NKML Juleøltest 2013!

(Dette innlegget blei opprinneleg posta som luke nummer 4 i julekalenderen for 2013 på 

Vi apekattane i Nidaros Kjøtpølse- og Makaronilaug er faktisk (tru det eller ei) glade i øl. Ikkje berre er vi glade i øl, men vi er glade i øl som dei fleste ville forkaste som krydra råolje med innslag av mugg. Vi er nemlig glade i skikkeleg øl. Manne-øl. Øl med farge som bryt med den vanlige uringule. Øl med smak. Øl med pondus, tyngde, fylde, feel, flow, groove og gåsehud.

Juleøl kan være eit slikt øl. Eller ikkje. Nokre juleøl ser ut som piss etter eit 10-timers kaffi-nachspiel, og luktar smør. Nokre juleøl smakar ingenting, nokre smakar bayer, og nokre juleøl er søte som japanske rosa ponniar glaserte i jordbærsirup og rulla i perlesukker.

Men… nokre juleøl er vakre og komplekse meisterverk som får den mest innbitte ateist til å tru at både julenissen himself, Jebus Krist og Tor med hammaren har ein finger (eller tå) med i brygget! Og for å guide deg gjennom jungelen av juleøl, we present to you…


Eg skulle eigentleg lage ”Lakenatt 2 – The Revenge” i år, men lakefaen ville ha det annleis, og dermed blir mitt bidrag til årets kalendar ein meir eller mindre høgtideleg juleøltest. Jaja, eg veit. Det er ikkje veldig fiskerelatert. Men øla vert drukke og testa av røynde sportsfiskarar, og eg har tross alt tatt med eit bilete av ein havål.

Dessutan sa Veg at det var greitt, og eg har også høyrt rykter om ei minst like irrelevant luke om metalldetektering. Så det så.


Bjørn hadde lenge planlagt ein eigen NKML-juleølsmaking til jul, der alle tok med kvar sine flasker, som seinare vert blindtesta av eit meir eller mindre berusa testpanel. Sidan skapet mitt var meir eller mindre fullt av juleøl allereie i starten av november, såg eg fort at med mindre eg fekk lagt inn eit ekstra stykke lever (vi spyttar ikkje ut dyr øl), kunne ikkje alle desse takast med på denne eventen. Når det seinare vart slik at denne juleølsmakinga kom i same event som NKML’s årlege julebord, vart det endå mindre aktuelt å ta med 7-8 liter med sterkøl.

Løysinga på problematikken vart då sjølvsagt ikkje at vi kuttar ned på antalet testa ølsortar, men heller at eg tjuvstartar på nokre av øla. Litt ego-tripp må være lov når det er eg som må skrive ned heile sulamitten. Øl som eg testar på eiga hand blir då sjølvsagt ikkje blindtesta, og blir jo også eine og åleine dømde etter mine preferansar, men det skit eg litt i. Det er uansett fullt lov å like den øla eg hatar og hate den øla eg elskar. Eg er ikkje ølrasist, og du står fritt til å drikke og like kva du vil.

