpfot?

    Like

Comments are closed.