Hittil i år har dykk høyrt lite frå meg. Dette er ikkje fordi eg har slutta å skrive om fangstane mine. Nei, den vonde sanninga stikk djupare. Det er rett å slett eit pinleg faktum at eg omtrent ikkje har fått fisk i år, og siste tida har vore ekstra fattig på suksess. Ein solfylt snartur i den svarte perle skulle likevel vise seg å være det einaste som skulle til for å snu lukka og gjenopprette trua på meg sjølv. For det har verkeleg gått troll i meg siste tida…
I staden for å beskrive kvar enkelt bomtur i år kvar for seg, skal eg heller ramse opp litt kalde harde fakta frå årets logg:
På 50,25 fisketimar har eg fått 2 ”ok” fisk. Ei piggskate på 4,64kg frå isen i vinter, og ein lyr på 5,65kg no i mars. Under sjølve NM på Lygnin fekk eg 3 babyhvitting, og ein langtur tilbake til Hjellbotn etter NM for å prøve på kloskate enda i fangstmessig fiasko. Eg har hatt fleire livlause bomturar etter lyr i vår, og på turen heime på Sunnmøre i påska fekk eg, på heile tre turar ute på fjorden, totalt 2 napp (og då var det eine sikkert innbilt). Sist i rekka av fiaskoar var ein ekspedisjon saman med Adam etter sandflyndre langt inni fjorden, og ein fjordtur med Sven som ikkje gav svarthå eingong. Ellers kan det nevnast livlause panserulketurar og ein napplaus tur etter gjedde på Jonsvatnet. Jaja, eg har i det minste fått nyte det naturen har å by på av inntrykk. Hittil i år er inntrykket stort sett sludd.
I løpet av dei snart tre åra eg har budd i Trondheim, er det to litt typiske Trondheim-artar eg på besynderleg vis har klart å unngå. Den eine er kloskate, og den andre er blåkjeft. Kloskata er liksom litt overalt (seiast det), og den er sagt å berre ”dukke opp” under kveldsmeite frå land omtrent kvar som helst. Blåkjeften derimot, må satsast presist etter. Pinleg presist, skulle eg få erfare.
For det er ikkje få gongar eg har prøvd etter den. Det næraste eg har vore var på ein gummibåttur i februar i fjor. Calle fekk blåkjeft, Vegar fekk blåkjeft, Adam fekk 6 stk. Men ikkje eg. Den har vorte eit lite irritasjonsmoment etterkvart. For alle har jo blåkjeft. Til og med Sven har blåkjeft… Å bo så lenge i Trondheim utan å få blåkjeft er faktisk flaut. For å sitere Irvin:
“Når det gjelder blåkjeft så må jo noen bare ta ansvar å skaffe deg den. […] Det er en skam at du ikke har fått den.”
Heldigvis hadde Bjørn lova meg nettopp dette ein gong i fjor vår, og er det nokon som kan blåkjeft, så er det Bjørn. Han ser ut til å snuble rett opp i gryta med blåkjeft omtrent kvar einaste gong han er ute. Når det kjem til blåkjeft seier han som så ofte ellers:
“Lett!”
Vi spikra tidspunkt. Fredag kl. 12. Bjørn tok tidlig avspasering (?) frå jobb og eg rømde skulen.
For å spare pengar på parkering måtte eg køyre Black Pearl eit stykke opp elva for å hente Bjørn etter han hadde parkert bilen. I det skuta seig sakte opp Nidelva merka eg at folk vinka til meg. Folk i alle aldrar, med flagg og fløyter, vinka og smilte mot meg mens dei ropte “Hurra! Hurra! Hyll kongen i sin svarte perle! Hurra!” Ungar så vel som eldre deltok i hyllesten. Eg vinka attende, men då seig dei litt ihop. Dei trudde vel eg var Bjørn. Bjørn Florø-Larsen TV-Tryne har etterkvart blitt ein folkekjær kjendis og ein høgt akta mann her i Trondheim. Eg fekk plukka han opp og vi tuffa utover.
 |
Kapteinen på Black Pearl i sin kjendte habitt. (Foto: Sindre Bøe) |
Turen hadde berre eit mål. Få blåkjeft, og så rett inn igjen å drikke øl. Eller… Bjørn skulle vel vaske hus. For å være absolutt heilt sikre på at eg ikkje skulle dra med meg min uflaks og bad mojo in i dette forsøket, brukte eg Bjørns stong, snelle og takkel. Bjørn skar agnet, og Bjørn tredde det på. Desto mindre eg har med det å gjere, desto større sjanse har eg for å lukkast. For å auke sjansane endå meir, hadde Bjørn ofra sitt eige fiske, og skulle ligge å halde rett posisjon i både straum og vind.
Eg overlet ingenting til tilfeldigheitene, og ber Bjørn forklare metode på idiotsikkert detaljnivå. Eg tenkje det er beire å spør idiotisk enn å handle idiotisk. Instruksen var klar:
“Loddet skal ligge på bånn, men det skal være stramt! Men du må ikkje være over bånn! Ikkje la det hoppe opp og ned! Du må holde stanga litt over ripa, ikkje kvile på den! Bruk håndleddet og demp med! Når du kjenne han nappe så gi an ett sekund, ikkje mer en det! Tilslaget skal være hardt og momentant, men ikkje hiv stanga på sjøen, ikkje rive hode av fisken! Ikkje gi tilslag på hågjelnapp! Husk håndleddet nå! Kor e øla mi hen? Har dukje tatt me øl? Hold bånn! Husk håndleddet! Du vett det e blåkjeft når du kjennan, han riste på håve! Om du får an må du sveive jevnt, ikkje gi slakke! Ikkje ta pause! Ikkje for sakte, ikkje for fort! Ikkje ta pause ette tilslag! Ikkje gi slakke i overflata! Løft an så høgt du klare så eg får an i håven! Bruk håndleddet! Holde du bånn? Hold bånn! Hold kjeft!”