Nokre punkt som bør nevnast:
  • Nokre øl verkeleg kjem til sin rett med det rette tilbehøret, mens andre bør nytast åleine. Eg har såleis heller ikkje testa alle øl med alt av tilbehør, men prøvar av og til å komme med audmjuke tips og forslag til kva som muligens kan passe å ete til den øla som blir testa. Røynde ølsmakarar og kjennarar er kanskje fullstendig ueinig i desse ufaglærte og til dels særs synsande tipsa, og står då sjølvsagt fritt til å kommentere dette.
  • Det same kan nevnast om temperaturen. Dei fleste øl med respekt for seg sjølv har oppgitt ein optimal serveringstemperatur. Smaken forandrar seg ofte drastisk frå kaldt til pisslunka, og eg har ikkje anledning til å bruke termometeret før kvar sipp med øl. Dei fleste blir drukke rundt 15-16 grader, nokre er iskalde, og nokre er så heslige at sjølv om dei startar som kjøleskapkalde, så endar dei opp på romtemperatur før eg får tvinga dei ned.
  • For dei som måtte tru at eg hadde 4 i promille før eg var ferdig med siste øla, kan eg betryggande sei at dei er smakt litt og litt over eit lengre tidsrom, sjeldan meir enn to (kanskje tre, maks fire) flasker for dag.
  •  I tradisjonelle juleøltestar (eller andre øltestar for den del), blir det ofte blir dømt på typeriktighet. Dette vil seie at om øla ikkje har ”korrekt” smak, farge, skumkrune eller munnkjensle til det statuttane seier at eit juleøl skal ha, får den stryk. Om øla er god, er mindre viktig, det viktige er at den skal smake ”rett”. Dette har eg valt å drite i. Eg har på ingen måte nok kunnskap om kva som er dei rette verdiane og palettane som definerer ”juleøl” som art, til å dømme på slik typeriktighet. Eg veljer difor å dømme på smak. Om eg sjølv tykkjer smaken god, trumfar dette alle andre faktorar.
  • Eg gidd ikkje å dele dette opp i kategoriar med alkoholfritt, lettøl, butikkøl og poløl. Eg oppgir heller prosenten, så klarer dykk sikkert å synse fram at alt over 4,7% er frå Vinmonopolet.

Nok pjatt, over på øla, og eg startar med dei som fekk den dårlegaste scoren, og jobbar meg oppover:

Stronzo – Night Mare Before Christmas – 10%
1,5/10

Grusomme Gabriel. Neste gong eg les ”Imperial Christmas Pudding Stout” på ei flaske øl (sannsynlegvis aldri), skal eg la den bli ståande i hylla. Eg har vel aldri vore borte i verre krydra øl enn dette. Eg trudde Nøgne Ø’s ”Underleg Jul” var eit friskt og spanande krydra alternativ på juleølfronten, men dette her blir for mykje. Farge og konsistens minner om velbrukt motorolje frå ein 82-modell Ascona, og er såleis perfekt. Smaken derimot er krydra til det punktet at det nesten ikkje er øl igjen, og det smakar mest av alt beiskt. Kombinasjonen av kanel, nellik, ingefær, rosinsirup og fuglane veit kva, blir snurpa ihop bakerst i ganen og minnar mest av alt om kinin. Som ein tjukk gløgg bryggja på løvetann og tonicwater. Grøss.

Eggenberg – Samichlaus Classic – Malt Liquor – 14%
2/10

Etter å ha sett tittelen (og prosenten), trudde eg kanskje dette var ein bisarr likør, men på flaska kunne eg lese at dette var austeriksk(?) sesongøl som er lagra i 10 månadar på fat, og den sto då vitterleg i juleølhylla på polet? Med ein slik prosent trur du kanskje at dette er eit øl som er prega av rein alkoholsmak, men der tek du i så fall grundig feil. Den einaste smaken som dominerar her er sødme. Ekstrem sødme. Nesten like søtt som ein nyfødt selunge med rosa sløyfe og smokk. I denne utruleg mektige sukkerlaken av ei øl, kan det skimtast noko maltsmak, men ikkje bitterheit i det heile. Serveringsforslaga på flaska seier KAKER, men sidan ølet er ei kake i seg sjølv vil eg anbefale ramsalt spikemat om du dristar deg til å smake dette.

