Forord
Årets artsturné til Austlandet har vore meir eller mindre planlagt sidan turen i fjor. Det var ei heil rekke artar som vi “bomma” på den gongen, samt nokre vi ikkje prøvde på i det heile tatt. Årets tur var noko utvida, på meir enn ein måte. I fjor var det berre meg, Frank og ein Toyota Yaris i ei langhelg. I år var det meg, Frank, Vebjørn, min betre halvdel Vilde, ein Volvo og ein bobil i ei heil veke. Alt dette skulle toppast med tre dagar med festivalen Tons Of Rock i Halden før vi returnerte. Dette med bobil på fisketur har eg prøvd litt før, men ein ekspedisjon så omfattande som dette har eg aldri lagt ut på.
I og med at turen no vart meir omfattande, måtte planlegginga bli meir omfattande. Irvin sitt 10-siders hefte “Artsfiskerens Guide Til Vellykket Østlandsturné! v. 2.0. 2015” vart bytta ut med det 27 sider lange og unødvendig omfattande verket “Artsturné på Austlandet – Ultimate Edition v. 1.01” av underteikna. Her låg det klart eit drøss med lokasjonar, adresser til GPS, tips om krokstorleik, agn, tid på døgnet and so on. Alt låg klart for suksess.

I fjor delte eg rapporten opp i del 1, del 2 og del 3. Mtp. på antal fiskedagar og folk som var med, burde det tilseie at årets rapport burde lande på omlag 7 delar, men i år vart det berre ein lang og bildetung sak, som kun kan forbigås av luke 24 i FS-julekalendaren. Så om du har tenkt å lese heile, kan du kanskje printe den ut, og droppe pocket-romanen i Syden i sommar. Bon appétit!
Kapittel 1 – Ein optimistisk start
I og med at vi no hadde to bilar, var vi ikkje avhengige av å fiske på same plass og etter same art samstundes. Slik fleksibilitet er god å ha i artsfiske, då det (til dømes) kan være keisamt for to som allereie har nipigga stingsild (og ei som ikkje bryr seg), å svinge innom Gjøvik for der å vente på at fjerdemann får den. No kunne vi sleppe unna med at Frank og Vebjørn starta turen fleire timar før oss, og tok turen via Gjøvik. Dette resulterte vel i ønska resultat etter omlag 5 minutt, og Vebjørn kunne notere fyrste nye art på turen.

Kjapp affære det altså, og dei dundra vidare sørover. På dette tidspunktet var eg og Vilde enno snirklande over Strynefjellet i behageleg bobil-tempo. Vilde bak rattet, og eg bak fyrste feriepilsa. Vi hadde jo ikkje hastverk, for eg hadde teke ein dag avspasering, og vi hadde jo reist eit heilt døgn før det som eigentleg var planlagt. Likevel skulle eg bli litt stressa mot slutten av dagen når vi nærma oss vårt fyrste stopp, nemleg den berykta Dynovika i Lillestrøm.
At Vebjørn fekk ny art med ein gong dei kom fram var ikkje uventa…

Men dette var ikkje like bankers….

Kanskje verdas styggaste bilete av verdas styggaste (og skambitte) gjørs, men likefullt gjørs. Dette var ein av dei artane både eg og Frank bomma på sist vi var der, så det kribla ekstra godt (eller vondt) i kroppen når vi sat å venta 10 minutt i kø grunna asfaltering berre 5 minutt derifrå… Stressnivå var no oppe på 2 av 10.
Når vi kom fram i 2-tida var det berre å springe ned, eg hadde ikkje eit sekund å miste. Eg hadde tre mål for Dyno: asp, gjørs og brasme. No hadde Frank allereie fått ein av desse, så eg rigga kjapt ei meitestong og slengte denne ut i same retning der han hadde fått sin. Deretter starta eg å gjere klar ei stong til brasme… og kva skjer?

Joda, Vebjørn får brasme. Denne dritfisken, gjerne kalla “kua i dei brune elvane”, som Frank fekk 4 av sist, men som eg klarte å unngå. Stressnivå har no bikka til 4 av 10…
Resten av natta var det lite overraskelsar. Vebjørn fekk sjølvsagt hork og flire, men eg fekk korkje asp, brasme eller gjørs.


Frank fekk vel heller ingenting anna enn myggstikk. Ja, for eg nemnde vel myggen? Ikkje det? Den observante lesar har kanskje lagt merke til hanskane og turbanen til Vebjørn. Vel.. myggen var på storleik med ei gjennomsnittleg drone, og det var milliardar av dei. Og dei var svoltne… Det fanns ikkje knott, så eg reknar med at myggen har ete dei opp. Dei saug oss så tome at vi vart svimle, og det var reine blodbadet kvar gong vi klappa i lufta. Det at Frank klarte å få meir myggstikk gjennom både sko og sokkar, enn det vi andre fekk på heile kroppen, var kanskje det merkelegaste.
Eg talte totalt 135 myggstikk på meg sjølv, i hovudsak på leggar, hender og i det gliset mellom buksa og gensaren ein får når ein har blitt litt for feit. Vilde fekk også, sjølv om ho låg og sov i bobilen. Det største ho fekk, såg ut som ein ny alboge.

