Eg var sjølvsagt ikkje heilt ferdig med den lysingen. Eg kunne jo ikkje være dårlegare enn Mats, og hadde difor eit brennande og inderleg ønske om å slå hans fisk på 5,1 kg. Eg fantaserte vel borti 6 kg også, og tykte dette burde være eit oppnåeleg mål.
På fredagen skulle eg tidleg opp og hjelpe til å støype noke fjas far min held på med i hagen, og eg såg føre meg at heile dagen gjekk med. Det viste seg derimot at “stå opp tidleg = ferdig tidleg”, og eg var då snar å lure med meg Frank på ein liten svipptur. Pga. planlagt rekekalas og inviterte gjestar, hadde vi begrensa med tid, men det vart vel rundt to timar med fisketid.
Denne gongen hadde vi meir eksakte koordinatar, og vi la oss klin på spot. Etter kort tid vart det faktisk fisk, og eg kunne kjenne i kvart eit fiber i kroppen at dette var 6+!
![]() |
“Fåkk ju, Mats! Her kjeme en 6+!” (Foto: Frank Sande) |
![]() |
Lange, 6,07kg. Ikkje heilt etter planen. (Foto: Frank Sande) |
![]() |
Ein flott fisk på 3,9 (trur eg?) (Foto: Sindre Bøe) |
![]() |
7,1kg og 98cm, og eg kan offisielt ta av meg hatten! (…og ete den). (Foto: Sindre Bøe) |
Eg har fortsatt store problem med å kroke fisk, og mistenker alt i frå sløve krokar til trolldom, utan å finne svaret. Eg klarer likevel å lure opp ein liten sak før vi gir oss.
![]() |
Fin fisk, ukjent vekt. (Foto: Frank Sande) |
Eg tynar siste minutta til det ytterste med store og fristande agn, og får omsider ein litt større til å følge med NESTEN heilt opp. Lysingen tåler trykkforskjelen mykje beire enn anna fisk, og jævelen ristar seg av 4-5 meter under båten og stikk tilbake i djupet. Eg anslår 4-5kg, men dette er sjølvsagt synsing basert på lite erfaring og mykje håp. Tida renn frå oss, og vi må i land. Vi planla ein tur dagen etter, men 9 fots båt, fyllesjuke og 10-12 sekundmeter vind vart litt vel dristig.
Og sann det er sagt: Eg er fortsatt ikkje ferdig med lysingen…