Bokanmeldelse – Aschehougs Store Fiskebok (2019)

Altså, eg har både sagt og skrive mykje rart opp gjennom åra. Men ein bokanmeldelse har eg aldri begitt meg ut på før. Men av og til tvingar ting seg berre fram, som f.eks talen eg måtte halde i bryllaupet mitt. Ein gong må bli den fyrste.

Så lenge eg har vore aktiv i det sokalla artsfiskemiljøet, har det stort sett vore ei bok som har stukke seg fram når det kjem til norske fiskeartar, og det er Aschehougs Store Fiskebok av Per Pethon. Dette er vel den einaste meir eller mindre komplette fiskeboka vi har for våe farvatn, og eit strålande oppslagsverk, sjølv etter at internett har gjort både nyare og meir detaljert artsinformasjon meir tilgjengeleg enn før. Artsfiskemiljøet la sin elsk på denne boka, og den er så allment brukt at den oftast berre går under namnet ”Pethon”, eller ”Bibelen”, utan at nokon i miljøet treng ei vidare forklaring på kva ein meiner med det.

Fyrste utgåva kom ut i 1985, og i 2005 var den kome til 5. reviderte utgåve. Så viktig var denne boka for folk, at ein så seint som i 2018 kunne sjå folk betale 1000kr for eit brukt eksemplar av ei bok som kosta 3-400kr i 2005. Kvifor? Fordi det er den beste boka av sitt slag, enkelt og greitt. Og den har hatt den posisjonen i over 30 år.

Så då nyheitene om ei ny og utvida utgåve kom i fjor, blei det stor oppstandelse i det sultefora, om enn obskure markedet. Endelig skulle ”Bibelen” reviderast på nytt! Dette hadde vi venta lenge på! For uansett kor god 2005-utgåva er, så kjem ein ikkje vekk i frå at det sidan den gong har skjedd ein del på fiskeartfronten som gjer at meir og meir av boka sitt innhald er å sjå på som utdatert. At den no skulle reviderast og trykkast i nytt opplag var både jul og jonsok på ein gong! Og ikkje nok med det: Når boka dukka opp til førehandsbestilling på nettbutikkane kunne vi lese at den hadde fått ein ny undertittel: ”Artsfiske – Artsbestemmelse – Artsutbredelse”. Dei to sistnemnde hadde jo boka frå før, men ”artsfiske” i undertittelen? Kva skulle det bety? Spekulasjonane ville ingen ende ta. Ein ting var sikkert – her var det berre å bestille. Og det gjorde eg.

Tida gjekk, datoen nærma seg, men så blei den utsett. Så blei den utsett på nytt. Og på nytt? Eg hugsar ikkje lenger. Men ein kunne jo alltids tolke det slik som eg gjorde det: Det hadde vel kome ny viten om ein art? Som måtte inn? Ting som måtte oppdaterast?

I førre veke fekk eg endeleg ein epost med leveringsbekreftelse, og nokre dagar seinare dunka den nye og utvida av Aschehougs Store Fiskebok ned i postkassa til ihuga fiskenerdar rundt i det ganske land.

62310049_1225564914269660_7430843637455388672_n
Gamal og ny. 2005-utgåva til venstre, og 2019-utgåva til høgre. (Foto: Sindre Bøe)

Eg var oppglødd, men for å være ærleg:

Eg blei skuffa.

På framsida står det ”Mest omfattende noensinne – Komplett med alle fisker i norske farvann”, men etter ei samanlikning med den førre utgåva, slår det meg at mykje er identisk. Når eg slår opp dei artane der eg veit at det har skjedd mykje sidan 2005, så finn eg det stort sett uforandra frå sist gong. Nokon av tekstane mistenker eg ikkje har blitt endra på sidan 1985. Nå er det ikkje alle ting som på død og liv må oppdaterast og endrast heller, så at det meste er likt må ein eigentleg forvente. Antal piggstrålar i blåkjeftens ryggfinne er ikkje akkurat noko som endrar seg så mykje på 14 år. Men at så lite ny viten og oppdatert kunnskap om enkelte artar ikkje har fått kome med, synes eg likevel er trist. Den einaste beste måten ein omstendig og pirkete nerd som meg klarer å synleggjere dette på, var å ta ein kjapp gjennomblaing og intensiv skumlesing av boka, og anmelde kvart kapittel, samt påpeike det eg sjølv oppdagar av feil, manglar og utdatert informasjon undervegs.