Natta blei lang, og Vebjørn og Frank gjekk og la seg i teltet. Teltet hadde dei slått opp ved ankomst, i pissregn, i utkanten av ein åker i nærleiken. Dette fordi bakken i sjølve Dynovika var for hard til teltpluggar, og fordi skogen likeved er prega av høg brennesletettleik, dopapir og… ja… etterlatenskapar. Teltet var no fullt i mygg, og etter å ha slått ihjel 2-300 (ca. halvparten), sovna dei.
Eg sto fortsatt att i einsemd. Med ei stong etter gjørs og to stenger etter brasme, mens eg dengte sluk, jigg og spinner til den store gullmedalje etter asp. Eg hadde vel stått å dengt spinner i om lag 3 timar då det plutseleg skjer klokka 07:18…
PANG! Eg våknar frå halvsvime i det ein liten fisk tek spinneren og fyk ein halvmeter opp i lufta! Den held fram på same vis heile vegen innover, og er omtrent ikkje under vatn. Det måtte vel være asp? Eg var livredd for at den skulle ramle av, og fekk den kjapt inn, før sirkusfaktene vart endå verre…
Og vips, der var den! Ikkje store karen, men asp er asp!


Endeleg bar turen frukter for meg òg, og det var ei god frukt. Eg kan jo òg nemne at eg like etterpå DOBLA abborpersen min, men om du hadde vist kva den var i utgangspunktet forstår du kvifor eg ikkje ofrar eit bilete på den.
Omlag samstundes som eg ruslar oppatt til bilen for å legge meg, utspelar det seg eit drama nede på åkeren. Frank, som søv lett, kan gjennom sitt Peltor-hørselvern høyre ei svak during i det fjerne. Etterkvart som denne duringa blir sterkare, anar han uråd. Han stikk hovudet ut av teltet og får sjå ein traktor med utslåtte vengjer, 20 meter i bredde, på vei til å sprøytelakkere heile åkeren og teltet med alskens kjemikaliar. Den passerar teltet med ein halvmeter og dusjar det godt, før den snur og gjer seg klar for nådestøtet. Frank vekkjer Vebjørn, og dei rykkjer i rekordfart opp teltpluggane og flyttar heile teltet for å unngå monsteret. Det går akkurat… Dei ber slukøra heile teltet gjennom dopapir, etterlatenskapar og brennesle og vekk frå åstaden. Ein mann som var ute og lufta hunden fekk nok beste historia rundt lunsjbordet denne dagen. Dei gjekk heile vegen til Europris og sat som dei uteliggarane dei er utfor døra til den åpna, slik dei fekk kjøpe vaskemiddel å vaske både seg sjølve og teltet med. Artsfiske ass… livin’ on the edge!
Etter dette fekk Vebjørn ta seg ein god dusj i bilen. Frank derimot, fekk ikkje plass.
Kapittel 2 – Alt anna enn planlagt
Neste dag bar turen til Rotnes for å fiske harr og stam. Dette var i følge sikre kilder bankers, i alle fall harren. Før vi pensa oss inn på den, kunne Vebjørn avsjå 10 sekund til å vippe opp ein ny art.

Nede ved plassen der det skulle være harr i bøttevis, fann vi laue i bøttevis. Eg vippar opp ein del av dei, til og med ny pers.

Utanom laue, nappa vi opp litt mort, og såg ei brasme som velta seg, sikkert berre for å spotte meg. Neste av interesse som dukka opp var faktisk ny art! (men ikkje harr)

Kjekt med ny art altså, men denne skulle vi jo etter planen ikkje få før på slutten av turen, i Halden? Så mykje verdt var planen min… Men eg burde jo ikkje klage, det var jo ny art. Vilde fekk òg ein gullbust, men denne mista eg desverre i elva igjen før vi fekk tatt bilete. Vi gjekk litt langs elva og fiska lenger oppe. Her skulle det jo være stam også. Fortsatt ingen teikn til harr (eller stam). Vannstanden var meget laber, og sjølv om vi såg fisk, var det ikkje mange plassar som var eigna til å fiske lenger. Vi gjekk til oppsida av demninga og prøvde ei stund etter stam der. Vi fekk vel absolutt ingenting. Det var då bobilen verkeleg kom til sin rett…

Etter det fisefine gildet Vilde hadde laga til oss, gjekk vi nedatt til “harr”-plassen. Der vippa Vebjørn opp ny art i form gullbust, og Frank endeleg fekk ein vederbuk, etter mykje fôring, på siste kastet, mens han talde ned frå 10….


