I forrige episode fekk dykk sjå korleis Frank grusa meg i lysingfiske, og like etter køyrde han fnisande heile vegen til Trondheim, og lot meg sitte åleine att, svøpt i eit kløande teppe av ergrelse, og med ein dott frustrasjon på ein plass det ikkje gjer godt.. Men eg tenkte jo det, at når han var ute av vegen, så hadde eg jo masse tid til å ta revansj på rekorden hans, og når eg att på til ordna meg med båt, kunne eg jo nesten berre notere 8+ lysing med ein gong.
![]() |
Båtutsetjing. Hansvik 18 med Tohatsu 15 er min faste doning denne sumaren. (Foto: Fredrik Sande) |
Skjølv om eg har byrja på jobb, har det totalt vore gjennomført 13 meir eller mindre vellukka fisketurar sidan forrige rapportering. Ein av desse var eit heller eksotisk prosjekt etter regnbogeaure på Barmen. (øya i Selje kommune, må ikkje forvekslast med den gamle tyske industribyen med same namn). I fylgje ymse fora, jungeltelegraf og gamal folketru, skal det ha vore drive oppdrett på regnbogeaure i eit vatn på denne heller tynt befolka øya. I tidligare år kunne ein regelrett hente opp 50+ regnboge på ein dag, og dei beit etter sigande på alt. Informasjonen eg klarde å skrape ihop på korleis tilstandane var i dag, var sparsom, men eit gjestebokinnlegg frå 2011 frå ein rasande tysker som fortvila over at han berre hadde fått 12 fisk, tilsa at det burde vel muligens finnast ein og annan igjen… eller? Mail til div. instansar på øya gav i alle fall ikkje svar, så einaste måten var å finne det ut skjølv. Og vi fann vel kort og greitt ut at det måtte 5 mann og ca. 32 stongtimar med både makk og sluk for å få 2 brunaure, og fiaskoen var eit faktum. Men ferga var kul, og Fredrik, Mats og Ørjan sikra seg ny trøste-art:
![]() |
Trepigga stingsild, søt sak. (Foto: Fredrik Sande) |
![]() |
Ferga “Barmøy”, søt sak det også. (Foto: Ørjan Gjelseth) |
Etter denne trivelige, men ufruktbare turen var det på tide å få utstyret i salt vatn igjen. Skylappane var på, og målet var atter ein gong lysing. Frank kunne ikkje gå der og godte seg og leve trygt med den 7+’aren sin. Kalendaren viste 4. juli, men det var nok meir futt i fyrverkeriet i statane, enn det var i fiskeriet mitt. Fekk to langer, ein lyr og ein liten lysing på 7 timar, men været var upåklageleg..
![]() |
Shetland framme til venstre. (Foto: Sindre Bøe) |
På neste lysingtokt hadde eg med meg min fetter Thomas, som etter å ha slumpa borti ein 14,5 kilos laks i fjor sumar, har vore ilagt ein forbannelse, og ikkje fått skryteverdig fisk sidan. Dette burde være grunn god nok til å halde seg unna laks lengst mogleg, og folk som går med ein laksefiskar i magen, bør få han ut anten eine eller andre vegen, gjerne med inngrep. Uansett, så smitta ikkje forbannelsen over på meg, og etter å ha starta med ein liten 2 kilos sak, sit eg i telefonen med Calle og drøymer med vekk, då det plutseleg rykker formidabelt og umiskjenneleg i det slitne Tica-staget. Beskjeden i telefonen blei kort: “Lysing – Ha det!”
![]() |
4400 gram, 86cm, og ny pers. (Foto: Thomas Solheim) |
Pers er pers, skjølv om den berre aukar med skarve 200 gram, og turen var allereie redda. Thomas hadde nokre napp, med aldri av den tyngre sorten, og han fekk rett og slett ikkje steike støv. Men blid, det var han fortsatt!
![]() |
(Foto: Sindre Bøe) |
Etter ein ny telefonrunde med Calle, må eg på nytt legge på, og opp kjem endå ein i same kaliber, berre såvidt mindre enn den forrige.
