Sindre og Franks artsturné 2015 – Del 1

Begrepet «artsturné» er etterkvart blitt eit etablert uttrykk i artsfiske-Noreg. For alle som måtte lure, kan det «kort» forklarast slik: Ein artsfiskar samlar på artar, og på austlandet (spesielt i Oslo/Akershus-traktene) finnast det ein god del fiskeartar som anten finnast berre der, eller som er ein god del enklare å få der. Det at mange av desse er samla på eit så konsentrert område, gjer at det ofte blir korte avstandar å køyre frå plass til plass for å «hente» neste art. Slike turar blir også kalla «austlandsturné», og dei er ofte prega av mykje fastfood, red bull, lite søvn og dårlege mobilbilder av svartelista dassmort fanga i ein forureina urban kloakkpytt. Kjempegøy!

Som sunnmøring kjem eg jo frå eit fylke der ferskvassfiske = aure/laks. Resten av ferskvassartane (og det er ikkje rare greiene) er rekna som ufisk. Utanom aure og laks finn du ein og annan ål, røye og stingsild her og der. Ein lokalitet har også gjedde, til dei innfødtes store irritasjon, der dei har brukt både dynamitt og høygaffel for prøve å bli kvitt den i fleire generasjonar. 

Eg har i fleire sumrar sagt at «i år blir året» då eg skal ta ein slik artsturné, men det har aldri blitt. Heldigvis har eg ein kamerat som eg gjennom årevis med manipulasjon og bearbeiding har forma dithen at han faktisk har blitt ein svoren artsfiskar, nemlig Frank Sande. Han er i tillegg kjend for sine spontane innfall, og var ikkje vond å be med på ein slik tullete ekspedisjon. Den 7. juni kom eg med forslaget, og den 8. juni var vi på veg.

Det er minst to gode grunnar til at Frank er perfekt til å ha med på ein slik tur:
  • Han er ein utholdande sjåfør
  • Han likar tur-duppedingsar som gjer livet på vegen lettare, og hadde (i tillegg til fiskeutstyr, øl og kle) med seg blant anna:
    • frontrutemontert mobil/gps
    • frontrutemontert GoPro med alt tilbehør Kina kan tilby
    •  laddar til alle mobiltelefonar som finnast
    • to portable hurtigladarbatteri med USB
    • to-tre splittarar for å lade ørten ting samstundes
    • Eit bilbatteri i baksetet med ein omformar for å lade hovudlykter og ja.. andre ting?
    • Eit 4-mannstelt
    •  Eit 12-mannstelt
    • 2 oppblåsbare madrasser og ein elektrisk pumpe til desse
    • 2 STORE klappstolar
    • ein grill
    • eit stormkjøken
    • tungevindu
Av ting som kanskje gjer han litt mindre eigna kjem eg på desse:
  • Han må ha perfekte forhold for å sove (lydlaust, lyslaust, rett temperatur, rett luftfuktigheit/trykk osv.) Fuglekvitter er nok til å øydelegge natta hans.
  • Han har ein litt ukurant bil som han insisterar på å presse oss (og alt det andre) inn i. Mitt forslag om å ta min Råyota Råyolla vart nedstemt med det argument at eg ikkje hadde CD/spelar.
Arts-Yarisen. (Foto: Sindre Bøe)
Sjølv med bazooka og verdas minste takboks er det ikkje å stikke under eit strykebrett at Yaris’en blir litt i minste laget, men på den positive side så … vel.. den er lett å parkere?

Med på turen hadde vi i tillegg med ein blodfersk og oppdatert versjon av Irvins famøse verk:

(Foto: Sindre Bøe)
Ferskvassfisk er eigentleg ei einaste stor “ukomfortsone” for min del, og eg veit omtrent ikkje skilnaden på ein suter og ein dupp. God hjelp, rettleiing, kartlinkar, artsidentifisering osv., både på Facebook, mobil, i trykt form og ansikt til ansikt, både før og underveis på turen, var avgjerande for at eg i det heile tatt skulle få til dette. 

Vi bunkra opp med bensin, øl, kartlinkar og red bull, og la i veg. Eg hadde ein halv pose med vin eg kosa meg med på vei nedover, og vi tok oss tid til å sjå på severdigheitene landet har å by på, som Hunderfossen-trollet, live snøras og kjempestore padder.
(Foto: Frank Sande)
Vi merka fort at temperaturen heime i Herøy (9 grader og regn) ikkje stemte overens med resten av landet. Allereie i Stryn kom sola, på Skjåk bytta eg til shorts og når vi kom til Oslo var det tropisk stemning med 20-25 grader frå 21 til midnatt. Eg var allereie solbrend.
Sveitt og mør i legemet køyrde vi rett til Kasut for å plukke solabbor og suter. Eg har fått vite at det ikkje eigentleg heiter Kasut, men kva det eigentleg heiter, hugsar eg ikkje. Vi møtte då vår lokalmann og gamle kjente, David Volent Lindberg. Han som i si tid ga vekk ei panserulke til meg, og det var først etter dette at den vart etablert som «plukk-og hent»-art i Trondheim. Ein raus mann som eg fortsatt skyldar ein ny art, og som no altså skulle guide oss til endå fleire.
Kasut er som tropiske jungeltjern flest, prega av tett vegetasjon, vassliljer og lydar frå insekt, fugl og apekattar tett innpå. På den flekken vi stilte oss opp gjekk det for så vidt an å kaste, men det var ikkje heilt lett, men heller ikkje naudsynt.