Target på plassen var harr og stam, og vi hadde fått ørekyte, mort, laue, gullbust og vederbuk, samt spotta brasme. Ikkje heilt etter planen, men nye artar til alle!
Kapittel 3 – Return to Dyno
Etter den vellukka bomturen etter harr og stam, vendte vi nasen tilbake mot Dyno. Vi hadde enno mykje uoppgjort der. Eg mangla brasme og gjørs, Frank mangla asp, og Vebjørn mangla asp og gjørs.
Utanom nokre flirer er det lite som skjer fram til Frank får full klaff borte med krattskogen. Det er tydeleg at det er vilter fisk på gong, og den ser ut til å være sølvfarga… Vel inne i håven kan Frank sleppe jubelbrølet laust, han har endeleg fått ASP!

For den som ikkje hugsar korleis det gjekk når Frank skulle fiske asp i fjor, anbefalar eg å bla ca. midt nedi denne rapporten. Fisken hadde desverre slukt heile spinneren langt bak gjellene, og blødde som ein gris. Fleire forsøk blei gjort på å setje den tilbake, men når vi såg at dette ikkje var liv laga, fekk den eit nytt og ærefullt oppdrag. Frank hadde nemleg blitt utfordra (av underteikna) i den nye trenden #nakenfisking…

Etter dette gjekk både stemninga og energien gradvis nedover. Myggen var like plagsom. Vebjørn var så uheldig å kroke ein gjørs i ryggen, og eg gjorde det same med ei brasme…

Men før vi ga oss denne natta skulle det vise seg at det var enno ei overrasking på lur i den myteomspundne Dynovika…
Etter ein fight eg berre hugsar som skriking og plasking, fekk Vebjørn vippa inn det som for han blei turens åttande nye art!

I og med at både eg og Frank har gjedde frå før, var det jo greit at Vebjørn stakk av med den. I og med at han berre 30 minutt før hadde blitt utfordra av Frank i #nakenfisking, vart det diskutert om dette kunne være ei god anledning. Men i og med at fisken var vill som ein katt med sennep i anus, tok han ikkje sjansen på å plassere den mellom beina. Ei avgjersle ein kan respektere. Etter dette tok vi tidleg kveld i 2-tida.
Kapittel 4 – Separate ways
Etter å (nesten) ha fiska samtidig på same plassar hittil i turen, skulle vi no utnytte det at vi hadde to bilar fullt ut. Dagens agenda var at eg skulle droppe Vilde av hjå tanta i Oslo, før eg køyrde rett til Kasut. Frank og Vebjørn skulle køyre rett til Einedammen i Asker, der Vebjørn skulle flekke opp ein sørv på om lag 10 sekund. Der er ikkje sikkert han brukte 10 sekund ein gong… Er dette kanskje den fiskearten i Noreg som har flest bokstavar i det latinske namnet pr. bokstav i det norske?

Eg tura vidare til Kasut, og vandra meg bortover stien til eg fann ein ledig plass. Ikkje lenge etter, kom Frank og Vebjørn òg.

Korkje eg eller Frank fekk det vi var ute etter (karpe), men innsatsen var ikkje akkurat maksimal heller. Det gjekk mest i å ta uklare bilete av hakkespett og spise opp sjokoladen til Frank. Det var likevel ei lita trøst å sjå at sidemannen som var armert til tennene med 7-8 stenger heller ikkje fekk noko. Eg har høyrt at karpe skal være vanskeleg, og då kan ein jo nesten sei at alt var som det skulle. Vebjørn derimot, henta to lette.


Når vi sat der og fjasa fekk vi (som i fjor) besøk av vår gamle kjenning David, som kom med kald øl til oss! Ein heidersmann som veit kva ungdommen likar, alltid like blid. Vi tok diverre ikkje bilete av han denne gongen, men for dei som ikkje veit korleis han ser ut, har eg leita fram eit bilete frå fjorårets tur.

Når det leid mot kveld kunne karpe være karpe. Vi hadde ikkje trua uansett, så vi ville ikkje rote vekk for mykje tid her. Vebjørn hadde håpa på ein liten suter, men den uteblei.
Etter at vi var lei av Kasut, bestemte oss for å møte Vilde i Asker og ta ein rast på Peppes for å lade opp dei tome batteria. Etter dette drog vi på nytt kvar til vårt.
Vebjørn og Frank tok ein kort tur vidare til Drengsrud etter bekkerøye og dvergmalle. Dei prøvde i Drengsrudbekken etter bekkerøya, men dei konkluderte med at dei nok skremde vekk det som var der med hovudlyktene. Det hadde byrja å mørkne, og det var viktig å få Vebjørn på plass opp med demninga på Drengsrud. Det skjedde lite i starten, men etter to timar fekk Vebjørn ny art i form av abbor.