Innhald generelt

Eg kan jo starte med å nemne at den nye utgåva er litt tjukkare enn den førre. Den har no 484 sider, mot 468 sist gong – altså 16 sider meir. I forordet er det i 2005-utgåva oppgitt å være beskrive 345 artar, mens det i denne skal være 348. Ja og så har den fått bokmerke – ei slik snor til å halde orden på kvar du var sist. Når eg les over kildelista (som nok ikkje er komplett) ser eg at det berre finnast ei oppgitt kjelde datert etter 1979, og det er nettstaden FishBase, datert mai 2005. Kanskje ikkje noko bevis i seg sjølv på at innhaldet ikkje er «up to date», men ein peikepinn i det minste.

Forord

Dette er heilt identisk frå i 2005, med unntak av at andre namn er lagt til i lista med bidragsytarar som får ”en spesiell takk”.

Fisk – kva er det?

Dette kapitlet er heilt ordrett frå sist gong, unntatt siste delsetning.

Ord og uttrykk

Dette kapitlet har blitt oppdatert med fire nye ord.

Bestemmelsestabeller

Det er føya til ei setning om at både norske og vitenskapelige namn er oppdatert pr. mars 2019. Vel og bra. Men det står også vidare: “Der hvor artsfamilier er splittet i flere nye familier, er familieinndelingen og systematikken gjengitt slik den var i forrige utgave av denne boken (2005). Ny familiesystematikk vil bli oppdatert i neste utgave” – Tabellane er med andre ord utdatert, og vil nok bli endå meir utdaterte før ei evt. ny utgåve kjem i tja… 2033? Synd.

Utviklingshistorie og klassifikasjon

Kapittel identisk med førre utgåve.

Vandringer

Identisk med førre utgåve, med unntak av litt ny info om NVG-sild.

Minstemål og fredede arter

Nytt kapittel på to sider. Oppdaterte minstemål i saltvatn pr. mai 2019. Greitt initiativ. Kan nok virke litt forvirrande for mann i gata at det er oppgitt minstemål på pigghå og ål, som ein på neste side kan lese er totalfreda. Dog kan det tenkjast at det er det evig utydelege Fiskeridirektoratet som er skuldige. Det står at det ikkje finnast ei oversikt over minstemål i ferskvatn, men det er vel berre delvis sant. Kunne vore greit å nemne at anadrom fisk i elv er periodevis freda, at det er lokalt regulert med både fiskekort, redskapsbegrensing, fisketider, døgnkvoter, samt krav om å betale den statlige fiskaravgifta. Når ein fyrst skal ha eit slikt kapittel kan det jo være greitt å nemne? Totalt uvitande kan jo oppfatte det som at alt fiske i ferskvatn er «fritt fram».

Eit kapittel eg saknar – Framande/uønska/svartelista artar og spredning av fisk

På dei svartelista ferskvannsfiskane har det kome ein lita infoboks/ekstraopplysning, om at arten er innført og uønska, og at det er forbudt å spreie den. Dette er vel og bra det. Men det burde eigentleg være eit heilt kapittel om svartelista artar og tydeleg informert om at ALL spreiing av ALLE artar er forbudt, og ikkje berre nemne det på dei som svartelista. Aure er jo ikkje svartelista, men det er jo den mest ulovleg spreidde arten i landet. Også litt artig at gjedde har fått ein heilt eigen advarsel den også, fordi den kan øydelegge aurebestandar. Dette er heilt sant, men det bør kome tydeleg fram at ein ikkje skal spreie nokon artar i det heile tatt, ikkje berre nemne det på desse utvalde verstingartane.

Artar generelt

For å finne ut kva artar som var nye, tenkte eg det enklaste var å samanlikne innholdsfortegnelsen i begge bøkene. Der tok eg feil. For det viser seg at det er heile 68 artar meir i registeret i årets bok, enn det som var i 2005-utgåva. Årsaka er sjølvsagt at innholdsfortegnelsen i 2005-utgåva var heilt ekstremt mangelfull, med minst 65 artar som tydelegvis ikkje er oppført. Dette er fiksa på no, og det er bra, men eg fann ikkje ut kva tre artar som er nye i denne boka. Det blir for mykje arbeid rett og slett. Men eg har hittil funne ein del artar som ikkje er oppført, og som finnast i Noreg, og dermed burde være der. Kan også nemne at okseøyefisk, losfisk og høyfinnet havbrasme er tilfeldig plassert i registeret. (I alle fall ikkje alfabetisk som resten)

