Det norske artsfisket er inne i spanande tider. Nye transparante dukkar opp nærmast dagleg, og sandhala klokvabbe, femhorna skoskate og tolvarma fjerdeklassing ser ut til å være rett rundt hjørnet. All ære til dei som driv med slikt, men det kan fort bli mykje å holde styr på for ein enkel stakar frå bygda.
Eg skal difor no ta for meg ein av dei vanlege fiskeartane vi alle kjenner til, nemlig stor kantnål (Sygnathus acus).
![]() |
Stor kantnål (Sygnathus acus) (Bilde: Wikipedia) |
Eg har sjølvsagt sett dei fleire gonger gjennom oppveksten. Har faktisk tatt ein med “flyndrestikkar”-spyd også, men aldri fått han på kroken. I mange år var det ein fisk som “ikkje var vits” å bruke tid på. Den var ein treig stabeis som aldri viste interesse for noko som helst, og slik var det også den einaste gongen eg verkeleg har prøvd på nålefisk tidlegare. Dette var ein bitter liten sak på Skansen. Den var latterlig liten, men med tanago-krok var det jamvel(?) håp, eller?.. Enda på visa: Eg fekk den aldri. Men… Vegar fekk den. Kva var forskjellen som gjorde utslaget? Jo, kantnåla ville ikkje ha avrevne hovud av babytanglopper, den ville ha mysis.
![]() |
Eksempel på mysis, her representert ved Mysis mixta. (Foto: Marinespecies.org) |
For det er verkeleg mysis som er “the shit” på desse rare fiskane, som ser ut som ei krysning mellom draken frå Mummi og ei grein. Det tok nokre år før artsfiske-Noreg fann ut av dette, men Stavangermafiaen klarte å observere ei nål som kasta seg over ein myside ein sein kveld, og då var koda knekt. Sidan den gong, har nålefisk blitt “piece-of-cake”, “walk in the park”, LÆTT og noko alle seriøse artsfiskarar har fått opptil fleire av. Ja bortsett frå meg då.
Ikkje at eg har prøvd så hardt. Har ikkje prøvd meir enn den eine gongen faktisk. Etter at mysis-oppdagelsen endra nålefiskeriet fullstendig har eg berre konkludert med at “det blir ein dag”.
Etter å ha fått ei kreativ kortslutning på ein Biltema-butikk, fann eg her om dagen ut at eg skulle lage meg ein state-of-the-art teleskopisk mysis-håv. Tungevindu roll over, liksom! Ideén var like enkel som som den var lite gjennomtenkt, og gjekk ut på å krysse ein Biltema “fiskehåv” med eit teleskopisk grillspyd. Oppfinninga vart lansert med brask og bram på verdsveven, og fleire (les: meg) meinte at vi var vitne til eit paradigmeskifte i norsk mysisfangst.
![]() |
SindreTech Teleskopisk Mysishåv! (Foto: Sindre Bøe) |
På torsdag kveld var det så mildt og fint at eg tenkte dette var den perfekte dagen til å ta nokre jomfrusveip med håven, og leite etter ei passande kantnål å servere deileg mysis til. Eg vart ikkje mindre kåt på idéen min når eg fekk ein snap frå Bjørn, der han viste fram den nye rosa mysishåven sin etter ei vellukka håveøkt. Men kven blir ikkje kåt av slikt?
Ilsvika skulle være plassen, der var det mysis. Mest nei. Der var det tanglopper og diesel. Med Vebjørn som sherpa håva eg opp 7-8 små tanglopper før min kjære nyfødte oppfinnelse, det teleskopiske vidunderet, knakk i to. Eg tok den opp, såg på den og tenkte at “dette kan jo fiksast”, men før eg rakk å tenke meir, ramla alle ledda i teleskopmekanismen ut, saman med nokre ringar og dilldall som sikkert skulle halde dei på plass. Konklusjon: SindreTech Teleskopisk Mysishåv var ein fiasko, og må nok trekkast frå marknaden.
Men når ein fyrst er ut på tur, kan ein ikkje gi seg av slikt. Eg tenkte at tangloppehovud får berre duge, eg kom sikkert ikkje til å finne nål likevel. Eg hadde dessutan med meg rekeegg, og det var jo eit rimeleg “hot” agn i gamledager, før mysisen stal showet.
Eg innser på dette tidspunktet at eg har skrive veldig mykje utan å kome til fiskinga, så eg kan korte vekk dei neste timane i punktlisteform:
- Vi kika etter fisk, fann tangstikling.