(Foto: Sindre Bøe)
Metoden var enkel. Dupp (eller friline) med ein halv eller kvart mais på ein krok i ca. str. 14, fiska kvar som helst. Det tok ikkje lange stunda før fyrste nye art var sikra, nemlig det svartelista importerte sjarmtrollet rødgjellet sølabbor.
Art #70 – Rødgjellet solabbor (Lepomis gibbosus) – 13,88g og 10cm (Foto: Frank Sande)
Eg fekk vite at same metode gjaldt for å fiske suter i vatnet, som ikkje akkurat var ein spektakulært storvokst bestand. Eg fekk raskt ein suter, og hadde no to nye artar med 20 minutts mellomrom. Frank brukte litt lenger tid, men vippa til slutt opp eit eksemplar av begge to.

Art #71 – Suter (Tinca tinca) 57,7g og 17cm. Eg kunne valt eit anna bilete, men det ville ikkje blitt like morosamt. (Foto: Frank Sande)
Sveitt Frank med sin art #57 – Solabbor på 15,16 gram. (Foto: Sindre Bøe)
Art #58 – Suter på 19,56 gram. (Foto: Sindre Bøe)

Vi hadde eigentleg planar om å prøve nokre timar etter karpe her, men når David fortalte om sitt manglande hell med arten, var vi meir interessert i å nytte kveldstimane til noko anna. Sidan både eg og David mangla sørv, skulle vi først gjere eit forsøk etter den i Gjellumvatnet i Asker. Der skulle det være tjukt av sorten, men vi fekk bærre to mort.

Ingenting å seie på fasilitetane, men sørven uteblei. (Foto: Sindre Bøe)
Når det mørkna fann vi ut at det var viktigare å ta turen til Drengsrud, enn å bruke akkurat denne kvelden på å ikkje få sørv. Vi starta med å teste i Drengsrudbekken etter bekkerøye, noko som også skulle vise seg å bli bortkasta tid. Vi såg småfisk, men fekk dei ikkje.
Det einaste bilete eg har frå Drengsrudbekken. Dupp m. mark i grein til høgre. (Foto: Sindre Bøe)
Sidan også bekkerøye skulle være ein art som var lett å plukke andre stader, køyrde vi opp til Drengsrudvanna for å ta dvergmalla. Der sat Albin Dal og venta på oss med frosne mort, som skulle være malleagn nummer éin. David hadde også med reker, og vi hadde makk òg. Albin hadde venta på oss ei stund, og funne ei bekkerøye (av alle ting) som sto og venta på å bli fiska i utløpet ved demninga. Den var svært sugen på ein centimeter med mark, og vips, ny art!
Art #72 – Bekkerøye (Salvelinus fontinalis) 39,6 gram og 16cm. (Foto: Albin Dal (trur eg))
Dvergmallene var allereie spotta fleire gonger langs demninga, der dei rota rundt i “ferskvasstaren” og leita etter… ja.. kven veit. Her skulle det som sagt fungere med både mort, reke og mark, så eg starta med å prøve mort på ei stong, og reke på den andre. Vi lobba ut i nærleiken av der mallene sist var observerte. Agnet skulle ligge på botnen, og gjerne med ein dupp, slik vi får med oss om det skjer ting. Ellers kan det nemnast at dei er store i kjeften, så størrelse på krok rundt 4 eller 2, og agn deretter er ingen problem.

Allereie ein halvtime seinare kunne eg vippe opp eit eksemplar av arten, som er kul som ei kassse tresko!

Art #73 – Dvergmalle (Ameiurus nebulosus) 89,9 gram og 21cm. (Foto: Albin Dal? Frank?)

Frank hadde større problem med dvergmallene, og heldt på ei stund utover natta. Vi såg fleire når vi lyste, men Frank var ikkje like heldig med å få dei på kroken. Når klokka hadde passert 03:00, og det hadde byrja lysne vart han merkbart meir desperat og irritert. Det gjorde ikkje situasjonen beire at han klarte å kroke ei malle like bak rævhólet. I mellomtida hadde eg klart å slå min gamle karussrekord med heile 28,9%, og var no oppe i svimlande 24,5 gram. Eg hadde også filma ein kreps. Sidan det såg ut til å bli ei lang natt for Frank, hadde vi slått opp teltet på denne idylliske og rolege, folketome plassen.