Manglande artar:

  • Svartflabb (Lophius budegassa): Kjent frå Mandal og heilt nord til Vestfjorden, fleire gongar i Møre og Romsdal. No nyleg i Ålesund, der eit eksemplar blei identifisert post mortem på Atlenterhavsparken. Den utgjer kanskje berre 0,1% av flabben her til lands, men den er påvist og registrert fleire gongar, og den bør difor være med i boka. Og korleis skal ein forvente at ein får inn nye registreringar av denne arten, når folk flest ikkje finn den i den nyaste utgåva av den beste og mest omfattande boka om norske fiskeartar vi har? Dette er verkeleg ein art der ein må vite kva ein skal leite etter for å skilje den frå breiflabb (Lophius piscatorius), og då er det ekstra viktig at den kjem med i ei slik bok, som er heilt blodfersk frå trykkeriet, og påstår å være ”komplett”. Ekstra gale er det at det i tillegg står spesifikt under breiflabbfamilien, at det ”I norske farvann forekommer én art”.
  • Marmorert berguer (Sebastiscus marmoratus): Eit eksemplar blei tatt utanfor Fredrikstad i 2016. Alle avisene i Noreg fekk det med seg, men den er ikkje med i denne boka likevel.
  • Rødgjellet solabbor (Lepomis gibbosus): Den har truleg eksistert og reprodusert i Noreg sidan seint 90-tal, og vore kjent sidan i alle fall 2004. Sidan den gong har den både spredt seg til, og dauda ut av fleire lokalitetar, men den finnast endå. På minst tre lokalitetar oppgir Artsdatabanken. Kvifor er den ikkje med? Den var jo allereie kjent når førre utgåve kom ut.
  • Stillehavssild (Clupea pallasii): Sitat frå Artsdatabanken: ”Det har lenge vært kjent at Balsfjorden i Troms har, i tillegg til “vanlig” Atlanto-Skandisk sild (Clupea harengus), en egen sildebestand. Den skiller seg fra vanlig sild ved at antall ryggvirvler (52-55 vs. 56-60) er lavere. Jørstad og Pedersen (1986) påviste genetiske forskjeller med tidlige metoder (gel elektroforese), og resultatene ble bekreftet med sekvenser av mitokondrielt DNA av Laakkonen m.fl. (2013). Konklusjonen er at en av sildepopulasjonene i Balsfjorden er nærmere beslektet med silda i Stillehavet (Clupea pallasii) enn med Atlanto-Skandisk sild. På bakgrunn av dette har navnerådet for fisk foreslått det norske navnet “stillehavssild””. Kvifor er den ikkje med? Den er heller ikkje nemnt under den ekstra fyldige informasjonen om vanleg sild, som til og med har eit eige underkapittel som heiter ”Arter, underarter eller stammer?”.
  • Svartmunnet kutling (Neogobius melanostomus): Greit nok, denne er ikkje observert i Noreg endå, men det er mange artar i boka som ikkje er det. Dette er ein tilpasningsdyktig og altetande dørstokkart med stort invasjonspotensial som spreier seg i høgt tempo, og det er berre eit tidsspørsmål før den finn vegen frå den svenske vestkysten og opp til Austfold, sidan den toler både salt og ferskt vatn. Den er einaste dørstokkarten som Fremmedartslista 2018 definerer som ”svært høy risiko”. Ein viktig fisk å ta med i ei slik bok, om ein vil folk skal bli oppmerksomme på den.

Feil og utdatert informasjon:

  • Leppefisk: berggylt, gressgylt, grønngylt, blåstål/rødnebb, bergnebb: Fangsttala har blitt oppdatert frå førre bok, men at desse dei siste åra har blitt mykje brukt som rensefisk i oppdrettsnæringa, er ikkje nemnt. Dette veit ”alle”, men det er ikkje nemnt i feltet ”Fiske / økonomisk betydning” for artane. Berre i åra 2016-2018 blei det fiska og ilandført 67 millionar individ av desse artane i Noreg. Skulle tru det var verdt å nemne, men det står for det meste at dei har ”Ingen.” økonomisk betyding.
  • Gullfisk (Carassius auratus): ”I Norge finnes gullfisk trolig bare i et vann ved Arendal”. Den finnast vel strengt tatt i eit uttal vatn og dammar i dag. Akershus, Asker, Skien, Eigersund, Haugesund, Hå, Vinje i Telemark, Fredrikstad, Kristiansand, osv.
  • Rognkjeks (Cyclopterus lumpus): Same som leppefiskane. Den har faktisk blitt oppdretta til dette formålet også. I boka står det fortsatt noke gamalt utdatert om at den for det meste går til revefôr, og at den steikast både i Danmark og Nord-Tyskland.
  • Storskate (Dipturus batis): Storskate er no delt i to artar: flapper skate (Dipturus intermedia), og blue skate (Dipturus flossada). Kva desse blir heitandes på norsk veit eg ikkje. Om ein synes det var litt langt å strekke seg å føre dei opp som to separate artar, eller å føre opp ein art med engelsk namn, kunne det uansett være greit å nemne i beskrivinga. Det er tross alt ti år sidan ein fann ut dette.
  • Nebbskate (Leucoraja fullonica): Denne arten har fått eit villedande og kraftig blått utbredelseskart som får det til å virke som den er vanlegare enn piggskate i Noreg. Det står at den tas tilfeldig som bifangst og omsettast saman med andre skater. Sannheita er at når det dukka opp eit eksemplar i Trøndelag i 2017, så blei det avisoverskrifter fordi ein anslo at det då var minst 100 år sidan siste observasjon av arten i Noreg. Ikkje akkurat vanleg.
  • Svartskate (Dipturus nidarosiensis): Det er slett ikkje kvart år ein har sett fangstar av denne svært sjeldne arten, så å skrive at arten er ”vanlig” nordvest for Munkholmen er vel å ta hardt i.
  • Petersfisk (Zeus faber): Det står at den opptrer som ein tilfeldig gjest i Noreg, men dei siste åra har den blitt mykje vanlegare. Den har gytt langs heile Vestlandskysten i årevis og den er blitt så vanleg at folk ikkje går til avisa når dei får 6 stk i same garnet ein gong.
  • Liten månefisk (Ranzania laevis): Denne har eit utbredelseskart som viser at den finnast lengs heile kysten nord til Finnmark, men i teksta står det at den ikkje er registrert i Noreg.
  • Suter (Tinca tinca): Det står at den ”blir i Norge neppe over 1 kg.” Det er slett ikkje uvanleg med fisk over 1 kg. Norgesrekorden frå 2011 er 3,96kg..
  • Gresskarpe (Ctenopharyngodon idella): Utbredelsekartet viser ingenting i Noreg, men denne finnast (dessverre), då den har blitt innført og ulovleg sett ut.
  • Småkutling (Lebetus guilleti): Denne har blitt observert i Norge, men det kjem ikkje fram av kart eller tekst.
  • Sterlett (Acipenser ruthenus): Det står at denne ikkje finnast i Noreg, men det gjer den. Desverre. Innført og sett ut ulovleg.

Eg synes dette er mykje feil. Og det er unødvendige feil, som lett kunne blitt retta om ein tok seg tida til dette. Og det mest skremande er at dette er feil eg som ikkje er fagperson har funne ved ei kjapp gjennomblaing. Eg har på ingen måte finlest heile boka etter feil. Dei aller fleste fiskeartane har eg heller ikkje nok peiling på til å oppdage feil i det heile tatt. Så då kan eg berre forestille meg kor mykje feil som går både meg og dei fleste andre hus forbi.

Denne boka er fortsatt den beste av sitt slag i Noreg, og det er synd med tanke på at den er så dårleg. Har du ikkje ei tidlegare utgåve frå før, vil dette dårlege kjøpet fortsatt være det beste kjøpet. Vi er faktisk så «heldige» at vi ikkje har fleire fiskeartar i våre farvatn, at ei slik komplett bok faktisk er mogleg. At dette er alt som blir endra når ein har venta i 14 år med å oppdatere, er berre alt for dårleg. Eg reknar med det var viktigare å få ei bok ut i sal for minst mogleg innsats/utgift, enn å få ut ei god og oppdatert bok. Om vi må vente 14 år til på ei ny (og betre?) utgåve, er det berre flaut for ein maritim nasjon som Noreg.

Og kva med ordet på forsida – «artsfiske»? Vel, det fann eg ikkje nokon plass inne i boka, så det var nok berre eit salgstriks. Og vi beit på.