- Vebjørn fiska på tangstikling, fekk den ikkje.
- Frank og Ida kjem og bidreg med ekstra auger.
- Hovudlykt går tom for batteri. (Amatørfeil – hadde ikkje lada…)
- Vebjørn gir seg, hovudlykt 2 blir henta.
- Ida spottar kantnål som ligg og kveilar seg på ein kjetting.
- Eg prøver med tangloppefragment, rekeegg og Gulp! – Ikkje vits.
- Hovudlykt 2 går tom for batteri…
Mest amatøropplegg hittil med andre ord. Det er no Bjørn kjem trillande som ein kvit riddar i sin fagre BMW og reddar situasjonen. Han har sikkert hatt ereksjon i nærare eit døgn etter å ha sett/høyrt/lest om/sikla på glasstunga til JOFL, men var forbausande pigg likevel. Han redda kvelden på alle måtar. Han har hovudlykt, erfaring, mysis. Alt ein kan ynske seg i ein mann!
![]() |
“Då kom engelen til dei og sa… “Gjørr so eg seie, så får du’an.” (Foto: Sindre Bøe) |
No fekk vi endeleg lyst opp litt skikkeleg, og presenterte blodfersk mysis 10cm foran nasen på udyret. Bjørn var klar i talen:
Kankje en time ja. Joda, det stemte godt det. Etter eit lite dykk til botnen, steig den oppatt til kjettinga og kveila seg rundt eit stykke lenger borte. Eg måtte no dukke bort under landgangen ei anna brygge for å nå ut til den. Ned på huk, med ein fot på halv åtte, ei arm i rekkverket og balansepunktet langt ut av vater. Slik sto eg der, heilt på kanten, mens kantnåla hadde stirrekonk med mysiskadaveret ved kjettinga. Bjørn fungerte som liggande lyktestolpe oppe på landgangen.
Eg bytta fot med jamne mellomrom, men det var ikkje behageleg dette her. Bjørn holdt motet oppe:
Mens blodet sakte rann attende i høgrefoten for tiande gong, vart den litt meir nærgåande…
Eg såg den tygde! Kor lenge tygg dei før dei spyttar? Eg lyfta bestemt i eit slags “tilslag”…
Og vips var ein mysis vekke, og kantnåla leda 1-0. Den skal vist tygge lenger. Jaja, mysisen var intakt, berre å fortsette. Eg sto der ei stund til, og var no blitt like flink å balansere som ein full gnu med rulleskøyter. Eg vart med andre ord dårlegare og dårlegare å holde agnet i ro slik eg fekk beskjed om, men kantnåla hadde fått smaken på mysis… Den tok ein ny vri, og gjekk til åtak frå undersida. No lot eg den tygge lenge, men å gi tilslag på ein fisk som “står på tå i vatnet” med truten rett opp, skulle vise seg å være ein tabbe det òg… Opp kom kroken, men ikkje mysis. 2-0 til kantnåla.
Ny mysis, nytt forsøk, og no var den litt lettare å be. Det tok ikkje lange stunda før den tok på nytt, og no venta eg med tilslaget til den byrja å bukte seg, rykke og slite i snøret. Pang, rett opp, rett inn, og der var den! Art #69!
(Eller, det var jo ikkje “rett opp, rett inn”, men høgt opp på landgangen, backhandsleng over eit rekkverk og inn i nevane til Bjørn mens eg sto å vippa på ein fot, tok ein halv piruett og holdt pusten.)
Den var ikkje sann veeeldig enkel å posere med, men det gjekk greit, for Bjørn er jo ein trollmann med kamera òg.
![]() |
Art #69 – Stor kantnål – 37,52 gram, 40 cm (Foto: Bjørn Florø-Larsen) |
![]() |
Obligatorisk bartebilete. (Foto: Bjørn Florø-Larsen) |
![]() |
(Foto: Bjørn Florø-Larsen) |
![]() |
(Foto: Bjørn Florø-Larsen) |
Inga kjempe, men ingen dverg heller. Ny art, og kvelden var redda. Det vart ei passande avslutning i Trondheim før eg flyttar attende til Sunnmøre på mandag. Skulle eigentleg teste etter kloskate i Ilsvika kvelden etter, men dei planane sette prosjektet “Renere Havn i Trondheim” ein effektiv stoppar for.
Grattis!! En cool art de där!
LikeLike
Takk for det! Absolutt kul art, som ein panser-orm-sjøhest-drage. :p
LikeLike