Ikkje akkurat target, men betre enn ingenting. 20 minutt etterpå vart det likevel malle, og Vebjørn vart truleg den fyrste (og siste) lepsøying som denne dvergmalla nokon gong fekk sjå. Og omvendt?


Dei hadde ingen tid å miste, og køyrde resolutt vidare til neste target, nemleg steinsmett ved Fossum bru i Askim. Denne mangla dei begge, og det var der eg hadde fått min i oktober i fjor. Kort historie kort, begge fekk kvar sin, med omlag 6 minutts mellomrom (etter datostemplinga på bilete å døme).


Mens Frank og Vebjørn kosa med dvergmalle og steinsmett (og kvarandre?), hadde eg og Vilde bevega oss austover til eit vatn i Akershus som i fylgje mine kilder skulle huse mykje brasme. Ikkje store, men mykje. Dette var off-piste. Dette var vatn som ikkje sto i 27-siders heftet mitt eingong, og køyreplanen vart forkludra med ein lang omveg. Men når desse fordømte fiskane ikkje vil dukke opp der eg har planlagt at dei skal være, må vi ta omvegar for å lukkast.
Vel framme vart bobilen parkert bak ein boskonteinar, under ein telefonstreng med ein kåt orrfugl i. Dette skulle vi angre på seinare den natta. Eg bevega meg med lette steg kjapt ned til vatnet og lobba ut der det skulle være så flislagt med brasmer at ein skulle være komplett idiot for å ikkje få. Etter to timar i eit nytt mygghelvete, fekk eg endeleg ein fisk, og var strålande fornøgd med å ha landa ny art!


Dei med trena auger ser sjølvsagt kva som er gale. Eg derimot, fann ikkje ut dette før dagen etter, i god driv i bobilen vekk derifrå. Det var då Bjørndalen frå SFK Galskap våkna frå bakrusen og fekk sjekka meldingane sine. Han kunne med sikkerheit slå fast at det ikkje var brasme eg hadde fått, men pers (og klubbrekord) på flire. Karpefisk har aldri vore mi sterke side, og no måtte eg altså snu og køyre tilbake på same plass. Det starta å regne, og stemninga surna litt…
Frank og Vebjørn derimot, hadde tilbragt natta saman med “vår mann i Austfold”, SFK Ekteskaps eigen Thore Bergh, og starta dagen litt betre…

Eg bitra vidare på same plassen som dagen før, no med Bjørndalen på messenger, klar til å identifisere alt av høgrygga karpefisk eg skulle dra opp. Det viste seg at det i all hovudsak gjekk i flire, små abbor og etterkvart tilsaman 3 hybridar. Ja, for dei uinnvidde, så hybridiserar altså brasme og flire, for å gjere det ekstra ufint. Thore kom etterkvart og tok over korrespondansen med Bjørndalen, og Vebjørn og Frank kom for å håne meg litt, før dei reiste vidare. Etter omlag tre timar fekk eg endeleg ein krabat som gav positivt utslag på Bjørndalen-testen. “100% bramse”. Wuhuu!

Då hadde eg altså klart å fått brasmepers som var mindre enn flirepersen. Jaja, det kan eg leve med, no var den endeleg avkryssa! High-fives vart gitt, og eg pakka saman.
I mellomtida hadde Frank teke med Vebjørn til Spydeberg for å fiske regnbogeaure. Det var etter det eg har fått vite litt låg vannstand og vanskelege forhold, men Vebjørn fekk til slutt lurt opp ein liten rakkar.

Vi vart no einige om å samlast igjen for å ta kveldsmat, og det skulle vi gjere på turens neste fiskeplass…
Kapittel 5 – Troppane samlast ved Bingsfoss
Vel framme på Bingsfoss grilla vi diverse marinert fugl og svin, og dette vart fortært på primitivt vis med papptallerken og plastgaffel. Målet for meg og Vebjørn, var å få harr her. Frank som har harr frå før, hadde vel ingen opplagte mål, men det skulle jo være både sik og stam her òg. Bingsfoss er i grunnen ein ganske fin plass, til Austlandet å være. Fint opparbeida parkområde ute på ei øy midt i elva, med lett tilgong på bosdunkar og parkering. Det var ein del folk å fiska der frå før, og vi plasserte oss på berga på nedsida og prøvde å fiske i straumkanten nedover. Dett gav lite resultat. Ingenting faktisk.