Klokka 03:40 vart det endeleg napp hos Frank, og han svinga inn ein vakker bartefisk foran teltet.

Barte-Frank med bartefisk i dagslys. 142,5 gram, og hans art #59. (Foto: sindre Bøe)

Det var seint, og vi la oss til i teltet for å sove. Eller dvs. eg la meg til for å sove. Frank får ikkje sove, det var alt for lyst, for kaldt, for mykje fuglekvitter og insektlydar. Når eg i tillegg snorkar som ein gris, gjer det ikkje saka beire. Utanom å køyre bilen rundt ein låst bom, ned i ei grøft, opp igjen, gjennom ein skog og ned til demninga, veit eg ikkje kva han brukte natta på. Men eg likar å innbille meg at han dansa rundt i fullt indianarkostyme på demninga, i djup psykadelisk rus frå ei nærliggande plante. Uansett kva han gjorde, så var frukosten allereie klar når eg sto opp. Frank, altså!

Food porn. (Foto: Frank Sande)
“Utkvild, kvikk og rask.” (Foto: Frank Sande)

Planen vidare var å pakke ihop campen, og prøve litt etter ørekyte på same plass.

“Ørekyte får du lett tak i i dammen som ligger over gjerdet, mot det nedre vannet. […] Husk å trampe på mort.”. (Kilde, 2015:3)
Vi fekk ikkje ørekyte, men vi fekk mort. Vi observerte i tillegg ukjend yngel på under 1cm, samt sint abbor. Det hadde lysna mykje no, og tidlegare idylliske og folketome plassen aula no med barnehageborn, syklistar, barnevogner, hundar og slike urbane joggefolk med strømpebukser og ledningar på kroppen. Vi bestemte oss for at nok var nok, og sette kursen mot neste destinasjon. Vi skulle etter planen bruke dagen, kvelden og natta i Dynovika, men vi hadde fått inn meldingar frå satelitt som tilsa at Einedammen i Asker skulle være så proppfull av sørv at eg sikkert måtte være både blind og idiot for å ikkje få den der. Frank hadde allereie sørv på lista si, men var raus nok til å innvilge meg denne vesle avstikkaren for å “hente” ein ny art. 
No får vi eit klassisk eksempel på at guiding og den slags kan være svært verdifullt. Sjølv om sjølve fisken er enkel, kan andre ting som geografi være minst like krevjande. For fyrste gong på eigahand skulle vi to fiskarbøndene frå Møre finne fram til denne pytten. Med moderne teknologi og god ekstern hjelp fann vi fram. Men kvar skulle vi parkere?

Vi trur vi er smarte å køyrer opp ein liten traktorveg som skal føre oss til den parkeringsplassen som er nærast i luftlinje, og dette skulle vise seg å være ein skivebom. Det fyrste vi må forsere er Nord-europas høgaste hestemøkkdynge. Deretter ramlar vi ned i ein klegginfisert skog, der vi må over eit nettinggjerde. Vi befinn oss då plutseleg i ein gjengrodd hage, i shorts. Det viser seg at denne hagen er gjengrodd av brennesler, Austlandets nasjonalblomst. Gjennom neslene og ut på andre sida kjem vi til eit straumførande gjerde beregna på hest, som vi på møysommelig vis snik oss gjennom, nesten utan å bli grilla. Over jordet og gjennom same straumgjerdet på andre sida, opp ein liten skrent, og tadaaa…. der har vi den, Einedammen! Vi ser då at det er gang- og sykkelveg langs heile denne sida på dammen, og heile jungelferda med fiskeutstyr kunne vore unngått. Jaja, pyttsann. 

Einedammen (Foto: Frank Sande)
Etter eit par-tre kast oppi eit tre, og ein krok fast i shortsen, får eg endeleg ut duppen med det halve maiskornet… og vips:
Art #74 – Sørv (Scardinius erythrophthalmus) 11,3 gram og 10,8cm. (Foto: Frank Sande)
Vi gjekk gangvegen attende til bilen, og eg vil anbefale andre å gjere det same. GPS’en vart peila inn på Lillestrøm, og målet var Dyno-vika.

Korleis skal dette gå?
Får dei to karane fleire artar?
Finn dei i det heile tatt fram?
Får Frank sove?
…og kva skjer når gutane får besøk av ei mystisk handikappa kvinne?
Dette, og mykje meir, kan du lese om i neste kapittel, som forhåpentlegvis ikkje er langt unna…

Stay tuned for more!

Del 1 | Del 2 | Del 3