Grans bryggeri – Julebrygg – 4,7%
2,5/10
Det skal seiast: Eg har eit anstrengt forhold til Grans generelt. Det er noke med Grans. Ein slags dominerande ”smør-smak”. No er sikkert ikkje ”smør” den korrekte terminologien, men for å relatere så er den smaken eg siktar til den smaken som Grans ”Bare øl” og liknande ultrabilligøl ser ut til å være dominert av. Det luktar nesten som tequila, berre utan etanolgassen. Den kan forekomme hos enkelte andre produsentar, men Grans ser ut til å dyrke denne smaken. Til tross for dette, kjøpte eg i år Grans Julebrygg, som i følge testar smakar anten terningkast 1 eller 6, og skal uansett være beire enn Grans Juleøl. Det er mogleg at førehandsdømminga mi av Grans har påverka smaksløkane mine (ei slags nocebo-effekt), men eg syns eg bør få skryt for å prøve min gamle nemisis uansett! Når eg opnar denne flaska, får eg ein eim av tidlegare nevnte ”tequila-lukt”, og deretter eit strøk av rosin. Fyrste tanke er ”blæ”. Ølet er tynt, og smaken er faktisk ikkje ”smørete” som eg frykta, men nesten fråværande i det heile. Fyrste rull over tunga er smaklaust, og så kjem ettersmaken – tynt bitter. Ein langvarig og bitter smak som saman med lukta av rosiner gir assosiasjonar til både gløgg og Gammel Dansk. No er ikkje eg redd for bitter øl, men dette var ein stygg bittersmak, og humlearoma av den runde sorten finnast ikkje. Mildt sagt, ikkje min kopp te. Eg tør i alle fall ikkje kjøpe Grans vanlege Juleøl på boks om Julebrygg skal være det dyre og beire alternativet. Føkk Grans.

Fanø Bryghus – Fanø Julebryg – 7,5%
3/10
Tok denne øla til kveldskos ein kveld. Hadde trua, då den er oppgitt å være ein ”mørk, krydret juleporter”, og dette er ein øltype eg tradisjonelt har sett pris på. Fyrste to-tre nippa var ikkje så verst. Litt anonyme, men ikkje ekle. Men etterkvart som øla steig i temperatur frå kjøleskapskald til rundt 10-11 grader, steig det også fram nokre ufine ”smør”-tonar som eg ikkje er fan av. (Sjå lenger opp, under anmeldelsen av Grans Julebrygg) I tillegg var det flatt og kolsyrelaust. Om du likar ein slags mektig smørliknande småsur bismak, likar du sikkert dette ølet også. Etter smørsmaken kom, prøvde eg å øverdøyve dette me Selbu Blå (som ellers er som bacon, og kan kombinerast med alt, også bacon), men til inga nytte. Ølet var ein nedtur.

Dahls Bryggeri – Julebrygg – 4,5%
3/10
Dette ølet har fått alt i frå terningkast 1 til terningkast 6 i år, og det seier vel sitt om at smaken mildt sagt er som baken. Tidlegare har polvarianten av same øl fått gode skussmål, men personleg er ikkje dette heilt min stil. Eit anonymt øl som kan brukast som eit litt søtare alternativ til pilsner på fylla. Smakar lite, og litt søtt, men ikkje direkte stygt. Forventa vel strengt tatt ikkje det heilt store heller, dei fleste norske butikkjuleøl frå dei større bryggeria er gjerne litt anonyme. Men igjen, om du likar anonymitet, er dette ei grei øl for deg.

Frydenlund – Juleøl – 4,5%
4/10
Den jula eg studerte i Ålesund vart denne favoritten blant juleøla som var tilgjengeleg på Kiwi Gåseid. Eg tykkjer personleg den smakar marginalt beire enn andre boksøl i same segment, men veit ikkje heilt kvifor. Moglegheita for at eg har nostalgisert(?) denne er nok til stades, då den var eit fast trøsteøl som vart drukke frå litersglas under eksamenslesing på eit muggfult loft med ein innetemp på rundt 10 grader. I år drakk eg denne i dusjen, utan tilbehør. Øla er søtare enn dei vanlege butikkøla, og dette set eg vanlegvis ikkje pris på, så det heile er eigentleg merkeleg. Eg meiner uansett å kunne spore smaken av trøst i den, og vippar den derfor eit heilt poeng høgare enn konkurrenten frå Dahls.

