Pissregn og piggskater – Return to Terminalen

Då har eg omsider landa trygt heime på Sunnmøre, og planane til NKML avdeling Ytre Søre Sunnmøre aldri vore så omfattande som i år. Det er lagt ville planar om både tangbrosmer, piggvar, tungevindu, havål og skjellbrosme, men aller fyrst måtte vi ha eit lite gjensyn med ein gammal travar av ein plass – Herøyterminalen (eller berre Terminalen blant dei lokale)

Terminalen er den fiskeplassen eg vaks opp med. Her gjekk vi å fiska heile dagane. Fyrst med sluk, og deretter med agn. Fyrst etter flyndrer, og deretter piggskater. For det er piggskatene som er det spesielle med plassen. Det er til tider store mengder, og snittet er rimeleg bra. Det er teke ein fisk på 9+, minst to på 8+, to på 7+ og fleire på 6+. Fisk på 4-5kg er det vanlegaste, og dei heilt små er sjeldnare å sjå. I tillegg er terminalen rimeleg artsrik, med totalt 30 registrerte artar, så det er mykje å slå ihjel ventetida med om ein likar slikt. 
Etter litt research fann vi ut at det var teke piggskate på 8+ der for ikkje lenge sidan, og rykta sa òg at fangstmannen åt den. Desse rykta fekk vi bekrefta frå fangstmannen sjølv, som sto på plass når vi kom, med to skater på 4-5kg på kaia. “My wife make very good!” Jaja, så lenge han faktisk et dei, skal ikkje eg leike fiskepoliti. Vi bestemte oss fort for å starte terminalsesongen med eit brak, og fiske heile natta. I tillegg til meg og Frank, ringte eg ein annan gammal terminaltravar, Asgeir Kvalsund.
Litt vin, og vi var i gong. (Foto: frank Sande)
Som nevnt i tittelen så byrja det å regne. Det var ikkje overaskande, Det har regna i dagevis på Sunnmøre, som ellers i landet, og meldingane gav lite håp om opphald. Etter at stengene var rigga opp og skateagna var i vatnet, prøvde vi litt etter spanande småtteri rett nedanfor kaia. Den vanlege takta brukar å være omtrent 10 sypike – 1 anna fisk – 10 sypike – 1 anna fisk – 10 sypike etc., men i dag starta det annleis. Den fyrste fisken eg fekk etter å ha returnert til Sunnmøre var ei kveite. Riktignok den minste kveita eg har sett sidan eg var på besøk på oppdrettsannlegget på Mjølstadneset, men kveite er kveite. Ein godkjent start!
Ost er ost, kveite er kveite. (Foto: Frank Sande)
Det neste som kom opp var ein liten lokal sensasjon. Gjennom alle dei tusenvis av stangtimar med alle tenkjelege agn og krok til alle tenkjelege årstider, har ingen (med det eg veit) fått lomre her tidlegare. Ekstra stas var det då at det var Frank som fekk den, sidan dette blei ny art for han.
Berre 295 gram, men ny art for Frank, og ny art for Terminalen. (Foto: Sindre Bøe)
Utanom ei sypike som eg trudde var pers, vart det ikkje meir spenning på oss før mørket senka seg. Asgeir var den fyrste av oss til å få kontakt med det som såg ut til å være rette sorten. Blytungt og seigt, men med nokre gjenkjennelige stirrige protestar innimellom.
Asgeir i kjent einhåndsstil. (Foto: Sindre Bøe)
Og rette sorten var det, ei meir enn godkjend piggskate på 5250 gram.
Glad mann med “erigert” skate. (Foto: Sindre Bøe)
Ein skatemessig pangstart, og trua var absolutt på plass. Asgeir hadde ikkje fiska siste tida, og det kan sjå ut til at denne pangstarten tende ein gnist i auga hans. Ein gnist vi ikkje har sett sidan Rovdefjorden i fjor. Vi fiska vidare, og det var vist fortsatt Asgeir som var i rett modus i kveld.
Ny fisk, same stilen. (Foto: Sindre Bøe)
Det var ikkje like tungt denne gongen, men hakket meir aggressivt (om eg ikkje hugsar feil). Rette sorten var det uansett, også den i typisk terminal-storleik.
4200 gram (Foto: Sindre Bøe)
Asgeir skulle tidleg opp på jobb, og måtte ta kvelden. Eg sjølv hadde ikkje fått skate enno, så det var berre å fiske vidare. Ei fattig trøst var at Frank heller ikkje fekk noke. Dette endra seg etter eit par timar då Frank flekka opp si fyrste for kvelden, på 3kg blank,

Søt sak med makrell i munnviken. (Foto: Sindre Bøe)
(Foto: Sindre Bøe)

Det var lite action utanom skatestengene denne natta. Eg prøvde å lyse litt i steinane bak kaia, men vinden og regnet øydela mykje. Ellers nuppa vi opp ein del små sypiker, utan at det gav meirsmak. Vi sat difor mykje i bilen og åt snacks og drakk kaffi. Nærare to timar etter at Frank fekk skate, fekk han ei til. Denne gongen var den noko større. Etter ein del baksing kom fisken etterkvart til syne, og den fekk akkurat plass i håven som på dette tidspunktet var akkurat lang nok til å nå ned frå kaia. Det viste seg at det vart ny pers på Frank, med 5100 gram.

Pers-fjeset til Frank. (Foto: Sindre Bøe)

Resten av natta var det lite som skjedde, i alle fall for min del. Frank persa på vanleg ulke og sleit snøret på ein slu torsk i halv fire tida, og etter det fekk vi ingenting. Eg hadde altså ikkje fått skate i det heile tatt, og einaste forklaringa eg kan finne (i retrospekt) er at eg kanskje hadde for stort agn. Eg fiska med betydeleg større agn enn dei to andre, i håp om å “luke bort dei små”, men det var kanskje ikkje heilt vellukka. Eg brukte halv makrell, mens dei brukte mindre bitar, og dei hadde generelt meir action.

Kvelden etter skulle det vise seg at vi rakk ein liten tur til, men denne gongen fekk ingen av oss skate. Det dukka opp nokre små rødspetter, men dagens nevneverdige fangst var det Frank som stod for. Steinbit veit eg berre om 4 tidlegare fangstar av her, og då var det ekstra greit at det var Frank som fekk den, sidan den vart ny art for han. Ikkje heilt enkel å posere med denne her, men det blir i det minste artige bilder. 

(Foto: Sindre Bøe)
800 gram sint steinbit. (Foto: Sindre Bøe)
(Foto: Sindre Bøe)

Det vart ikkje piggskate på meg denne helga, men eg bur ikkje lenger unna enn at eg kan gå dit. Eller, eg går jo ikkje dit, eg har bil. Men eg kunne ha gått dit om eg ikkje var lat.

Takk for turen gutar, vi får sjåast neste gong. Eg treng nokon til å ta bilete av meg og 8+’aren min. 🙂

One Comment

  1. Haze says:

    Drömfiske 😉

    Like

Comments are closed.