Full av prestasjonsangst, og med antydningar til hjarteflimmer, sat eg der og skalv. Livredd for å slurve med metoden, slik at blåkjeften smaug seg unna. Flekken eg fiska på virka å være omtrent 23 kvadratmeter, og kaptein TV-tryne manøvrerte kyndig fram og attende i skvulpande bølgjer.
“Vi prøve 5 minutt til her, og så ska vi flytta til en litt dypere plass der eg har hatt litt suksess tidligere. De står gjerne litt dypere tidlig på året.”
Deretter tuffa han kanskje 7 meter på skrått bortover, og konstaterte at der, akkurat der, var dagens smørauge. Det byrja å gå opp for meg kvifor eg aldri hadde fått noke før. Dette var jo stor presisjonssport, ja nærast ei kunstform. Som linedansing eller trekkspel. Om ein tek med dei detaljerte instruksjonane i tillegg, er det ikkje rart eg ikkje har lukkast tidlegare. Linedansing er vanskeleg. Trekkspel òg.
Med full merksemd i kartmaskina og på ekkoloddet, var det nærmast som om BP hadde DP. Slik låg vi i to timar, mens vinden og straumen tok seg opp. Eg klarte å slepe opp tre hågjel, den eine kroka med same kroken i begge brystfinnane. Dette styrkar min teori om at hågjel brukar “hendene” for å rykke i snøret på forskjellige måtar, og dette gjer den til ein meister i å imitere nappa til andre artar, som til dømes blåkjeft.
Men plutseleg kom det eit kjapt rykk. Og endå eit! Eg var sikkert litt kjapp, litt brutal, litt sveitt, og litt gal, men eg sette tilslag og byrja sveive umiddelbart. Og det beste: det sprella i andre enden!
“Ja. Der har du ‘an. Lett.”
Med spredte bein og med blikket festa rett i vatnet sveiva eg så jevnt og fint eg var i stand til. Etter tre hågjel var eg faktisk skjelven i muskulaturen. Snella til Bjørn er ei slik ei med fleire gir + revers. nett som ein traktor. Det høgste giret har ei utveksling på rundt 17:1. I alle fall kjendes det slik ut no.
Eg såg fisken, “klikk!” og skøyten stoppar i øverste toppring. Fisken er på nederste kroken. Det er ikkje hågjel, men det er alt eg rekk å sjå før eg må rygge bakover på dekk. Eg kunne ikkje stå der og måpe. Eg hugsa den viktige instruksen om å ikkje gi slakke i overflata, og måtte omtrent stå på tå med stonga rett i været for at fisken ikkje skulle få slakt snøre på nederste krok. Bjørn heiv seg halvveis over ripa med verdas minste håv, og vippa ein vakker spraglete fargeklatt elegant i nettet!
“Lett!”
 |
ÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆÆ!!!! (Foto: Bjørn Florø-Larsen) |
1140 gram og 42 cm. Litt tynn, men likevel ein utruleg flott fisk. Skuldrane senka seg. Vekke var alt av hjarteflimmer og angst, og eg trur faktisk eg gjekk litt ned i vekt no som byrda var letta.
 |
(Foto: Bjørn Florø-Larsen) |
 |
(Foto: Bjørn Florø-Larsen) |
 |
Søøøøøt… (Foto: Bjørn Florø-Larsen) |
Etter foto-, vekt- og måleseanse hadde eg litt lyst å ete den, men den var så tynn at eg fann ut den skulle få fridomen attende.
 |
Adjø, Deodorius! (Foto: Bjørn Florø-Larsen) |
Målet var nådd, og vi stima rett mot land igjen. Når vi skulle gå til bilen hadde det samla seg store folkemengder frå alle verdas land utanfor parkeringshuset. Alle vil ha ein bit av TV-tryne. Når vi fekk kjempa oss gjennom folkemassene gjekk Bjørn inn på bensinstasjonen i parkeringshuset og sa at om det var så dårlig vakthold, så kunne ikkje han bruke deira tenester meir. Han elskar tilhengjarane sine, og også framandt folk, men det må skje i trygge former. Her var det tydelegvis nokon som hadde tysta og varsla vår ankomst, og slikt kan skape skumle situasjonar, og skape kork i trafikkbiletet. Dette er ikkje akseptabelt.
 |
Bjørn forhandlar med den lokale. (Foto: Sindre Bøe) |
Etter ein kort samatale med bestyraren, fekk vi ordna politieskorte ut. Og i det vi køyrde ut or parkeringshuset og svinga inn på gata bak politibilen, rulla han ned glaset og lot folkemengdene sjå han i ein augneblenk. Han smilte. Han vinka. Dei vinka attende. Somme gret.
Takk for turen TV-tryne! Du hadde rett, det var lett.
(når du kan det)
Like this:
Like Loading...