Brasserie St. Feuillien – Cuvée de Noël – 9%
5/10
Juleøl på belgisk vis. Ganske krydra, men ikkje veldig mørk. Alkoholsterk. Har ikkje så mykje på hjertet angåande denne her i grunn. Ikkje den heilt store a-ha-opplevinga smaksmessig, og havnar difor midt på treet.






Trondheim Mikrobryggeri – Christmas Surprise – 6%

5/10
Eg kan seie det med ein gong, denne er ikkje å oppdrive på flaske. Trondheim Mikrobryggeri er eit bryggeri/pub/spiseri i Trondheim sentrum, som kun har eigne øl på tapp til ei kvar tid. Kvart år kjem juleøla, + ein annan julevariant eller to (i fjor var det Ulejøl, i år var det Juleaperitif og Christmas Surprise). Men nok om mikrobryggeriet, og over på ølet.
Eg har ofte synest at Mikrobryggeriet køyrer litt for ”safe”, og at fleire av øla er ganske moderate i smaksveien , og dermed også ganske like. Denne øla derimot, er slett ikkje ”safe”. Denne spesialøla er brygga med stjerneanis, ingefær og habanero-chili. Fyrstnevnte gir sterkaste inntrykket, og sistnevnte er nesten fråværande. Faktisk er anisen så framtredande at eg trekk ein heil karakter. Det blir for mykje anis. Eg drakk dette ølet til ein blue cheese burger med bacon, men all anis-smaken var likevel i meste laget, sjølv med så kraftig kost. Denne øla er interessant, og passar nok best utan tilbehør, då eg i farta ikkje kjem på fast føde som harmonerar godt med så kraftig anissmak. Riskrem kanskje?

Lade Gaards Bryghus – Juleøl–  4,7%
5,5/10
Eg huska kor eg hata Lade Gaards Pilsner og Lade Gaards Mørk Lager når dei kom i si tid. Dei sto der i butikkhylla i digre ukonvensjonelle brune halvlitersflasker med kul etikett og lova gull og grøne skogar. Prisen og teksta på etiketten tilsa at dette burde være den beste butikkøla vest for Værnes. Det var den slett ikkje, og eg gjennomskua fort at den var tappa hos min nemesis Grans Bryggeri. Det er nettopp på grunn av denne uheldige opplevinga at eg har tatt store omvegar rundt alt som står Lade Gaard på siste åra. Eg måtte gå i meg sjølv fleire gongar før eg kjøpte denne i år, og eg kan med glede seie at den overaska positivt. Dette må være det beste Grans har klart å få på flaske (ikkje at det nødvendigvis er ein gudedrikk av den grunn) sidan det oppstod som Sandefjord Bryggeri og Mineralvandfabrik A/S i 1899. Eller i alle fall sidan eg vart myndig. Det fyrste som slår meg er at den luktar deilig av maltsødme. Dette er same lukta som fyller romet når du kokar vørteren under bryggjing, og nettopp har tilsatt humla. Rett og slett ei fantastisk lukt. Bitterheita frå humla er godt balansert med maltsødmen, men sjølv om det harmonerar, er den ikkje kraftig nok til å konkurrere med poløla på rein ”boo-ya!”-feeling. Men det er uansett eit godt koseøl i butikkstyrke, og det er ikkje alltid like lett å finne. Den er å oppdrive på Rema 1000, om du skulle lure.

Trondheim Mikrobryggeri – Juleøl –  8%

6/10
I motsetning til Christmas Surprise, er juleølet litt meir tradisjonelt på smak, kanskje litt ”for tradisjonelt”, men så er jo kanskje eg berre for tilvendt med ekstreme øl. Uansett er ølet godt, men det som er endå beire er juleburgaren som du får kjøpt på same plass. Revet svinenakke, heimelaga raudkål, julepølse og julesaus, servert med potetbåtar. YUM.