Vi sunnmøringar er jo ganske sky, blyge og uvant med det meste av austlandske folkesortar. Vi heldt oss difor på god avstand frå dei innfødte. Thore derimot, som er ein folkeleg innfødt, tok kontakt med ein kar som sat under brua og spurte han om tips etter harr. Det vanlege svaret å få er då ofte “sleng uti mark, da fårru harr”. Men denne karen var meir spesifikk enn som så. Han peikte ut ein stein rett nedfor berget, og ba oss senke loddet ned langs kanten der. Det danna seg ei bakevje med ein konstant sirkulerande straum der.

Plassen var kanskje ein kvadratmeter stor. Og som sagt, så gjort…

Vebjørn var like kjapp…

Det er altså sant som dei skriv i blada: “lytt til lokale kjentfolk”. Vebjørn nytta anledninga til litt #nakenfisking.


No var alt berre fryd og gammen, heilt til Vebjørn fekk ein telefon om at leiligheita var oversvømt av ein vannlekkasje… Det blei mykje telefonar å ta, og Vebjørn sendte oss av garde til neste spot utan han. Forståeleg nok.
Det som ikkje er forståeleg, er at Vebjørn kom fram samtidig som oss. Nattas siste stopp for bobilen var på ein snuplass ved eit vatn våre vener i SFK Kleskap sa skulle huse gjørs. Ikkje sann kjempestor gjørs, men gjørs. Ikkje sånn heilt bankers, men sjansane var der. Eg hadde sann medium trua, men denne vart litt betre då vi såg to medium gjørshovud på plassen. Ingen andre hovud, berre gjørs. Eg såg ei lita gjedde i sivet med, og tenkte med meg sjølv at det nok var ein plausibel bifangst. Alt i alt var plassen fin, kvelden var fin og det var heilt ok med mygg. Eit godt utgangspunkt for ein fin kveld med meite.

Det var lite aktivitet i starten, bortsett frå eit lite 4-5 pips run på ei av mine stenger. Men plassen var fin og selskapet godt, så tida tikka vidare. Frank hadde bretta ut presenningen sin, og lagt seg ned for å sove.

Etter ein liten halvtime blir litt meir liv i leiren.. Eit run som i starten minnar om eit sakte og bestemt skaterun, ser ut til å eskalere mot eit villt hyserun! Kunne det være? Eg sette tilslag, og det blir bra med liv i andre enden. Det er grunt i vatnet, så den plaskar og baksar langt der ute, utan at vi ser så veldig mykje av det. Tyngda gjer meg nesten sikker på at dette er ei gjedde. Det er ikkje kjempetungt, men det er vel den fyrste “skikkelege” fisken, reint størrelsemessig, eg har fått heile turen. Men gjørsane her var ikkje så store vel.. ?
Hittil i fighten hadde fisken plaska seg nokolunde rett mot meg, men halvveis inne skar den sidelengs som ei oterfjøl og raska med seg stengene til Vebjørn og Frank, så nappvarslarane tok av som eit juletre med valdsalarm. Den stonga litt i sivet, men eg fekk vendt den innover igjen. Då den kom heilt inne på grunna, og inn i den tøvete håven var det ikkje tvil!
Jovisst var det gjørs!

Etter ei kjapp seanse med måling og fotografering vart den slept ut att, og skaut avgarde tilbake til vatnet under fullmånen. Eit brøl var på sin plass; “JAAA!”. Eg fekk seinare vite at Vilde våkna av dette inne i bobilen, nokre hundre meter borte.
Eg hadde i utgangspunktet ikkje trua, men endte altså opp med å få turens høgdepunkt hittil. Eg sat og gnei det litt inn ei stund før eg pakka saman og gjekk tilbake til bobilen og drakk øl. Frank og Vebjørn sov der, og det skjedde ingenting resten av natta.
Kapittel 6 – Nye planar
Neste morgon åt vi frukost ilag, og Frank laga superkaffe på si nette Aeropress reise-presskanne. Vi tok oss vidare heim til Thore for ein dusj og litt klesvask, og eg tok meg tid til å nyte kunsten han har på badet. Skremande keramikk, men fortsatt ikkje like skremande som keramikken frå fjorårets artsturné.

Vi hadde enno fleire dagar igjen før vi skulle på Tons Of Rock, og det vart bestemt at ein litt lengre omveg for å få ein ny art, var verdt forsøket. I følge interne kilder med eksterne kilder, var det eit vatn i Sør-Odal kommune i Hedmark som var regelrett proppfullt av stam. Det skulle ikkje være mogleg å unngå den. Dette blei ein liten tur på 100km kvar veg frå der vi var no, men sidan vi køyrde ein liten omveg, endte vi vel opp på nærare 140km. Ein svipptur i desse trakter!