![]() |
4180 gram. (Foto: Thomas Solheim) |
Calle sluttar å ringe, men fisken bit fortsatt, og eg får to til, ein på 3900 gram, og ein litt under. Denne dagen har eg ingen problemer med sirkelkrokane, og eg misser kun ein fisk på totalt sju hogg. Thomas var trøytt, og ville heim, men eg kunne ikkje stoppe. Litt til… litt til…oooog litt til… Og heilt til slutt, 5 minutt etter siste 10 minutt etter siste halltime etter siste nedslepp, fekk eg på eit hendelse av ein fisk nede på 130-140 meter, og var brennsikker (som eg har vore før), på at no var 6+’aren trygt pierca med ein Owner sirkel gjennom ganen. Den var forrykt, tung, vill og gal frå start til slutt, og eg kan ikkje anna enn å seie at skuffelsen var til å ta og føle på når ein jævla LYR på knappe 3-4+ braut overflata. “Lyr? Ka i faen gjer en lyr der nede?!”. Etter denne heller uventa bommerten tek vi kveld, og heime på havna kunne eg konkludere med at det vart nok lysingfilet i frysaren for ei tid framover.
…Og då skulle vel eigentleg denne “episoda” være over. Ikkje komplett agurk, men ingenting å lage stor ståhei om. Likevel fekk eg meg ikkje til å trykke på Publiser-knappen. Eg skulle ut neste dag, og drøya den litt til… i håp om noke meir “rapportverdig”.
Den aktuelle dagen (tysdag), regna det i bøtter og spann, men vinden var ikkje av verste sorten, ganske perfekt driftfiske-vind faktisk. Skjølv om eg var effektiv og gjorde meg klar rett etter jobb, var Kalland treig denne dagen, og eg låg og vreid meg i båten med store fiskeabstinensar og til dels kramper i heile 50 minutt før han dukka opp.
Alt var egna og klart når vi kom fram og eg slepte ut kjapt og gale, og det gjekk ikkje lenge før dei var på plass igjen…
![]() |
Ny pers, 5200 gram. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland) |
Ny pers på fyrste fisk lovar bra, og smilet er på plass! Ikkje lenge etter har eg fått to til på 3-4kg, samt ein torsk, og etter litt om og men er det liv hos Kalland også.
![]() |
(Foto: Sindre Bøe) |
![]() |
Ikkje pers, men rett art. (Foto: Sindre Bøe) |
Eg var i siget, og persar igjen, med eit særdeles vakkert eksemplar (skjølv med dogga iFon-kamera)
![]() |
Pers blir justert 200 gram opp, 5400 gram. Lengda var 90cm blank. (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland) |
Etter denne fisken får eg på ein mykje større, som til min store frustrasjon avkrokar seg skjølv, og punkterer “ballongen” med tennene i vassflata, berre 4-5 meter i frå båten. Skjølv med innevollar ut kjeften, skyt den fart ned igjen, og er ute av syne etter 20 sekund. Rundt anslått med augemål til 6+, og eit skår i gleda den neste halvtimen… Ei lita trøst blir det dog når eg persar igjen…
![]() |
5800 gram, 92,5cm og stigande stemning! (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland) |
No blir eg ei periode plaga med mykje forsiktige napp, og misser fisk halvveis fleire gongar. Men aktiviteten avtek ikkje, og dei kjem sterkare tilbake kvar gong. Og med litt tolmod og slakt snøre, svelgjer den til slutt heile sulamitten og sit som støpt! Denne gongen er det like tungt som den store eg mista, og den blir i tillegg gal midtveis i vatnet og rullar å gjer små utras i både ein og fleire retningar. Eg får storskjelven, og blir gelé både psykisk og fysisk, men er påpasseleg med at fisken bryt overflata i så nær kleppbar avstand som mogleg denne gongen. Stødig klepping av Kalland, og fisken deisar i båten, og det blir tidleg klart at det er pers. Den er stor. Like stor som den som glapp! Minst! Vekta viste 6900 gram, og skuldrane var senka ned på rekordlavt nivå. Varmen breiar seg rundt i den dyvåte kroppen, og smilet vart etterkvart vannfast.
![]() |
6900 gram, 99cm! Fortsatt litt kake, men våt og lykkeleg! (Foto: Aleksander Kvalsund Kalland) |
- Eg hadde sirkel, han hadde J-krok
- Eg hadde større agn (og fekk mest fisk på makrellhovud, faktisk 3 fisk på same hovud)
- Eg hadde ESCA (blue fading)
Neste gong går eg all-in med flapper på alle krokane, men før den tid trur eg kanskje det blir ein landbasert flyndretur om været tillet det.
Vi sjåast i episode IV!
Grattis med perse-kalas som endte på det som ein på fagspråket kalle 7+!
Fantastisk opplegg dokker holde på med 😀
LikeLike
Sinnsvakt!
LikeLike