Trondheim Mikrobryggeri – Juleaperitif –  7%

6,5/10
Det er ikkje så mykje meir å seie om denne, berre at den er litt kraftigare i smaken enn den vanlege juleøla frå same bryggeri. Som med juleøla og Christmas Surprise, kan også denne kun kjøpast på staden, og då i glas. Anbefalast også til juleburgaren.

Hansa – Julebrygg – Ekstra vellagret – 6,5%
7/10
Oi. Denne var beire enn forventa. Hansas butikkvariant av same type har tidlegare år vore ok, men denne polvarianten er utan tvil ei klasse over. Smaken har likheitstrekk med min ”guilty pleasure” Frydenlund juleøl lenger oppe i testen, berre ikkje på langt nær så søt, og fleire hakk kraftigare. Dette er ei slik øl du kjenner i kroppen ved fyrste sipp. Trur denne er eit godt val til kraftig kost som pinnekjøt, også for dei som til dagleg blir ”skremt” av øl som er mørkare enn pils. Mange får ei a-ha-oppleving når dei kombinerer kraftig øl (som dei gjerne ikkje har likt før) med kraftig mat. Mi eiga mor likte f.eks. Ringens sin julebokk (som er rimeleg kraftig) beire til julematen, enn pilsneren som dei drakk tidlegare år. Eg trur dette kan være ei slik ”a-ha-øl” for fleire ”mørkt-øl-tvilarar”. Ein innfallsport til øl som ikkje er pils, om du vil.

Ægir Bryggeri – Ýlir Julebrygg – 7%
7/10
Etter å ha sett at denne tok fyrsteplassen i ein eller annan test, var dette den fyrste juleøla eg kjøpte i år (med unntak av dei eg kjøpte i januar, sjølvsagt). Det fyrste som slår meg, var at den både luktar og smakar peparkaker? Ingenting å utsetje på julefeeling i alle fall, men den var ikkje så god at den rekk heilt opp i toppsjiktet. God var den uansett, og det kan nevnast at den var middels fyldig/tung, og rimelig lettdrikkeleg etter mine standardar. God øl, berre ikkje fantastisk.

Austmann – Jinglebeer – Juleøl – 7,0%
7/10
Denne luktar faktisk ganske likt Kinn Julefred. Dette kan kome av at eg har hellt den i same glas som eg nettopp drakk Kinn Julefred frå. Og at lukta frå Kinn Julefred var så god at nasen tviheld på den. Denne øla smakar mykje,  men den er kraftigast i starten. Kva ”krydder” eg burde assosiere med er eg ikkje sikker på, men godt er det. Ettersmaken er god, men går veldig fort over. Ølet gav også ein veldig god rap. Kunne kanskje ønske at denne øla hadde litt meir sødme, som kunne vege opp for den litt skarpe humlesmaken.

Kinn Bryggeri – Julefred – 6,7%
8/10
NAM. Dette byrjar å likne på ting! No skal det seiast at eg er Kinn-fanboy, men grunnen er jo enkel; Dei lagar sabla god øl. Dette er inget unntak. I fjor la eg min elsk på Kinn Tomasmesse, som er eit ytterst fantastisk øl, og skjølv om Julefred ikkje når like høgt opp, dreg eg kjensel på mykje av det same. For å bruke nokre uttrykk eg har lånt frå vinterminologien har ølet ein ”full kropp” og ein snasen halvsøt ettersmak som kan minne om belgiske brygg. Lite kryddersmak, her er god ølsmak i fokus. Til dette ølet åt eg mòrrpølse frå Brudevoll og Normanna blåmuggost, og kan utan dårleg samvit anbefale dette tilbehøret til andre som måtte være så heldige å ha snubla ned i ei flaske med dette vakre stoffet, gjerne også med ein salt kjeks eller 20. Kinn skal som alltid også ha skryt for sine store flasker.

Då var all mi personlige synsing over, og resultatet vart såleis:
(Trykk for stor)
Gratulerer til Kinn Julefred som årets personlige favoritt!