Vel framme gjekk vi rett til oppgitt godplass, men vi såg ingen fisk. Vi lot oss forføre av at det vaka lenger ute, og gjekk vidare til ei lita brygge der desse vaka var innan kastelengde. Vebjørn gjekk rett ut på brygga, og dengde eit paternoster med brød midt ut i vatnet. Eg rakk akkurat å lire av meg:
“Nei nei nei… Dei konkrete tipsa sa vi skulle fore den inn med loff fyrst, og deretter frilinemæ…”

Javel, så då var det vel proppfullt med stam då? Eg tok det som ein lettelse, og tenkte at “då får eg den vel uansett korleis eg fiskar”. Frank derimot, tenkte at om Vebjørn kan, kan han, så tok han stonga til Vebjørn, og dengde same takkelet ut på same plassen…

Då fekk eg nok. Eg fekk stonga og dengde ut på same plassen. Ingenting skjer. Eg får etterkvart ein baby abbor, ikkje ulik dei eg fekk då eg fiska etter brasme. Eg er rastlaus, men har fortsatt trua, og fiskar vidare. Det startar å regne, og Frank fyrer opp grillen under improvisert tak. Det var god stemning (hjå dei andre).

Det går ein halvtime, og dei andre synes fortsatt det er litt moro at eg ikkje har fått enno. Eg har prøvd med dupp også. Og mark. Og brød. Fora har eg gjort (eller rettare sagt forsøkt, alt bles rett tilbake i land, og det var ikkje ein fisk å sjå).

No er det ikkje moro lenger. Det har gått ein time, og eg har enno ikkje fått fisk. No ser eg plutseleg bakdelen med å ha to bilar, samt bakdelen med å ha bobil. No har dei andre moglegheita til å forlate meg. Frank og Vebjørn stikk avgarde og køyrer der i frå. Dei har fått fisken, ingen vits i å stå ute i regnet og bli våte. Vilde forlet meg like etter, og set seg i bobilen og les bok. I og med at eg no er like snakkesalig som ein gråstein, og like sur som lommene på Bjørn sin flytedress, forstår eg dei godt. Eg blir rett og slett ufyseleg når eg utolmodig og 110% fokusert står og spelar eit innbitt slag sjakk mot ein ny art. Skylappane kjem på, og eg bryr meg berre om den fisken, alt anna blir støy på linja. Litt Gollum. Stressnivå var no oppe på 8 av 10. Minst!
Ein og ein halv time seinare, fann eg (omsider) ut at eg kanskje står og gjør opp feil tre. Eg hadde jo prøvt å kopiere det Vebjørn og Frank gjorde i evigheiter, samt litt andre sprell, men hadde eg fulgt innstruksane eg var blitt gitt til punkt og prikke? Nei.
Eg gjekk no attende til plassen vi passerte i starten. Plassen der eg eigentleg skulle stå. Eg såg fortsatt ingenting, men starta å kaste ut brødbitar under skuggen til eit stort tre, der det enno var litt sikt. Det ploppa og plaska litt i vatnet, men om det var fisk var omtrent umogleg å vite i styrtregnet, som no hadde nått nye høgder.
Med eit splitthagl og ein krok med mark og brødskorpe, lobba eg forsiktig ut, og sveiva forsiktig inn att. Brødskorpa fungerte som ein flottør, så ved å justere splitthaglet, kunne eg få brødbiten med marken til å flyte midt i vatnet når eg sveiva den inn. Ganske finurleg tenkte eg, som ikkje er kjent med flytebrødmeitets edle teknikkar. Det gjekk om lag ti minutt før den dukka opp. Eg såg den fulgte etter agnet, men når eg stoppa opp, snudde den. Det var ein aktiv fisk som gjekk fram og tilbake, ikkje nokon latsekk som sat og venta på å få maten i trynet. Til slutt fekk eg kasta midt ut under alle fôr-smulane på ein plass der eg faktisk kunne sjå agnet. Det tok 5 sekund, og då kom den rett på. Den saug i seg heile brødbiten nesten før eg fekk reagere, men tilslaget sat, og fisken gjekk bananas!
Eg hadde jo sett fiskane til Vebjørn og Frank, og dimensjonert utstyret der etter. Ei spinkel haspelstong med kastevekt 2-10 gram. Den oppførte seg som aspen. Hoppa vilt opp i lufta. Eg var (som vanleg) livredd for at den skulle ramle av, men den blei med heilt opp på land! Det vart ikkje noko langt storbrøl der åleine i skogen, men det vart eit lite støtrop – “JA!” – for å signalisere til Vilde at eg snart var på veg.