No går vi over på NKMLs blindtest, og eg startar med å introdusere panelet, som er beståande av røynde ekspertar frå både inn- og utland!

NKML blindtestpanel 2013!


Brun Flaske-Larsen

I sin kjærleik til øl, og i mangel på eige avkom, starta han i si tid trenden med å kalle dei klassiske norske 0,33 liters ølflaskene for “bjørnungar”. Forutan å være ein trendsettar i norsk flasketerminologi, har han dei seinare år utvikla eit kraftig og blømande kjærleiksforhold til dei meir opphumla (eller “oppjazza”) øltypane, då gjerne ein IPA av den sorten i dei store flaskene. Når han ikkje fiskar, slår han ihjel timane med Ludo, intimbarbering og hermetikk.

Carolus Kristus
Hevdar å være direkte nedstamma frå ein kjend svensk hovudhøggar, og er opphavsmannen bak Carl Oscar sardinar. Han har i opptil fleire år operert i rørleggarbransjen, som forutan å være kjent for tung drikking, gjerne tek seg ein seidel med god øl i lystig lag. Det meste går ned, men ingenting opp. Er til tider så grov i kjeften at lettare øltypar nektar å forlate flaska, og har difor  i det siste spesielt fått smaken på mørke og grove variantar som stout og porter.

SvenMinVenn Kolstø
Som dykk alle kan sjå, inneheld Kolstø alle dei bokstavane ein treng til å stave ”øl”, ”tøs”, ”stol” og ”kols”.  Alt dette er gode eigenskapar å inneha om ein skal smaka seg fram til det beste juleølet. Forutan å sjå smashing ut, har Sven også god tilgong på indirekte makt i norsk landbrukspolitikk, og er difor sannsynlegvis open for utstrakt bevilgning av konsesjonar på bryggjing og sal av gardsøl. Snakkar flytande engelsk, rusar seg på bluesrock, og er i likheit med Dr. Svineribbe Magicus Julebach, også ein stor Kjell Bigset-fan.

Jultoften
Ein høg mann med fin skjorte.

Carolus Adamus Luxus Svericum
Som navnet antydar, snakkar vi her om ein edel, svensk art. Kom til Noreg med eit sirkus i 1876, og har sidan den gong turnert landet med sine upassande vitsar og grove historier. Er rik på erfaring frå svensk showbiz, bakaryrket og kartografi, og er sjølvsagt dermed godt kjent med gjæra substansar. Det er sagt at Carolus Adamus også er den fyrste som har mista havabbor på sportsfiskeutstyr i Trondheimsfjorden, og er slikleis ein pioner. Opphavet til uttrykket ”Adams drakt”.

Brügmeister Bøe
Som sunnmøring og gniarpeis, skulle ein tru at denne semiskjeggete bygdehedningen aldri brukte meir enn 12 kroner pr. flaske øl. Dette er feil, sidan dyre ølvanar er mykje av grunnen til at sunnmøringar sparar på andre frontar. I tillegg til påstå å ha smakt det meste av gjæra varer som er å finne i butikk, har han også erfaringar frå eigne brygg, som tidlegare medarbeidar i Brødrene Bøe Bryghus, Nausagarden Bryghus, Fabriken Bryghus og HHBL (Heimdal Hobbybryggarlaug). Kan skryte på seg å ha gått i lære med Überbrügmeister Frank “Dr. Booze” Sande, samt å ha bryggja mjød på Plassengarden i samarbeid med Bølandet Mjøderi og Heimkok AS.

Frankosaurus Sex
AKA Überbrügmeister Frank “Dr. Booze” Sande. Utdrag frå NKMLexicon: ”When the adult male Frankosaurus Sex reaches a certain age, it will start nesting near an immediate source of liquid ethanol. If such nesting grounds are hard to find, it will immediately start to produce it’s own. When it reaches certain amount of alcohol in the blood stream, it often turns very loud, and starts wandering around in the nude with no obvious purpose. The F. Sex is usually found on the northern hemisphere, but has been known to migrate large distances if properly motivated.”