Eg veit at dette er eit forferdeleg dårleg bilete, men i regnværet og lykkerusen vart det berre slik. Eg tok også nokre poserings-selfiar, men desse vart så dårlege at dei ikkje fortener å være på internett.
Eg tusla ned til bobilen og den etterkvart dritleide dama mi, og vi bestemte oss for å ta ein roleg “kjærstekveld”. Vi køyrde til bobilparkeringa i Fredrikstad sentrum, og tok ein roleg aften med jordbær og øl. Eg visste at morgondagens to artar skulle være “bankers”, men vi veit jo alle kva det kan bety. Men kanskje… kanskje kunne eg nå…? Nei.. no fekk fisk være fisk. Til i morgon tidleg…
Kapittel 7 – Østlandets gull…
Neste morgon fekk vi melding om at Frank og Vebjørn allereie var på veg til neste stopp; til Øra i Fredrikstad for å fiske sik. Eg spurte om dei hadde meir makk. Det gjekk som det måtte gå…
Dei stoppa longs vegen og hakka laust med kniv etter makk. Dei forbipasserande må ha tenkt sitt. Eg hadde heller ikkje meir enn 5-6 makk, men venta heller til sportsbutikkane i Fredrikstad åpna. Eg stod sjølvsagt og venta utanfor utanfor ein butikk som berre selde fotballsko og drikkeflasker til sykkelentusiastar. Vi måtte heilt til XXL for å finne fiskeutstyr fekk vi vite, i alle fall makk.
Frank og Vebjørn var no allereie innstallert på plassen, og prøvde å tyne dei få makkane dei hadde lengst mogleg, fram til eg kom og berga dei.

Dei hadde vel berre fått ein babyhvitting innan eg kom, og eg rigga meg kjapt opp. Paternoster med liten krok, 2-3 medium size meitemark. No hadde eg ikkje tenkt å avvike frå oppskriftene til ekspertane. Eg kasta ut på prikken der eg hadde fått beskjed om.
Det skulle etter ei stund løne seg!

Rett etterpå vippa Vebjørn opp ein til.

Det var litt godt å sjå Frank stresse no, mens eg gjekk og gliste og pakka ned utstyret. Thore kom og detaljguida Frank vidare, mens eg og Vilde tok turen på XXL for å handle ei skøyteledning til hovudlykta mi, og ei bukse. Berre ein art igjen no… null stress liksom… Lett.
Etter at Thore lånte vekk ein skog av stenger, fekk omsider også Frank ein etterlengta sik, ca. to og ein halv nervepirrande timar etter oss andre.

Vi kunne no samlast for “le Grand Finale” i ein dam i eit finare villastrøk i Fredrikstad. No var det alvor. I den fagre pytten foran meg, venta art nr. 100. Ikkje at det eigentleg var planlagt at det skulle bli nr. 100. Etter køyreplan skulle vi jo avslutte med gullbust i Halden sentrum, men no var jo den allereie unnagjort for min del. Og sånn eigentleg, er det vel kanskje litt kulare å få gullfisk som art nr. 100, enn gullbust.
Det var ein idyllisk liten plass, og i tråd med Ole-Håkon Heiers skriverier om arten, starta vi med å fôre opp med nokre nevar mais. Vi laga oss til nokre duppar og krok i størrelse #14, også dette i tråd med Ole-Håkons oppskrift frå ein artikkelserie i Hooked. Det tok ikkje lange tida før Frank fekk fisk, men dette var ikkje akkurat #14-fisk! Den velta og bala seg gjennom greinene på botnen, plaska og grumsa og rasa av garde. Nesten inne ved land rauk krokfestet og fisken pila nedatt i dammen. Vi anslo den til 500g+ og vel så det. Det var ein kar som sto der då vi kom, som kunne fortelle at det også var karuss i dammen, og det kan hende det var dette Frank hadde på. Han sa det var mykje folk som hadde valfarta hit siste åra for å krysse av gullfisk på artslista. Etterkvart som vi stod der, kom det fleire naboar, og alle sa det var heilt greit at vi fiske der, så lenge vi slapp ut att fisken. Dei hadde vist hatt problem med at folk tok dei med seg andre stadar, eller åt dei, kva veit eg? Bestanden skulle være omlag 30 år gammal, og det var fisk i alle størrelsar der sa dei.
Vi fiska vidare og igjen var det Frank den fyrste til å få fisk. Denne var mindre enn den fyrste, og han fekk den problemfritt på land…

No hadde det begynt å boble der vi hadde fôra, og få minutt etter Frank, vippa Vebjørn opp neste gullfisk, nøyaktig like stor.

Som med stam, byrja eg no å få skulappar. Eg vart stressa, fekk høg puls og vart ein smule frekk. Dei andre rekna med det var snakk om minutt før eg skulle få den, så dei pludra vidare om kvar vi skulle fare å ete for dagen. Vilde fekk låne ei stong og kløna ut eit kast over snøret mitt, til min store forargelse. Eg kommanderte henne til å sveive inn og kaste på nytt, og i det sekundet fekk ho sjølvsagt fisk…

Då hadde Vilde fått to fisk på turen, gullbust og gullfisk, utan spesielt med innsats. Åleine stod eg altså igjen og vippa på 99 artar, med art nummer 100 veltandes foran meg i hopetal. Det regelrett kokte i bobler rundt duppen min, og eg såg føre meg kor dei mumsa i seg mais frå botnen mens dei flira av meg. Eg forsøkte å justere djupta eg fiska på, frå heilt inne ved land til lenger ut på. Det kokte overalt, men ingen ville ta!
Det var no gått ei tre kvarters tid, kanskje ein time, og dei andre var lei. Dei var svoltne. Det vart foreslått at vi pakka saman og køyrde ned til Fredrikstad sentrum, og heller kom opp att i kveld, eller i morgon? Det forslaget kunne (for å sitere familien Florø-Larsen) ta RENNEFART! Her står eg og plagast med den arten som kan bikke meg opp på det rundaste talet ein artsfiskar i Noreg kan håpe på, med sjampanjen klar i bobilen, og dei vil ETE???
Dei gjekk som det måtte gå. Dei forlot meg åleine i denne vanskelege stunda over noko grillmat på ein gastropub…
No som eg endeleg fekk arbeidsro, senka pulsen seg litt, og eg gjekk inn i ein 110% fokusert tilstand. Eg har aldri kasta meir presist med ein liten tulledupp, aldri kika så intenst på nokre bobler i eit tjern før. Det kom ein innfødt forbi og kunne peike på nokre gullfisk som låg heilt inne i fjøra og åt den maisen vi hadde mista rett ned når vi kasta… Desse fiskane håna meg verkeleg. Det tikka inn meldingar om kva dei skulle bestille av mat til meg… om eg ikkje var ferdig snart… om vi kunne ta det igjen seinare… Hell no!
*pluup*
Duppen gjekk under!
Det var godt (og litt skremande) å kjenne at det var liv i andre enden, og eg pusta sikkert som ein bulldog på sykkeltur ein varm sumarsdag. Plutseleg stoppar det opp, og eg forstår med ein gong kva som har skjedd. Dammen er full av greiner frå treda rundt, og no hadde fisken køyrt seg fast! STRESSNIVÅ 10 av 10!!! Raude lampar blinka inne i skallen, og om eg hadde vore levert med alarm og rotorlys, hadde dei nok gått av for fullt no. Eg flytta meg rundt nokre trestammar og bortetter bredda for å kome i ein betre posisjon. Kanskje kunne ein anna vinkel på snøret hjelpe? Eg slakka litt etter, og håpte at fisken fann ut av dette på eiga hand… og det gjorde den!
Heilt åleine, på ettermiddagen, midt i eit roleg villastrøk: “JAAAA!!”

Å herregud det var ei god kneik å runde! No var det berre ein ting å gjere. Eg kunne jo ikkje sprette sjampanjen, sidan eg hadde ein bobil som måtte tilbake til Fredrikstad… så no måtte eg rett til sentrum å finne dei andre. Her skulle det drikkast øl!
Eg synes eg fann ei som passa godt:

Resten av turen vart berre kos på meg. Byvandring, øl, campingliv, øl, god mat og øl. Frank og Vebjørn derimot, hadde eit par høner å plukke i Tista, i og nær Halden. Det fyrste var ei lita kvitfinna sak til Vebjørn:

Deretter flytta dei seg ned til utløpet der Vebjørn kunne vippe opp eit lite knippe av denne krabaten:

Og heilt til slutt, kom den nye arten som var tiltenkt å bli den siste på turen, i alle fall for ein av oss. Frank valde å posere med turens høgaste caps-føring.

Då hadde eg fått 8 nye artar og runda 100, Frank hadde fått 8 nye artar og runda 80, og Vebjørn hadde fått heile 21 nye artar or runda 50. Jubileum på alle mann med andre ord. Det som var litt artig var at Frank trudde han berre hadde 79, så når han feira at han fekk #80 med ei dvergulke ei veke etter turen, var det eigentleg #81 han feira.
Til slutt vil eg rette ei stor takk til bidragsytarar som har bidrege med plassar, artsidentifikasjon, husrom, øl og guiding, både under førebuingane og underveis:
Thore Bergh, Daniel Andre Bjørndalen, Vetle Westli, Irvin Kilde, John Olav Florø-Larsen, Andreas Næristorp, Ole-Håkon Heier, Audun Fremmerlid Skjølberg, David Volent Lindberg, Rune Larsen, Stein Johannesen, ukjent mann under brua og triveleg nabo i Fredrikstad
Tusen takk, utan all hjelp som er å få i artsfiske-Noreg, kunne vi brukt fleire år på det vi no har fått til på ei veke!
Resten av ferien vart brukt på konsertane i Halden, og både Black Sabbath, Alice Cooper, og ikkje minst Megadeth leverte så det kosta etter. Frank fekk oppfylt sin store draum om å moshe med Jim Frode på ein Havok-konsert. Ei verdig avslutning på ein forrykandes tur!