Irvin Kildevatn & Kondomar AS
Han har eigentleg mest erfaring med Imsdal og labratoriesprit, men ingen testpanel for ølsmaking er vel komplett utan ein salamanderfantast? Trur korkje på Julenissen eller Jebus Krist, men meinar likevel at auka ølproduksjon i juletider kan forsvarast frå eit reint medisinsk, samt kulturhistorisk perspektiv. På julafta går det gjerne i den tradisjonsrike austlandsretten eddikbakt mort på ei seng av kapers, og då seier det seg skjølv at ein gjerne tyr til kraftige øltypar. Glad i kroppslukt.

Balldrian Kildevatn
Bror til Irvin, og ellers eit mysterium. Ein smule mindre ekstrovert enn sin eldre bror, og med ein anelse meir hårvekst i andletet. Hovudinteressene er fisking og nederlandsk kultur.

Dr. Svineribbe Magicus Julebach
Ein adelsmann frå Drammen, som kan spore sitt blåe blod attende til stormenn som Julebrus Cæsar og kong Magnus Barkrakk. Dette medfører at han har ein medfødt smak for edlare matvarer, drikkevarer og glassvarer. Han var lenge kjent som “Dr. Boble” i Kykkel-i-kokos på NRK, men ofra barne-TV-karriera for å bli professor og lære ungdomen på NTNU om minstemål på kveite, piperøking av fjøslaks og livet generelt. Drikk berre edel sjampanje til kvardags, men kan spandere på seg ei god øl i godt lag. Denne bør då helst være like svart, tung og krevande som ein midt-på-treet arbeidsdag, og det er gjerne ein fordel at den er rik på både boblar og etanoler.

Blindtesten:

Etter at pinnekjøtmiddagen var fortært på årets julebord, starta kåringa av NKMLs offisielle juleøl. Testen gjekk overraskande kontrollert føre seg, mykje takka være dama til Sven (som var einaste dame, og som dermed sikkert slit med psykiske seinskader etter julebordet). Ho var den som sto på kjøkenet fordelte kvar tilfeldig valgte øl i 10 små anonyme plastkoppar, før ho delte ut prøvene og samla inn poenga.

(Av hensyn til forumregelverk og norsk lov, er dette dei einaste bileta som blir offentliggjort av denne testen/festen.)
Å halde orden på kven som gav dei enkelte poenga var sjølvsagt ei umogleg oppgåve, sidan rekkefølga på poengsummane varierte frå øl til øl, og at panelet testa øla mens dei dansa ein frekk rave-dans til Dr. Bombays slager ”Taxi, Taxi, Taxi” i bar overkropp. Nokre gongar kom berre 9 poengsummar ned på papiret (iPad’en), og andre gongar vart det 13, men sidan vi uansett reknar snittsummen, blir resultatet noke lunde korrekt.

Totalt skulle det testast 11 øl i denne testen, men når vi nådde det nivået at ein av testpanelet gav ein kopp Zalo-vatn karakteren 6/10, forsto vi at det var nok med 10 sortar.
Resultatet vart som følgjer:


Tilfeldigvis var det berre eit øl (Austmann Jinglebeer) som var med både på min personlige test og blindtesten. Eg gav den 7 og det blinde felleskapet gav den 6,5 poeng. Eg tykkjer dette beviser at vi ikkje er heilt ute på viddene kva øltesting angår. Eg er også stolt av at vår heimelaga Julebayer (Heimdal Hobbybryggjarlaug) fekk så god score blant så mykje god øl!

Øla som stakk av med sigeren har vore ein personleg favoritt frå tidlegare år, og det gledar meg å sjå at det vart ein såpass klar seier med heile 7,42 poeng!

Gratulerer til Berentsens Jule Avec som årets NKML-favoritt!

One Comment

Comments are closed.